Avdelingsleiar kultur – 100% vikariat
Stryn kommune
I samband med at ein våre tilsette skal ut i permisjon har vi ledig 100% vikariat som avdelingsleiar kultur i Stryn kommune. Vikariatet er på minimum 1 år fram til 31.07.2023 med oppstart etter nærare avtale.
Stryn kommune har stort fokus på kultur med eit vidt spekter av frivillige lag og organisasjonar som arbeider med kultur og idrett. Avdelingsleiar kultur har overordna ansvar for kulturavdelinga og personalansvar for leiarar innan fagfeltet; bibliotek, kulturskule og kulturhus.
Stillinga er knytt til skule- og kulturavdelinga med kommunalsjef for skule og kultur som næraste overordna. Søkarar som eventuelt er interessert i lavare stillingsprosent kan bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
- Kulturfagleg, økonomisk og administrativ leiing av kulturavdelinga
- Personalleiing og -ansvar
- Sakshandsaming og planarbeid innanfor kulturområdet
- Leggje til rette for kultur- og fritidstiltak for innbyggjarane, med mellom anna barne- og ungdomsarbeid, og i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar
Kvalifikasjonar
- Relevant kulturfagleg utdanning på universitets-/høgskulenivå
- God og inspirerande leiar med evne til å administrere, organisere og gjennomføre aktivitetar
- God data og IKT-kompetanse/erfaring
- God økonomiforståing/-styring
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og kreativ innan heile kulturfeltet
- Gode samarbeidsevner og skapar godt arbeidsmiljø
- Ein må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
- Har evne til å skape gode relasjonar både i og mellom avdelinga
- Har høg fagleg kompetanse innanfor ansvarsområdet
Vi tilbyr
- Variert og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetjing etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale