— Hospitantordninga til Øyafestivalen er særs positiv på papiret, og det er bra at ein kan oppleve fleire delar av festivalen. Eg følte likavel at eg vart litt borte i systemet. Folk hadde dårleg tid, noko som resulterte i at eg vart sittande å ikkje ha noko å gjere, sier Elisabeth Berg frå Parkenfestivalen. Ho deltok på ordninga i fjor.
— Eg fekk i alle høve bekrefta at vi var på rett veg med vår eigen festival. Ordninga er nok viktigare for dei meir nyetablerte festivalane. Det er mykje lærerikt å sjå, men eg skulle ynskje at vi vart meir nyttiggjort.
Ein forpliktelse
I 2007 vart Øyafestivalen tildelt status som knutepunktfestival for pop og rock, etter å ha vore i søknadsduell med fire andre leiande norske pop- og rockfestivalar. I praksis betyr dette at Øyafestivalen mottek ein årleg sum på 1,5 millionar i statleg støtte, samt 1 million frå byrådet i Oslo. Pengane er imidlertid øyremerka med eit ansvar. Forutan å ivareta eiga utvikling, skal også knutepunktinstitusjonane vere med å utvikle idear og tilbod som kan styrkje den faglege kompetansen innanfor sitt felt.
PR-sjef Jonas Prangerød kan fortelje at Øya allereie hadde ambisjonar om ei kompetanseheving før knutepunktstatusen var innvilga.
— Det er sikkert fleire grunnar til at vi fekk tildelt knutepunktstatus, men ein av grunnane trur eg er at vi hadde ein veldig god søknad. Vi hadde mange prosjekt vi ville gjennomføre, og vi ynska å gjere ting som kunne styrkje både festivalen og arrangørbransjen. Vi var aldri interesserte i ein konkurransefordel, men vi ville starte ei kompetanseheving. Med knutepunktstatus har vi hatt moglegheit til å byrje denne kompetansehevinga, gjennom kurs, seminar, dialog med andre arrangørar og ei eiga hospitantordning.
Positive ringverknadar
I tillegg til å skrive handbøker om korleis ein bør ivareta miljø og sikkerhet på rockefestivalar, er kanskje hospitantordninga det største knutepunktrelaterte tiltaket til Øya. Denne ordninga tillet representantar frå andre festivalar å få eit praktisk innblikk i korleis eit stort arrangement vert organisert og avvikla.
— Hospitantordninga er laga for å skape positive ringverknadar i den norske arrangørbransjen. Folk som jobbar i ei særskild avdeling i sin festival, skal kunne komme til oss, og jobbe med relevante oppgåver frå samme avdeling. Dette er ein god måte å lære ting på, samt få innblikk i korleis andre organiserer ting.
Hospitantane som kjem til Øya for å lære og utveksle erfaringar, må sjølv biddra aktivt. Dei kan også velge mellom ei rekkje avdelingar, frå artist og arena, til sikkerhet og transport. Prangerød sjølv kan kun fortelje om gode tilbakemeldingar på denne ordninga.
— Responsen vi har fått på hospitantordninga har vore utelukkande positiv. Vi har jo sjølve satt stor pris på dei gongane vi har fått reise til Roskilde for å lære av meir erfarne arrangørar. Slike tiltak er alltid inspirerande. Det er verkeleg god lærdom å sjå korleis andre løyser sine problem, samt få innspel på eigne.
— Kan ha mykje å seie
Jon Erik Nøding frå UKA var også hospitant hjå Øya i fjor. Han er enig med Elisabeth Berg i at oppfølginga kunne ha vore noko betre, men understrekar at han er særs nøgd med utbyttet frå hospitanterfaringa.
— Eg har eit veldig positivt heilheitsinntrykk av hospitantordninga, men eg veit sjølvsagt ikkje korleis det var i dei andre avdelingane. For min del var det heilt klart bra. Eg lærte mykje på detaljplan, og fekk god heilheitleg oversikt over festivalen. Mange festivalar i startfasen har mykje engasjement og forhåpningar. Eg trur ei slik ordning kan ha mykje å seie for desse aktørane. Hospitantordninga har stort potensiale, og fleire burde nytte tilbodet.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.









































