Frist
14/02/2021

Søknad leveres
post@nynorsk.no

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Privat
Institusjon
Engasjement
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Festspela er ein årleg festival, som har blitt arrangert sidan 1992. Språkmangfald og litteratur blir feira med eit rikt program gjennom fire dagar i juni. Stiftinga Nynorsk kultursentrum står bak festivalen. Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.   

 



Kalender

Islandsk utbrot i Bergen

24/02/2024 Kl. 18.00

Vestland

Lørdagsopera i Posthallen

24/02/2024 Kl. 16:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

24/02/2024 Kl. 19:00

Oslo

DUESUND

28/02/2024 Kl. 20:00

Vestland

Legg til arrangement
Se alle

Engasjement som festivalprodusent

Nynorsk kultursentrum

Vil du vere med og arrangere Festspela i Ørsta, Volda og på nett 10.-13. juni 2021? Vi har ledig prosjektstilling med fleksibel arbeidsstad. 

Arbeidsoppgåvene er blant anna 

  • kontakt og avtalar med utøvarar (inkl. reise og overnatting) 
  • utarbeiding av produksjonsplan 
  • koordinering av medarbeidarar og frivillige 
  • bidrag og innspel til marknadsføring og program 

Vi ser etter deg som er strukturert og vil arbeide for at gjestene ved Festspela får gode kulturopplevingar av høg kvalitet, og at dei gjerne vil kome att. Det er ein fordel å vere strukturert, vere van med digitale reiskapar og ha forståing av arbeid med budsjett, planar og retningslinjer. Interesse for litteratur og språk er ein fordel i arbeidet.  

Aktuell utdanning og erfaring kan vere frå kulturfaglege eller administrative studiar 

Kompetansekrav: 

  • høgare utdanning   
  • erfaring frå festivalar og arrangement 

Den som blir tilsett, må rekne med nokre reiser og noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.  

Stillinga er ledig frå 1. mars 2021 til og med 30juni 2021. Oppstartstidspunkt kan vere fleksibelt. Kontorstad er i utgangspunktet ved Aasentunet i Ørsta, men Nynorsk kultursentrum er også open for fleksibel arbeidsstad. Ein må rekne med å vere i Ørsta mellom 7. og 13. juni som eit minimum. Den som får stillinga, kan få tilbod om forlenging av engasjementet eller fast stilling i Nynorsk kultursentrum. 

Grip sjansen! Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument seinast 14. februar 2021 til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. 

Har du spørsmål om stillinga? Kontakt Olav Øyehaug Opsvik, arenaleiar ved Aasentunet: tlf. 97 13 01 53 / e-post olav.opsvik@nynorsk.no

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga. 

Frist
14/02/2021

Søknad leveres
post@nynorsk.no

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Privat
Institusjon
Engasjement
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Festspela er ein årleg festival, som har blitt arrangert sidan 1992. Språkmangfald og litteratur blir feira med eit rikt program gjennom fire dagar i juni. Stiftinga Nynorsk kultursentrum står bak festivalen. Stiftinga Nynorsk kultursentrum formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur digitalt, med arrangement og utstillingar i heile landet og ved arenaene Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje i Telemark.