Dagleg leiar
Storfjord Kulturhus SA
Dagleg leiar – Storfjord Kulturhus SA, Stranda på Sunnmøre.
I samband med at vår vaktmeister, kinosjef og altmulegmann går av med pensjon, vil noverande leiar, som også nærmar seg pensjonsalder, gå over i hans stilling for å gi rom for ny dagleg leiar i Storfjord Kulturhus på Stranda, Sunnmøre.
- Storfjord Kulturhus er regionalt kulturhus for kommunane Fjord, Stranda og Sykkylven, og er i dag drive som eit samvirkelag, eigd av privatpersonar, verksemder, kommunar, lag og organisasjonar. I tillegg til å vere arrangør av konsertar, teater- og kinoverksemd, driv kulturhuset i stor grad utleige av lokale til messer, konferansar og møter av alle slag. Vi driv og utleige av lokale til kommunal kulturskule og folkebibliotek.
- Vi leitar etter ein person som, i tillegg til å vere kulturinteressert, har kunnskap om leiing av ei lita verksemd når det gjeld enkel forretningsdrift og handsaming og tilrettelegging av bilag for ekstern forretningsførar.
- Vår nye daglege leiar skal ha ansvar for program og marknadsføring i kulturhuset, og det er ønskeleg at ein har teknisk kunnskap når det gjeld avvikling av konsertar med digital lyd- og lysproduksjon.
- Vår nye daglege leiar kan ikkje rekne med fast arbeidstid. Kulturarrangement går ofte føre seg på tider då andre har fri, og ein må rekne med ein god del helgearbeid.
- Ein må, i tillegg til det administrative arbeidet, rekne med å ta del i billettering, enkel matlaging, servering, rigging, rydding og andre forefallande oppgåver i eit lite kulturhus.
- Ein må vere glad i menneske og det er ein fordel om søkjarar ser på oppgåva som ein livsstil like mykje som ein jobb. Opparbeidd overtid vert avspasert i rolege periodar.
- Stillinga er ledig frå 1. september, 2021. Løn etter avtale.
- Søknadsfrist 15. mai, 2021.
Ta gjerne kontakt med dagleg leiar Sigurd Drege på telefon 90 64 62 00 for meir informasjon, eller send søknad på epost til post@storkultur.no

Foto: VassbotnHuset ligg i hjartet av Stranda sentrum, og vart opna i november 1999.
I tillegg til kino-/konsertsal med sitjeplass til 300 menneskje i amfi, inneheld huset fleire mindre møtesalar, konferanserom, kafe, kunstutstilling, folkebibliotek og parkeringskjellar.
Kulturhuset er eigd av Stranda kommune. Samvirkelaget Storfjord Kulturhus SA står for drifta, og dagleg leiar er Sigurd Drege.
Foto: Vassbotn
I tillegg til å vere den naturlege møtestaden for kino, teater, dans, utstillingar og konsertar av alle slag, skreddersyr vi arrangement i ymse storleikar – frå små møte til selskap, stemne og konferansar med inntil 300 deltakarar.
Vi syter sjølvsagt også for servering av lunsj- og middagsrettar, og stiller med skjenkeløyve når det er ønskjeleg.