Frist
22/11/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.



Kalender

Operapub på Grønland Boulebar

24/02/2024 Kl. 19:00

Oslo

Islandsk utbrot i Bergen

24/02/2024 Kl. 18.00

Vestland

Opera og Gourmet på Ekebergrestauranten

28/02/2024 Kl. 18:00

Oslo

DUESUND

28/02/2024 Kl. 20:00

Vestland

Legg til arrangement
Se alle

Studiekonsulent/ Studiekoordinator

UiB – Fakultet for kunst, musikk og design (KMD)

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 100 % fast stilling som studiekonsulent/studiekoordinator. Stillinga er særskild knytt til studieprogrammet Bachelor i utøvande musikk eller komposisjon, og Master i utøvande musikk og komposisjon ved Griegakademiet – Institutt for musikk. Stillinga vil også kunne relaterast til andre studierelaterte prosessar ved fakultetet.

Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmd

Som studiekonsulent inngår du i ein studieadministrativ gruppe på om lag 10 medarbeidarar på fakultetet. Studiekonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med programstyreleiar og fagmiljø, og med studentar på Griegakademiet.

Arbeidsoppgåver:

  • Følgje opp studentane ved studieprogramma, mellom anna bidra med rettleiing og informasjon om undervisning og studiekvardag.
  • Samarbeid med studieprogramleiinga og fagleg tilsette om oppgåver knytt til gjennomføring av studiet, kvalitetssikring/-utvikling, læringsmiljø.
  • Greia ut og førebu saker innanfor ansvarsområda. Utviklingsarbeid.
  • Administrativt bindeledd mellom programnivået og andre nivå ved fakultetet.
  • Sakshandsaming og vedlikehald av arkiv og studiedata (ePhorte, FS, Mitt UiB, mm).
  • Koordinere arbeid med emne- og studieplanar (FS, EpN, nettsider).
  • Koordinere arbeid med årsplanlegging og timeplanar mellom fakultetsfunksjonar og fagmiljø/- leiing.
  • Støtte i studieadministrative prosessar, som opptaksarbeid av studentar, studentmobilitet/internasjonalisering, eksamensavvikling og korrektur av vitnemål.

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må òg rekne med å gjere generelt sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Fakultetet søkjer ein erfaren medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet. Musikkfagleg bakgrunn eller erfaring frå tilsvarande utdanningar kan være ein føremon.

  • Søkjar må ha høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande utdanning, helst innafor relevant fagområde for stillinga. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Den som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • God kjennskap til, eller røynsle særleg frå musikk- og kulturfeltet i universitets- og høgskulesystemet er eit føremon. Også røynsle frå skuleverket og kulturskulen kan være relevant.
  • Generell røynsle frå det studieadministrative arbeidsfeltet i universitets- og høgskulesystemet og/eller offentleg forvaltning generelt er relevant.
  • God kjennskap til feltet vi utdannar våre kandidatar til.
  • Det er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles
  • Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er ein føremon (særleg Ephorte, FS, Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøy.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga, til dømes:

  • Sjølvstendig, strukturert og resultatorientert.
  • God evne til å planlegge, koordinere og gjennomføre arbeidsprosessar.
  • Positiv, serviceinnstilt og imøtekomande.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • God evne til å handtere stor arbeidsmengd og høg aktivitet med tidsfristar.
  • Interesse for fagfeltet, studentar og tilsette.
  • Motivasjon og personlege eigenskapar vert tillagd stor betyding.

Vi kan tilby:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning og det profesjonelle musikkfeltet.
  • Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving.
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) med løn kr. 474 500 – 516 400 (lønssteg 53 – 58). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uib

Generell informasjon:

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Meir informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Frist
22/11/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Om virksomheten

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.