Frist
01/11/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Velkommen til fagre Sogn!

Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.

Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.



Kalender

Karethe Eriksen // Hos Solveig

31/10/2020 Kl. 19.00 og 21.30

Viken

Opera for Kidsa – OPERA

01/11/2020 Kl. 14.00

Innlandet

Popquiz på Røverstaden

02/11/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Kulturhusleiar

Sogndal kulturhus

Frå komande årsskifte vert Sogndal kulturhus AS ein del av den kommunale kulturavdelinga. Det skjer samstundes med fleire utviklingstiltak; m.a. etablering av ein permanent klubbscene Blaoboxen, teknisk opprusting av storsalen og eit tettare samarbeid med bibliotek og kulturskule, som òg held til i huset. Målet er òg at det skal etablerast eit galleri, og at fleire regionale og nasjonale produksjonar bruker huset. Ein hovudaktivitet for kulturhuset er drift av Sogndal kino, med 3 kinosalar. Ikkje mindre enn 15 gonger er kinoen kåra til Årets kino i Norge, sidan huset opna i 1991.

Til å leia kulturhuset er det no ledig 100 % stilling som kulturhusleiar med produksjonsansvar.

Arbeidsoppgåver:

Er du kulturleiaren som saknar å delta aktivt i produksjonar? Eller er du kulturprodusenten som ynskjer ein tydlegare leiarposisjon? Då er kanskje dette stillinga for deg. Tidlegare kulturhussjef har nyleg gått av med pensjon og Sogndal kommune søkjer no kulturhusleiar med produksjonsansvar. Saman med kinosjef og marknads- og arrangementsansvarleg får du ansvar for å utvikle kulturhuset vidare. Organisatorisk vil du arbeide tett med kulturskulerektor og biblioteksjef, som held til i kulturhuset, og alle desse leiarane har kulturleiar som sin overordna.

Som kulturhusleiar skal du:

  • styre og leie drifta av kulturhuset,
  • syte for strategisk utvikling i samsvar med planar
  • sikre god økonomistyring
  • sikre god kommunikasjon internt og eksternt
  • vera nærast leiar til dei andre heiltidstilsette og om lag 15 deltidstilsette
  • ta del i praktisk arbeid knytt til arrangement

Kvalifikasjonar:

Vi søkjer deg med leiarkompetanse og erfaring ifrå praktisk kulturproduksjon og arrangementsarbeid. Det er òg ynskje at du har relevant høgare utdanning. Interesse og kunnskap om økonomi og god personalforvaltning, er ei føremon. Krava kan fråvikast ved lang og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid.

  • Eit glødande engasjement for å utvikle kulturhuset saman med andre aktørar
  • Kjennskap og erfaring med kulturarbeid
  • Evna til å kommunisere godt skriftleg og munnleg
  • Evne til å ta initiativ og vere ein trygg og utviklingsretta medspelar

Personlege eigenskapar:

  • God kunnskap og interesse for kulturarbeid generelt og kulturhusarbeid spesielt
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Leiarerfaring med gode resultat
  • God kjennskap til offentleg sektor
  • Kjennskap til offentlege og private tilskots- og støtteordningar på kulturfeltet

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Ei kultureining der vi set utvikling i høgsetet for å oppnå faglege resultat til beste for innbyggjarane våre
  • Ei sjølvstendig stilling med stort ansvar for å sikre ei positiv utvikling

Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert teke i betraktning.

Frist
01/11/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Vestland

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Velkommen til fagre Sogn!

Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.

Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.



Stillinger

Førsteamanuensis II i klarinett

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis i musikkvitenskap

NTNU – Institutt for musikk

Kulturhusleiar

Sogndal kulturhus

Salgs- og publikumsansvarlig

Arktisk Filharmoni

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev