Festivalmedarbeidar

Førde internasjonale folkemusikkfestival

Er du vår nye festivalmedarbeidar?

Førdefestivalen er på jakt etter ein engasjert og strukturert person til eit engasjement som festivalmedarbeidar. Vi ønskjer å skreddarsy innhaldet i stillinga til den som får jobben, men viktige arbeidsoppgåver vil vere å ta ansvar for billettsystemet, drive salsarbeid og organisere frivillige på billettkontoret. I tillegg kan du bli involvert i festivalen sine ulike prosjekt og få enkle administrative oppgåver.

Engasjementet høver for deg som har lyst til å jobbe med musikk og kultur i eit kreativt miljø. Vi ønskjer oss ein handlekraftig og sjølvstendig person, som brenn for å skape kvalitetsopplevingar for publikum i alle aldrar. Du må takle ein bransje med tidvis høge arbeidstoppar, og kunnskap om folkemusikk er ein fordel. Du må gjerne snakke andre språk, men skriftmålet i festivalen er nynorsk.

Stillinga er eit engasjement i 50% frå 15. februar 2022 til 31.desember 2022, men kan bli forlenga. Arbeidsmengda i stillinga vil vere skeivfordelt, med fulltid periodar av vårhalvåret og redusert tid resten av året.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Per Idar Almås, Direktør, Mobil915 45 603, E-post: peridar.almaas@fordefestival.no

Om arbeidsgiveren

Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. Festivalen er eit av dei største fleirkulturelle arrangementa i Norge, og går over 5 dagar i juli kvart år. Førdefestivalen driv også turnékonseptet VestaFolk, arrangerer Bornas Verdsdag Førde og konsertserien FolkJazzScena gjennom året. Administrasjonen ligg i Førdehuset, Førde.


Flere saker Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio