Frist
11/09/2022

Søknad leveres
solvi.lien@fordefestival.no

Område
Vestland

Stillingstype
Privat
Firma
Fast
Heltid

Nettside


Kalender

Calle Mambo + supp: Cuculikochi

11/09/2024 Kl. 19:00

Oslo

Oslo Kulturnatt – Operatrikk 1

13/09/2024 Kl. 20:00

Oslo

Oslo Kulturnatt – Operatrikk 2

13/09/2024 Kl. 21:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Produsent

Førdefestivalen

Kan du tenkje deg å arbeide i ein av dei mest profilerte sjangerfestivalane i Norge? Førdefestivalen har ledig fast stilling som produsent (100%).

Førdefestivalen er den største festivalen i Skandinavia for akustisk folkemusikk og verdsmusikk, og er tildelt EFFE AWARD 2019-21 av European Festival Association, som ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger. Under slagordet ‘Verda kjem til Førde’ har festivalen i over 30 år invitert publikum i alle aldrar til å oppleve folkemusikk frå heile verda frå 30 store og små arenaer, inne og ute. Førdefestivalen har opparbeidd seg eit solid internasjonalt renommé, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk. Den internasjonale folkemusikkfestivalen vert arrangert over 5 dagar i juli (veke 27) kvart år. Førdefestivalen er og ein viktig heilårsarrangør gjennom Bornas Verdsdag Førde i november, konsertar heile året på FolkJazzScena og turnétilbodet VestaFolk. Administrasjonen (5,7 årsverk) ligg i Førdehuset, Førde.

Vi leitar etter den rette til å fylle ei meiningsfull, spennande og variert stilling, som er sentral i vidareutviklinga av Førdefestivalen.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Planlegging og gjennomføring av arrangement på festivalen og gjennom året
  • Kontraktar og kontakt med artistar og andre aktørar
  • Oppfølging av samarbeidspartar og -prosjekt
  • Innhenting av info og behov frå artistar, og kontakt med teknisk leverandør
  • Prosjektsøknader og -rapportar
  • Ansvar for prosjektbudsjett og innhenting av tilbod
  • Bidra i utviklinga av festivalen sitt digitale produksjonsverktøy

Vi ser etter deg som:

  • Har kompetanse innan arrangement, festivalarbeid og prosjektleiing
  • Har relevant høgare utdanning
  • Er strukturert og har fokus på kvalitet
  • Er engasjert og initiativrik, med stor arbeidskapasitet
  • Likar og har evne til å jobbe med fleire oppgåver parallelt
  • Har interesse for logistikk og gode løysingar
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Har kunnskap om og interesse for folkemusikk
  • Har godt språk munnleg og skriftleg på norsk (nynorsk) og engelsk

Fleksibel arbeidstid. Løn og andre vilkår etter avtale. Førdefestivalen nyttar nynorsk, og arbeidsstad er Førde.

Stillinga rapporterer til direktør. Tilsetjing så snart som råd.

Søknadsfrist 11. september.

For spørsmål, kontakt direktør Sølvi Lien på epost solvi.lien@fordefestival.no eller på tlf. 41 69 23 78

Send søknad med CV på epost til solvi.lien@fordefestival.no

Frist
11/09/2022

Søknad leveres
solvi.lien@fordefestival.no

Område
Vestland

Stillingstype
Privat
Firma
Fast
Heltid

Nettside


Konserttips Oslo