Frist
21/05/2021

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.



Kalender

Calle Mambo + supp: Cuculikochi

11/09/2024 Kl. 19:00

Oslo

Oslo Kulturnatt – Operatrikk 1

13/09/2024 Kl. 20:00

Oslo

Oslo Kulturnatt – Operatrikk 2

13/09/2024 Kl. 21:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Eksamenskonsulent (førstekonsulent)

UiB – Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

 

Førstekonsulent

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 100 % fast stilling som eksamenskonsulent, særleg tilknytt Griegakademiet – Institutt for musikk.

Som eksamenskonsulent inngår du i ei studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar på fakultetet. Stillinga rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med fagmiljøet, og med studentar på Griegakademiet. Meir informasjon om fakultetet finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd

Arbeidsoppgåver:

Det er svært varierte format på eksamenane som skal avviklast ved Griegakademiet – Institutt for musikk, frå individuelle utøvande og praktiske prøvar, til meir tradisjonelle skriftlege eksamenar. Eksamenskonsulenten har ansvar for:

  • Planlegging og gjennomføring av eksamen og vurdering.
  • Samarbeid og koordinering av prosessane saman med studieadministrasjon, fagmiljø og eksterne aktørar (Festspillene, NattJazz, mfl.).
  • Tett samarbeid med produsent om planlegging og gjennomføring av arrangement i samband med eksamen.
  • Samarbeid om studieplanar og emnebeskrivingar m.o.t. vurderingseiningar (kva er vurderingseiningar?)
  • Kontroll av fullførte obligatoriske arbeidskrav og progresjon (FS) for studentar, i samarbeid med studiekonsulentane.
  • Studentrettleiing i forbindelse med eksamen.
  • Sakshandsaming.
  • Kontakt og informasjon til eksterne sensorar, inkl. honorar og bestilling av reiser (sensorrettleiing).
  • Sikre lokalitetar for eksamensavviklinga.
  • Informasjonsdeling (planverk, nettsider, Mitt UiB).
  • Inngå i studienettverk ved fakultetet og UiB.
  • Inngå i studieadministrative arbeidsgrupper på tvers, prosjektstøtte.

Den som vert tilsett må og rekne med å bidra med utvida sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Fakultetet søker ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet. Musikkfagleg bakgrunn eller erfaring frå tilsvarande utdanningar er ein føremon.

  • Søkjar må ha høgare relevant utdanning på minimum bachelornivå, helst innanfor relevant fagområde for stillinga. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravet.
  • Søkjar må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Kjennskap til eller røynsle frå musikk- og kulturfeltet i universitets- og høgskulesystemet er ein føremon.
  • Røynsle frå det studieadministrative arbeidsfeltet i universitets- og høgskulesystemet og/eller anna offentleg forvaltning er relevant
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er ein føremon (særleg Ephorte, FS, Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøy.
  • Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. Til dømes:
    Sjølvstendig, strukturert, nøyaktig.
    Trivst med detaljarbeid, og kan sjå arbeidet som en del av heilskapen.
    God evne til å planlegge, koordinere og gjennomføre arbeidsprosessar.
    Positiv, serviceinnstilt og imøtekomande.
    Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
    God evne til å handtere store arbeidsmengder og høg aktivitet med tidsfristar.
    Motivasjon for arbeidet, forståing av ansvar og resultatorientering.

Vi tilbyr:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning og det profesjonelle musikkfeltet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408/LR 21) med løn kr. 451 700 – 490 600 (lønssteg 50 – 55). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Søknadens skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Frist
21/05/2021

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.



Konserttips Oslo