Trekkspelar Almir Meskovic under konserten Fyrispel med duo-kollega og felespelar Daniel Lazar på den første Endelig Belg-kvelden i februar 2022. Førstkommande fredag er det klart for Endelig Belg #2, med Folk Accordion, Taraf de la Nord og klubb med belg til langt på natt. (Foto: Thomas Fredriksen)

Belg i solnedgang

Folkemusikkhøgborga Riksscenen er klubbvenleg for tida. Siste tilskot er ein nattklubb vigd til instrumentet som er all populærmusikks mor.

Kalender

Det finst ikkje altfor mange bøker om trekkspelhistoria i eit globalt perspektiv. Ei av dei som finst, finst berre på tysk og har tittelen Das Akkordeon, oder die Erfindung der populären Musik. Forfattar Christoph Wagner, musikkjournalist og -entusiast, argumenterer for at trekkspelet markerer den augneblinken i verdshistoria då populærmusikken blir fødd – eller «oppfunnen», for å seie det med boktittelen. Frå å være spesialisert handverkskunnskap, blir musikk noko «alle» kan drive med, ei utvikling som har halde fram inn i vår tid. Nokon vil vel kalle det byrjinga på slutten.

Derom stridest sikkert dei musikklærde. Det vi iallfall kan slå fast, er at trekkspelet raskt blei umåteleg populært etter at det blei oppfunne – kanskje i 1829, kanskje i Wien (ikkje overraskande er det ein viss strid om kva år og i kva by det skjedde). Trekkspelet var rimeleg, lettspelt og lett å transportere, ein kombinasjon som skulle vise seg uimotståeleg. Konkurranse og masseproduksjon bidrog til at trekkspelprisane heldt fram med å falle i tiår etter tiår, og instrumentet og populærmusikken heldt fram med å spreie seg.

Trekkspelhistoria er òg industrihistorie, og frå starten av var det eit instrument det var lett å avfeie. Mange forbind trekkspelet, kanskje med ein viss rett, med banalt enkle melodiar, glade amatørar i skrøpeleg samspel og generelt manglande musikalsk eleganse – med noko beint fram umusikalsk, om du vil.

Men trekkspelet er òg grunnleggjande demokratisk. Nett slik klubbkulturen alltid har vore det. Så kanskje er tida overmoden for ein trekkspelnattklubb? Er det no trekkspelmusikken skal bli kul?

Då Grace Jones møtte Piazzolla
DJ og musikkjournalist Martin Bjørnersen har sine tvil.

– Trekkspelvitsar har jo fått ein liten renessanse no i boomer-memanes tidsalder, slår han fast. Bjørnersen var DJ på første utgåve av trekkspelnattklubben Endelig Belg i februar, eit splitter nytt tiltak arrangert på Riksscenen i Schous-kvartalet, den offisielle folkemusikk- og folkedansscena i hovudstaden.

– Mange tenker på trekkspelet som eit folkemusikkinstrument – og det er både rett og heilt feil. I botn er det eit vestleg, urbant instrument, og sjølv i dei musikktradisjonane som har omfamna det, har det ofte komme inn først i nyare tid.

DJ og musikkjournalist Martin Bjørnersen og musikar Hilde Fjerdingøy under «The Talkshow» på det første Endelig Belg-arrangementet i februar 2022. (Foto: Thomas Fredriksen)

Han måtte grave mykje og djupt for å finne trekkspelmusikk til ein heil kveld med klubbspeling, fortel han. Men han fann forbausande mykje, legg han til – også der han slett ikkje venta å finne det, som i hiphop og housemusikk. Sjangrar han kjenner relativt mykje betre enn meir trekkspeldominerte hjørne av musikkverda.

Som DJ er han kommen seint til trekkspelmusikken, men i det han kallar «dagjobben» sin, som journalist, har han iallfall hatt han på radaren i snart ti år. Lenge var Bjørnersen kjend som funk-, hiphop- og RnB-skribent, men etter kvart byrja han skrive meir sjangeroverskridande, og då dukka det raskt opp meir trekkspelmusikk.

– Som musikkjournalist kan ein på eit tidspunkt merke at det å ha for mykje kunnskap, kan stå i vegen for musikkopplevinga. Det kan bli for intellektuelt. Ein måte å utfordre dette på, er å gi seg i kast med musikk ein ikkje har like mykje kunnskap om.

Den einaste trekkspeldrivne låten på DJ-setta sine som Bjørnersen kjem på, no før 2022 og Endelig Belg, er Grace Jones’ versjon av Piazzolla-hiten «Libertango». Ein låt som elles er eit godt døme på dei sjangerkryssingane trekkspelmusikken kan skape.

Grace Jones og trekkspelet. Ho bidro til å få det dramatiske og sensuelle trekkspelet inn på nattklubbar verda over. (Foto: Lawrence Watson)

– Det morosame med trekkspelet er korleis det bind saman musikk frå ulike tradisjonar. Berre gjennom lyden av trekkspelet har du ein snarveg til å trekke musikalske linjer på kryss og tvers – frå kaukasisk ringdans til karibisk reggaeton, seier han.

Folkeleg dansemusikk
– Tanken er at vi skal ha eit nytt trekkspelband frå ein ny stad kvar gong. Det funka kanskje bra med cumbia-konsert først? Iallfall var det mange som blei igjen etter konserten og hang med heile kvelden – eg veit ikkje om dei kom på grunn av konserten eller klubben. Vi får sjå kva som skjer når vi skiftar ut bandet!

Kvinna bak hovudstadens første, eller iallfall nyaste trekkspelnattklubb, er Karoline Kaarbø Asskildt. Første utgåve av Endelig Belg skulle opphavleg arrangerast i mars 2020, og ideen dukka opp endå ei god stund før det, fortel ho. Ho er lykkeleg over at klubben endeleg er blitt røyndom.

– Det spennande med trekkspelet er korleis det dukkar opp i så mange folkelege dansemusikksjangrar – vallenato, cumbia, gammaldans og så vidare. Eg prata med Ane (dagleg leiar på Riksscenen Ane Carmen Roggen, journ. merk) om det, lenge før det blei snakk om nokon klubbkveld: Hadde det ikkje vore kult viss ein kunne gå på Riksscenen og danse gammaldans og forró til trekkspelmusikk, på ein og same kveld?

Det kan kanskje høyrast litt ut som vaksenopplæring, dette, men det er det altså ikkje, understrekar Asskildt.

– Eg har berre lyst til å gå på klubb og høyre musikk som eg synest er fantastisk!

Fyrispel med duoen Daniel Lazar på fele og Almir Meskovic på trekkspel, Endelig Belg #1. (Foto: Thomas Fredriksen)

– I alle hjørne av verda dansar folk seg inn i natta til trekkspelets sprø tonar og lengtande dragsug, og denne stemninga ville vi fange i et klubbkonsept i Oslo, seier Ane Carmen Roggen sjølv. Då Karoline Asskildt kom med ideen som blei til Endelig Belg, var ho ikkje vond å be, fortel ho – dei to har begge reist og spelt i mange land og elskar mykje av den same trekkspeldrivne musikken.

Ane Roggen, sjef på Riksscena, ønskjer publikum velkomen til den første Endelig Belg-kvelden. – Trekkspel er både sofistikert og audmjukt, og treffer meg personleg på fleire måtar. Eg kan ikkje tenke meg eit anna instrument som fargelegg musikken og skapar stemning på ein meir umiddelbar måte enn trekkspelet!, seier ho. (Foto: Thomas Fredriksen)

– Trekkspel er både sofistikert og audmjukt, og treffer meg personleg på fleire måtar. Akkordeonet har ein klangrikdom utan sidestykke, og kombinerer liv og pust med uendelege harmoniske og melodiske moglegheiter. Medan lyden av torader for meg er synonymt med reiseminne frå Mellom-Amerika, overfylte bussar på støvete landevegar, høner på taket og cumbia og merengue på radioen. Eller låvedans i bryllaup, små forróklubbar i Brasil, irske sessions på brune pubar, franske chansons på eit gatehjørne … sikkert litt romantiserande, men eg kan ikkje tenke meg eit anna instrument som fargelegg musikken og skapar stemning på ein meir umiddelbar måte enn trekkspelet!

Bandet Kumbia Boruka leiast av trekkspelaren Hernan Cortés frå kumbia-tradisjonens hovudstad i Mexico, Monterrey. (Foto: Thomas Fredriksen)

I Noreg, særleg i folkemusikken, ser ein store regionale skilnader og ofte eit elsk–hat-forhold til trekkspelet, legg Roggen til. Men først og fremst er trekkspelet eit instrument som sameinar folk på tvers av alle grenser, meiner ho.

Det tok si tid, men til slutt blei det altså alvor av greiene. Det blei ein lang kveld, og neste kvelden blir nesten like lang, med oppstart klokka 19 og to heile konsertar før klubb og DJ-ing i kjellaren til slutt. Fredag 22. april skjer Endelig Belg #2, og kvelden byrjar med den nordiske trekkspelkvartetten Folk Accordion, før publikum får oppleve det splitter nye balkanensemblet Taraf de la Nord med supertrekkspelarane frå Balkan, Lelo Nika og Almir Meskovic, og med Stian Carstensen som gjest.

– Vi har òg huset fullt av gammaldansorkester som skal feire Sven Nyhus dagen etter, så det skal bli bra stemning i kjellaren! lovar Roggen.

Stian Carstensen i den prisbelønna musikkvideoen til «Hippocampus Serenade» frå albumet Musical Sanatorium (2021). (Foto: Erik Hannemann)

Moglegheitenes instrument
DJ og arkitekt Kent Erlend Horne måtte melde koronafråfall til Endelig Belg nummer 1, og gler seg stort til kveld nummer 2.

– Karoline ringte meg i haust ein gong og spurde om eg ville DJ-e på den nye verdsmusikklubben hennar. Vi har spelt saman på Oslo World og Film fra sør, og ho har ein veldig nase for dansevenleg musikk frå rundt om i verda. Min veg inn i dette er nyfikna: Alltid når eg har vore ute og reist, har eg sjekka ut platesjapper, og høyrt på ukjent musikk medan eg har hatt «urban undergrunnsklubb» i bakhovudet, fortel han.

Han har eit litt delt forhold til folkemusikk og det ein gjerne kallar «world music», må han vedgå. Gjennom tretti år som DJ har Horne sett korleis det rett som det er kan dukke opp «world-tendensar» som slår an hos det vestlege publikummet, men som forsvinn like raskt som dei kjem.

– Ta Gotan Project, til dømes. Det blei raskt omfamna av norske dansegolv, trefte ein nerve med kombinasjonen elektroniske beats og handverksmusikk laga med hjartet. Men frå å vere nytt og friskt, gjekk det veldig raskt over i det masseproduserte. Noko eg ofte saknar i klubbmusikken, er det levande, det nedarva, noko ein forsøker å overføre – kunnskap som har gått i generasjonar. Eg har slekt frå Telemark, og har vore med på samlingar kring fela, trekkspelet og dei instrumenta som måtte vere tilgjengelege.

Far til Kent spelte trekkspel, og det spelet har han arva. Det står ved sida av han der han sit i heimestudioet og pratar med oss, fortel han. Likevel, når han tenker på trekkspel og Noreg, tenker han på svensktopp og bryggedans – musikk han ikkje har særleg forhold til, og iallfall ikkje tenker på som klubbmusikk. Men han er ikkje redd for å spele på trekkspelklubb på folkemusikkplassen Riksscenen av den grunn.

­– Eg klarte ikkje heilt å sjå for meg eit DJ-sett på fem timar med berre trekkspelmusikk. Men så dukka eg ned i materien og byrja forske, fekk tips og fann ting eg likte, og eg fann ei enorm verd eg ikkje hadde oppdaga før! Trekkspelet kan vere sårt, men også glad, det har alle moglegheiter i seg. Så blir det mi oppgåve som DJ å sy det saman, utan at det høyrest altfor merkeleg ut.

Trekkspelar, komponist, pianist – og så mykje meir – Sverre Indris Joner var med i «The Talkshow» under første Endelig Belg. Han var også huskurator under Endelig Belg, og presenterte mellom anna bandet Kumbia Boruka. (Foto: Thomas Fredriksen)

Han har kjensla av at Endelig Belg har stort potensial, og bringar noko nytt til Oslos klubbverd. Og det skal vere klubb, i den forstand at det skal vere demokratisk, understrekar han til slutt.

– Ein skal kunne komme inn utan forkunnskaper, og ikkje kjenne seg heilt dust. Og ein skal kunne kose seg, anten ein dansar eller ikkje!

Sjå heimesidene til Riksscena for program og anna informasjon.

 

Red. mrk.: Omtalte Karoline Kaarbø Asskildt i saka er medlem av styret til Ballade.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.