Frå 1.august 2022 har vi ledig inntil 100 % fast stilling som musikklærar.
Skulen fekk i 2015 ny musikkavdeling med studio, bandrom og øvingsceller.
Vi søkjer ein person med ei brei og heilskapleg tilnærming til musikkfaget, og med grunnleggande kompetanse på bruk av data og musikkprogram både «live» og i produksjon.
Aktuelle fagområder er besifringsspel på gitar og piano, songteknikk, musikkteori/høyrelære, samspel/band, kor, låtskriving og studioarbeid.
Musikklærar er knytt opp mot linjene «Musikk.Friluft» og «Låtskriving.Studio», og det vil vere ein fordel om søkjar også har interesser og erfaring innanfor friluftsliv.
Balansen mellom linjetid til musikk og friluftsliv på linja «Musikk.Friluft» er i utgangspunktet tenkt i eit forhold 70/30, men fordelinga kan variere frå veke til veke. Mykje av musikkundervisninga for dei to linjene vil vere felles, og når «Musikk.Friluft» er på tur med friluftsopplegg, vil «Låtskriving.Studio» ha fokus på sitt spesifikke område med musikklærar eller innleigde folk.
Som musikklærar vil ein ha linjelærar-funksjon for elevane på begge linjene med elevsamtaler og oppfølging (totalt ca 15-20 elevar).
I tillegg til arbeidet på linja, går musikklærar inn i eit arbeidsfellesskap med ansvar for fellesfag, valfag og sosialpedagogisk arbeid.
Det er difor interessant å vite om søkjar også har andre interesser eller områder ein kan tenkje seg å undervise i eller jobbe med.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper ved tilsetjing og at søkjaren har kjennskap til KFUK-KFUM og identifiserer seg med skulen sitt kristne verdigrunnlag.
Ved tilsetting må det leggast fram politiattest.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaler.
Gode pensjonsordningar.
Søknad med CV sendast digitalt til:
Sunnmøre Folkehøgskule
v/rektor post@sufh.no
Søknadsfrist: 13.03.2022.
Spørsmål kan rettast til rektor Arnt Ole Grimstad tlf. 7000 9600 mobil 928 12 216 e-post aog@sufh.no