Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Koordinator/seniorrådgjevar (30 %) for POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk (UiB) er det frå 1. august 2022 – 31. juli 2023 ledig 30 % vikarstilling som koordinator/seniorrådgjevar for POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. Vikariatet vert lyst ut i samband med at klyngeleiar skal ut i eitt års forskingstermin. Klyngeleiar vil framleis ha det faglege ansvaret for klynga i perioden.
Om kunnskapsklynga POLYFON
POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi byggjer samarbeid mellom akademia, tenesteytande instansar og sivilsamfunn om brukarinvolvert og forskingsinformert implementering og utvikling av musikkterapi. Å sikre lik og rettferdig tilgang til musikkterapitenester, for dei som ønskjer og treng det, er eit hovudmål. Å etablere eit samspel mellom nasjonale føringar og lokale behov og mogelegheiter er ein viktig del av arbeidsmåten. Dette skjer gjennom utvikling av tenester, forsking, utdanning og formidling.
POLYFON er koordinert av UiB, gjennom GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, og byggjer samarbeidsrelasjonar mellom dei ca. 15 klyngedeltakarar som i dag er med i samarbeidet. POLYFON samarbeider også med andre kunnskapsklynger og med nasjonale kompetansemiljø. Samarbeidet omfattar praksisområda Barn og unges oppvekst, Psykisk helse- og rustenester og Eldrehelse. Nye område kan kome til.
Klynga er frå januar 2022 etablert som eit fast samarbeid, der ein også utvidar frå eit regionalt til eit nasjonalt nedslagsfelt.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett vil samarbeide med klyngeleiar og i delar av perioden også med ein ph.d.-kandidat, som i 25 % stilling vil bidra til den daglege koordineringa av klyngas arbeid. I tillegg er det tilsett ein administrativ koordinator i 60 % stilling og ein erfaringskonsulent i 20 % stilling. Desse vil arbeide i team og samarbeide om å støtte dei faglege samarbeidsrelasjonane som POLYFON skal byggje.
Arbeidsoppgåver kan beskrivast med to tyngdepunkt:
1) Arbeidsoppgåver knytte til realisering av klyngas faglege målsetjingar:
- Leggje til rette for utvikling av gode samarbeidsrelasjonar mellom dei involverte klyngedeltakarane, m.a. ved å følgje opp og ved behov delta i klyngas ulike samarbeidsorgan, som erfaringspanel og arbeidsgrupper
- Følgje opp klyngedeltakarane si tenesteutvikling, gjennom rådgiving og støtte
- Følgje opp deltakande organisasjonar om utvikling av forskingsstrategiar og ph.d.-prosjekt
- Gje råd til fagpersonar som ønskjer å utvikle forskings- og kvalitetssikringsprosjekt
- Vere i dialog med samarbeidspartane om kompetansebehov i feltet
- Bidra til og følgje opp klyngas kommunikasjonsarbeid
2) Arbeidsoppgåver knytte til teamsamarbeidet:
- Samarbeide med og følgje opp klynga sine administrative ressursar, for organisering av seminar, utlysing og tildeling av prosjekt- og formidlingsmidlar, o.a.
- Samarbeide med og følgje opp klyngas erfaringskonsulent og leggje til rette for prosessar som sikrar involvering og samskaping i klyngesamarbeidet.
I stillinga kan det liggje arbeidsleiing, men ikkje personalansvar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare utdanning på masternivå innan musikkterapi, eller anna relevant fagfelt innan helse og sosial, som t.d. psykologi, medisin eller sosialt arbeid. Ettersom POLYFON-samarbeidet i stor grad involverer forskingsrelaterte problemstillingar, vil søkjarar med doktorgradskompetanse verte føretrekte.
- God kjennskap til heilskapen i musikkterapifeltet, og kunnskap til tilgrensande felt som psykologi, medisin og sosiologi.
- Erfaring frå musikkterapeutisk praksis eller annan yrkespraksis innan helse og sosial.
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid og arbeid på systemnivå er ein fordel.
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
- God kjennskap til det norske samfunn og god kompetanse i norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- God evne til formidling, munnleg og skriftleg, gjerne med kompetanse også på kommunikasjon på nettsider og i sosiale medium.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
- Stilling som seniorrådgjevar (kode 1363) i lønnssteg 65 – 72 (løn kr. 594 300 – 677 600 brutto i året i fulltidsstilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar, kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Relevante vitnemål og attestar
- Samandrag av masteroppgåva (eventuelt ph.d.-avhandlinga)
- Namn og kontaktinformasjon til tre referansar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Randi Rolvsjord på tlf. + 47 55 58 73 00/+ 47 97514878 eller til klyngeleiar Brynjulf Stige på tlf. + 47 97169746.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.