Ballade har fått låne dette intervjuet av skribent og redaktør Audun Stokke Hole i Folkemusikk, magasinet for folkemusikk og folkedans.
– Eg har alltid vore ein reisande person, byrjar Ane Carmen Roggen.
Kanskje ikkje så rart, då, at ho vil møte Folkemusikk på Chillout i Markveien. Den kombinerte kafeen og reisteutstyrsbutikken er gjerne første stopp om ein skal ut i verda, men Ane skal ikkje så langt denne gongen. Dagen etter intervjuet vårt skal ho byrje i ny jobb som dagleg leiar for Riksscenen, to kvartal nedi gata frå her vi sit.
Den nye sjefen for Riksscenen er utdanna musikkvitar med etnomusikologi frå universitet i Oslo, New York City og Guanajuato i Mexico.
Frå 2007 til 2018 jobba ho i Rikskonsertane (frå 2016 Kulturtanken) – der jobba forresten òg den nypensjonerte Riksscene-sjefen Helge Skansen.
Det siste året har Ane vore leiar i JM (Jeunesses Musicales) Norway, ein organisasjon som arbeider med å skape musikkprosjekt for ungdom.
JM-prosjektet Ethno Norway, med internasjonale treff for unge tradisjonsberarar mellom anna på Voss og i Førde, har mange norske folkemusikarar etter kvart vore innom.
– Eg har møtt mange folkemusikarar i jobben gjennom åra. Men sjangerbakgrunnen min er brei heller enn spesialisert, held ho fram.
Som produsent i Rikskonsertane jobba ho mest med samtidsmusikk, klassisk og verdsmusikk, større sceniske produksjonar og festivalkonsept. Som musikar har ho mellom anna turnert i Brasil med eit repertoar av lundus og modinhas, ein folkeleg visetradisjon som var eit viktig steg på vegen fram mot moderne samba.
Mellomnamnet røper opphavet: Far til Ane Carmen er spansk, og noko av interessa for musikalske samanhengar arva ho kanskje frå han.
Det byrja med «den atlantiske musikkulturen», som ho seier – dei sterke musikalske banda som oppstod med trekanthandelen mellom Europa, Afrika og Amerika. Nyleg har ho byrja å danse forró, ein brasiliansk dansetradisjon som har både durspel og byt-om-fot-steg til felles med vår heimlege gammaldans.
Inviterer til dialog
Samanhengar kan gjerne føre ein ut i ytterkantane av musikksjangrar. Men no, like før arbeidet på Riksscenen tek til, er det kjernen, det inste av norsk tradisjonsmusikk, Ane sit og fordjupar seg i.
Interessa hennar for heimleg folkemusikk er blitt stadig større med åra, understrekar ho.
– Det er eit veldig spennande landskap å bli kjend med. Når ein utøvar spelar ein munnleg tradert tone som treffer øyret ditt i dag, skjer det ei kopling på tvers av tid, som om det er ei lang rekke med hender i ei kjede som treffer handa di. Det er … mystisk, uttrykker ho det.
Ho minnest ein konsert på Riksscenen ho var på. Duoen Sudan Dudan sleppte plate, og hadde invitert med seg den svenske trioen Triakel.
– Dei to gjorde kvar si tolking av folkevisa «Harpa», eller «Dei to systrene». Det var fint å møte same forteljinga frå to forskjellige vinklar – det viser kva for moglegheiter som finst når ein skal programmere eit hus som Riksscenen.
Som musikar var tidlegmusikken – grovt sagt mellomalder-, renessanse- og barokkmusikk – noko av det første Ane fordjupa seg i. Her er det mykje felles estetikk med folkemusikken, seier ho.
– Eg kjenner att mykje av intonasjonen, krullinga, stemmebruken. Eg blir aldri lei denne musikken, det rytmiske drivet, den harmoniske og melodiske leiken. Eg kjenner att så mykje av dette i den europeiske tradisjonsmusikken, kjenner at han treffer så mange av dei same strengene.
Ho har enno mykje å lære, erklærer ho, og ho vonar at alle i Folkemusikk- og Folkedans-Noreg vil dele av kunnskapen sin.
– Her har både enkeltpersonar, familiar og organisasjonar jobba iherdig, over så mange år, med å ta vare på kulturarven. Det er så mange menneske eg gler meg til å møte!
Synleggjering og samarbeid
Det er ein god programprofil og eit allsidig program Riksscenen har bygd gjennom åra, synest den nye leiaren. Det er i folkemusikken det mest spennande har skjedd i norsk musikkliv dei siste femten åra, legg ho til.
– Denne tradisjonen, som er så levande og stadig fornyar seg, kan vi verkeleg vere stolte av. Og all historia som bur i tonane, forteljingane som ligg gøymde i musikken, gjer at folkemusikken seier noko om kven vi er, og kor vi kjem ifrå. Dette ser eg fram til å vere med og formidle.
Mange som enno ikkje kjenner til Riksscenen, kunne hatt stor glede av huset om dei fann vegen dit, seier Ane. Å nå ut til nye publikumsgrupper er noko ho vil prioritere, forstår vi.
Eg nemner at det finst nokre etablerte miljø for norsk folkedans i hovudstaden som sjeldan finn vegen til Riksscenen, og som nok er ei av fleire uutnytta publikumsgrupper.
– Det blir ei spennande utfordring å få med fleire av desse, seier ho til det.
Kva ligg så i det nasjonale mandatet?
Både synleggjering av alle tradisjonane i landet og samarbeid med aktørar utanfor hovudstaden, svarar Ane på det. Riksscenen skal halde fram både med å legge til rette for dei som vil produsere, og med å ta kunstnarisk ansvar sjølv.
– Nye produksjonar har vore høgt prioriterte på Riksscenen, og det er ein av dei viktigaste grunnane til at eg ville jobbe her. Vi har gode fasilitetar, og det fortener musikklivet – og vi treng fleire. Og så skal vi løfte fram kunstnarar og tradisjonsberarar, synleggjere tradisjonane i heile Noreg, vise fram det som skjer. Vi skal vere ein ressurs for alle som forvaltar folkemusikken i Noreg.
Ho nemner arrangementet «Se mot nord – Målselv erobrer Riksscenen», der Kalottspel var samarbeidspartnar, som eit godt eksempel på det siste.
Og at Folkemusikk-Noreg er «eit lite miljø», det vil ho ikkje vere med på.
– Frå der eg står, eg som held på med å orientere meg, er det stort! Det er eit mangslunge miljø med mange nettverk, masse engasjerte og fine folk som skapar mykje. Eg må seie eg blir stolt, både av norsk musikkliv generelt og av folkemusikken, avsluttar ho.