Frist
12/06/2022

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Deltid

Nettside


Kalender

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 17:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 21:00

Oslo

In Dulci Jubilo

10/12/2023 Kl. 18:00 - 19:30

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Dirigent/ instruktør, teaterpedagog, musikkterapeut

Sunnfjord kulturskule

Sunnfjord kulturskule er ein ambisiøs og nytenkande kulturskule med 470 elevar og 23 lærarar fordelt på 17 årsverk. Vi har nytt flott kulturskulebygg i tilknyting til Førdehuset (Sunnfjord si storstove for kultur og idrett) og vi gir tilbod innan musikk, visuelle kunstfag, folkedans, musikkterapi og teater. Undervisninga vert gitt også desentralisert.

Skulen er ein ettertrakta samarbeidspart for både det profesjonelle og det frivillege kulturlivet og har eit utstrakt samarbeid med lag og foreiningar, festivalar, barnehagar, skular og andre kommunale einingar. Under kulturskulen sin administrasjon ligg og den kulturelle skulesekken «Frå fjorden til breen».

Vi har fokus på kvalitet, samarbeid og sosiale rammer, og skal vere ein lærerik og god stad å vere for alle – frå breidde til spiss.

Vi har ledig fleire spennande stillingar:

Inntil 100 % stilling som dirigent/ instruktør (2. gangs utlysing).

  • Stillinga består av direksjon i fire korps – to skulekorps (eit brassband og eit janitsjar) og to vaksenkorps (eit brassband og eit janitsjar). I tillegg er det instruksjon av elevar i grupper. Stillinga er på 90 %, men kan aukast til 100 % avhengig av tilleggskompetanse (som treblås, administrasjon).
  • Den som søker bør vere ein miljøskapar i korpset, ha kompetanse som messing- treblås- eller slagverklærar og må like å bygge korps.

40 % stilling som teaterpedagog

  • Dette er ei nyoppretta stilling frå hausten 2022. Etter ei fantastisk, storslagen musikaloppsetjing i 2020 er det teaterfeber i regionen.
  • Sidan stillinga er ny får du moglegheit til å setje ditt personlege preg på tilbodet som består av gruppeundervisning for barn og unge i alderen 8-19 år. Undervisninga vert i den nye kulturskulen i Førde. Framsyningar inngår også i stillinga. Kulturskulen samarbeider med Teater Vestland om dette tilbodet.

Inntil 100 % stilling som musikkterapeut

  • Stillinga består i undervisning av barn, unge og vaksne med spesielle behov. Noko av undervisninga er desentralisert og i samarbeid med skular og omsorgsentra i kommunen. Noko undervisning individuelt og i grupper skjer på stort, fint musikkterapirom i den nye kulturskulen i Førde. Kordireksjonskompetanse vert vektlagt då Førde seniorkor og Førde internasjonale kor ligg til stillinga per i dag. Om du har kompetanse til musikkundervisning i ungdomsskulen, kan stillinga aukast til 100 %.

Vi tilbyr:

  • spennande, utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • flotte, tilrettelagde og nye arbeidslokaler
  • eit fag- og arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer i kulturskulen
  • mogelegheit for utvikling og påfyll av kurs etter ynskje og behov

Krav til søkar:

  • minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning med PPU – alternativt kan realkompetanse vurderast. Master i musikkterapi gjeld for musikkterapistillinga
  • du er sjølvstendig, initiativrik og fleksibel
  • du har gode samarbeidsevner og er god til å bygge relasjonar med både barn, unge og vaksne
  • du må ha førarkort og disponere bil
  • du må beherske norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi ber om at søkjarar nyttar vårt elektroniske søknadsskjema. Ver venleg å fylle ut søknaden så fullstendig som mogleg.

Om du ynskjer å søkje delar av stillingane og setje saman etter din kompetanse, er du velkomen til å gjere det. Beskriv i så fall kva delar du ynskjer i søknaden.

Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Deltid
Arbeidstid: Dag
Tiltreding: 01.08.2022

Kontaktpersonar:

Trude Skarvatun, mob: +47 415 05 970

Frist
12/06/2022

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Deltid

Nettside