Frist
10/10/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det ligg fram føre konkrete planar om bygging av ny arbeidskyrkje.

Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet, og det er godt samarbeid med lag og organisasjonar. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.

Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan / 80%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), kyrkjelydspedagog (100%), kyrkjetenar (35%), klokkar /(13%), sekretær (80%) og b/u-arbeidar (10% ) I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og 20% stilling knytt til barnehagen.

Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.

Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune på Sunnmøre. Kommunen er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod, samt Sunnmøre Folkehøgskule og vidaregåande skule. Kommunen har stor folketalsvekst, og har eit innbyggartal på over 8800. Befolkninga er ung og i skulen er meir enn 30 nasjonalitetar representert.



Kalender

Fiolinens gullalder

26/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Knut Vaage: multiMORF remix vol 1

26/09/2020 Kl. 20:00

Vestland

Ghazal- og qawwali-kveld

26/09/2020 Kl. 18:00

Oslo

Høstlandskap

26/09/2020 Kl. 16:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Kantor

Ulstein kyrkjelege fellesråd

Vi søkjer etter ein engasjert kantor / kyrkjemusikar som kan vere med å gjere visjonen vår, Ulstein kyrkje – saman på ferda, verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein.

Som kantor i Ulstein kan ein bygge på eit rikt kulturliv, gode samarbeidsrelasjonar med lokale musikkarar og ein mangfaldig kultur for kor og allsong.
I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til presten.
Kantoren er leiaren for kyrkjelyden sitt musikkarbeid og må kunne handtere instrument som piano og orgel profesjonelt.

Kyrkjelyden driv kor, både for barn, ungdom og vaksne og kantoren har ei sentral rolle i å inspirere kora. Det er ønskjeleg at kantoren har ei brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelyden i salmessong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette.
Kantoren er også ein viktig ressurs i kyrkjelyden sitt arbeid med konfirmantar, trusopplæringa og det frivillige barne- og ungdomsarbeid.

Kantoren vil bli blir del av ein kreativ og kompetent stab, der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre og med frivillige medarbeidarar. Samhandlinga mellom sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet. Kyrkja har godt samarbeid med mange aktive kristne lag og organisasjonar som speidar, KFUK-KFUM, KRIK, søndagsskulen og misjonsorganisasjonane.

Arbeidsoppgåver

Kantoren leiar soknet sitt musikk- og kulturarbeid gjennom:

• Å leie kyrkjelyden i song og musikalske uttrykk i gudsteneste, kyrkjelege handlingar, andaktar og andre samankomster
• Å drive korarbeid og fremje allsong
• Å samarbeide bredt med lokale musikkrefter
• Å ta vare på gamle tradisjonar
• Å fornye musikalske og kulturelle uttrykk
• Å rekruttere og rettleie frivillige
• Å bygge fellesskap i kyrkjelyden
• Å fremje konsertaktivitet i kyrkjerom Å samarbeide med frivillige organisasjonar

Kvalifikasjonar

• Vi søkjer ein kantor med god fagleg bakgrunn og kyrkjemusikalsk kvalifikasjon.
• Søkjarar med annan relevant utdanning eller bakgrunn er også velkomen til å søkje
• Det vert vist til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorer» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
• Meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper

• Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er eigna for stillinga, og vi vi har forventningar til at kantoren har:
• Evne til å inspirere og til å skape songglede
• Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab, frivillige og musikalske aktørar
• Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja sin plass i lokalsamfunnet Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel

Vi tilbyr

• Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
• Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
• Høve til å profilere seg som musikkar
• Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon Orgelet i Ulstein kyrkje er eit mekanisk sløyfelade-orgel, bygd av Paul Ott i 1976.Ombygget / utvida i 2007. Setzer-anlegg for førhandsregistrering. Orgelet har idag 19 stemmer.

• I desember 2019 fekk kyrkja eit nytt Steinway K-132 piano
• Løn etter regulativ i KA
• Pensjons- og forsikringsordninger i KLP Ulstein kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift

Anna

• Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
• Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
• Tiltreding i stillinga 1. januar 2021.
• Les meir om Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no
• Søknad sendes via Webcruiter

Ulsteinvik er ein attraktiv stad å bu i, med ein fantastisk natur rundt som byr på alt frå surfing på Flø, til tindeklyving i Sunnmørsalpane og kort veg til populære skianlegg. Det urbane er tilgjengeleg i bygdebyane og Ålesund, og det er kort veg til to flyplassar. Kommunen har full barnehagedekning og gode tilbod innan skule og fritidsaktivitetar, og ei etablert kulturskule. Med moderne kulturhus, bibliotek, svømmehall, klatrehall, og mange moderne idrettsanlegg som er heimebane for bl.a. fotballklubben Hødd og Dimna IL, har Ulsteinvik det som skal til for å vere ein framtidsretta plass.

Kontaktinformasjon

Christfried Kaul
Kyrkjeverje
91696820
70017683

Frist
10/10/2020

Søknad leveres
Søknadsskjema

Område
Møre og Romsdal

Stillingstype
Offentlig
Institusjon
Fast
Heltid

Nettside


Om virksomheten

Ulstein har ei soknekyrkje og ein gravplass lokalisert i Ulsteinvik. Det ligg fram føre konkrete planar om bygging av ny arbeidskyrkje.

Ulstein sokn er ein av kyrkjelydane med størst oppslutning om gudstenestene i landet, og det er godt samarbeid med lag og organisasjonar. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.

Kyrkjekontoret har eigne lokale like ved kyrkja og rådhuset. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan / 80%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), kyrkjelydspedagog (100%), kyrkjetenar (35%), klokkar /(13%), sekretær (80%) og b/u-arbeidar (10% ) I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og 20% stilling knytt til barnehagen.

Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med kommunen. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.

Ulstein sokn har samanfallande grenser med Ulstein kommune på Sunnmøre. Kommunen er senter for eit sterkt maritimt miljø, og har godt utbygt handels- og servicetilbod, samt Sunnmøre Folkehøgskule og vidaregåande skule. Kommunen har stor folketalsvekst, og har eit innbyggartal på over 8800. Befolkninga er ung og i skulen er meir enn 30 nasjonalitetar representert.



Stillinger

Direktør

Fond for utøvende kunstnere

Markedskoordinator

Det Norske Blåseensemble (DNBE)

Forretningsutvikler

Sørf – Sørnorsk kompetansesenter for musikk

Førsteamanuensis i fløyte

Norges musikkhøgskole

Førsteamanuensis i klarinett

Norges musikkhøgskole

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev