BLI KJENT MED LANDSBYEN I HAVET !
Fedje — Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 2 timar. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!
Fedje kommune søkjer vikar for kulturskulerektor med undervisning
Fedje kommune har ledig 40% vikariat som kulturskulerektor med undervisning frå snarast, til og med 31.07.2021.
Fedje kulturskule er ei lita eining som har tilbod innan musikk, kunst og teater, samt avtale om dirigenttenester for skulekorpset. Eininga har berre denne eine faste stillinga, men har nokre midlar til å hyre inn andre lærekrefter. Me er difor ute etter ein multikunstnar som kan undervise innan fleire instrument eller fleire kulturfag, samt å ta seg av det naudsynte administrative arbeidet. Stillinga gjev stor fridom og krev stor sjølvstende. Kulturskulen ligg under fellestenester, saman med blant anna bibliotek og kommunikasjon.
Me søkjer deg som:
- Har relevant pedagogisk og musikkfagleg eller kunst/kulturfagleg utdanning
- Kan undervise innan minst eit av instrumenta kulturskulen tilbyr undervisning i: Song/vokal, piano/keyboard, messinginstrument, slagverk, gitar, trekkspel, evt direksjon musikkorps
- Har relevant erfaring, gode pedagogiske evner og får god kontakt med barn og unge
- Er strukturert og sjølvstendig i administrativt arbeid
- Kan skrive og snakke godt norsk
- Har eit hjarte for kulturskulen og ønsker å få til noko saman med bibliotek, frivillige, skule/barnehage og andre!
Me tilbyr:
- Gratis barnehage!
- Særs god pensjonsordning gjennom KLP (arbeidstakar vert trukke 2%)
- Hjelp til å skaffe bustad
- Eit rikt kulturliv på ei lita øy
- Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
- Det gode liv i landsbyen i havet!
Arbeidstid kan vere både dag og kveld. Alle som skal undervise må leggje fram politiattest utan merknad før ein tiltrer stillinga. Tiltreding snarast.
For meir informasjon, ta kontakt med leiar fellestenester Dagrun Gunnarson, dagrun.gunnarson@fedje.kommune.no, tlf 56165107 / 952 42371
Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen i havet! Link til søknadsskjema: Send søknad
For mer informasjon kontakt: , Dagrun Gunnarson, Tlf: +47 56165107, Mobil +4795242371, Epost: dagrun.gunnarson@fedje.kommune.no