Martyn Reed

Tou Scene – eit unorskt blikk på kulturlivet

Driftsselskapet Tou scene a/s er under etablering. Målsettinga er at Tou skal bli ein motor for utviklinga av dei skapande kunstmiljøa i regionen, gjennom kombinasjonen av eit publikumsretta program og produksjonsverksemd i huset. Martyn Reed er arrangementsleiar, og som stemme frå Stavangers friskaste tilskot på kulturarenaen, lar vi han få siste ordet i denne serien frå Stavangers kuturliv.

Kalender

Han ruslar rundt i T-skjorte. Lagar kaffi, småpratar. Ein tidleg ettermiddag på Tou kafé. Sjølv er eg kledd etter den norske trelags-modellen, med ull innerst og ytterst, bomull i midten. Og raggsokkar. Likevel kan eg ikkje få varma meg nok rundt kaffikoppen. Mens han, Martyn Reed, opprinneleg frå arbeidarstrok i Leeds, og med ein multikulturell bakgrunn Stavangerfolk flest bare kjenner frå litteraturen, synes fullstendig upåvirka av ein vestlandsvinterdag av det slaget det er vanskeleg ikkje å ta personleg. Som om han rett og slett lar vera å bry seg om slikt han ikkje kan få gjort noko med.

Reed fortel at vener av han er på veg til India for vinteren. Sjølv synes han det er heilt uaktuelt, han har reist. Han har reist hit. Enno fornærma til skinnet av piskande kuling og aktivt oppsøkjande regn, klarer vi ikkje å halda spørsmålet tilbake, det får vera så klisjefylt det vil, klisjéar er ofte riktig relevante: Kvifor Stavanger? Det er ein ting å koma hit, men kvifor bli? Han har blitt her sidan 1995, nemleg.

Han smiler.

— Å vera kunstnar i London var å stanga hovudet i veggen. Då eg forlot byen, hadde kunsten der blitt ekstremt cool. Min generasjon var tilsynelatande den siste som studerte kunst for kunstens skuld. For kullet som kom etter meg, handla alt om livsstil, om å gjera dei rette prosjekta for å hamna i dei rette glansa magasina, alt var iscenesetjing, alle hadde sin eigen agenda. I ein slik postmoderne kultur, er det lett å mista sin eigen identitet.

Han pratar lett, nemner modernisme, hierarki, Jantelov og institusjonalisering like uanstrengt som han er innom at to av syskna hans har far frå Jamaica, hans eigen far har ektefelle frå India, og at han difor ikkje deler hudfarge med fire av sine eigne sysken. Han slår fast at der bare finst to vegar ut av arbeiderklassa, sport eller kunst. Det blei kunst, han har utdanninga si i bildande kunst, ved Universitetet i London. Alt dette kjem på ordrikt engelsk, Stavangerlivet har ikkje satt språklege spor med så mye som eit hint av skarrelydar.

— Det var eit stort motivasjonskick for meg å koma til Stavanger. Muleghetene virka enorme. Det var så mange genuine kunstnarar her, likevel var dei så usikre. Det var få uavhengige, frittståande tankar, og mange frustrerte menneske. Som om folk var avhengige av å få offentleg støtte til prosjekta sine for å setja dei ut i live. Fekk dei avslag, klandra dei det offentlege for at prosjektet ikkje blei noko av. Dei lot institusjonar definera om dei dugde som kunstnarar. Dersom dørene ikkje opna seg, sparka ein dei ikkje rett og slett opp, men luska heller bort. Eg hadde vent meg til Thatchers England, ein periode som politisk var negativ for kunsten, men som likevel, eller nettopp difor, genererte ei sterk gjer-det-sjølv-haldning blant kunstnarane, spesielt i den visuelle kunsten. Den haldninga fanst ikkje her.

— Kulturelt trur eg nok Norge blir sett på som modernismens siste bastion. Sjølv om ein finn eksempel på postmoderne prosjekt, er ikkje kulturen her postmoderne. Kunstnarane her har ikkje blitt sjølvopptatte, det er ikkje livsstil det handlar om for dei. Samtidig sørgjer modernismen for å ordna kunsten hirerarkisk og held den fast i institusjonar. Jantelova gjer seg sterkt gjeldande, alt skal jamnast ut, alt må bli likt. Men det er farleg, det virkar konserverande. At du aldri kan seia eller visa at du er betre enn han som står ved sida av deg, kan jo vera nokså hemmande, viss vedkomande faktisk er ein idiot.

Har Kulturlivet i Stavanger forandra seg dei åra du har vore her?

— Definitivt. Utviklinga har aksellerert voldsomt dei siste fem åra. Vi har for eksempel fått frittståande kuratorar og galleri, som Molitrix og Lucky bar. Sjølv om eg trur dei må vera svært varsame så dei ikkje blir institusjonaliserte. Dei er i ein tidleg fase, og må finna ein måte å overleva på. Institusjonar, som alle former for kapitalisme, er svært gode til å nøytralisera alt som trugar Status quo. Støtte frå instiusjonar gir respekt, noko desse treng akkurat nå. Ein har framleis lett for å kikka for mye til institusjonane. Og makta der har ikkje forandra seg enno! Det sit mange femtiåringar der ting blir avgjorte, femtiåringar som til og med meiner seg radikale. Men institusjonar nøytraliserer radikalisme. Det modernistiske hierarkiet har alltid tvinga strukturar på folk.

Kva meiner du om måten vi finansierer kulturlivet på her i landet?

— Eg syns det er flaut å få pengar frå Staten. Det er mi personlege, politiske overbevisning. Ser på mi rolle som outsider, alltid outsider, kvar gong eg må be Staten støtta mine ting, stel det bitar av sjela mi. Eg syns faktisk det er enklare å gå til private. Dei kan eg gi noko igjen, dei får logoen sin på min plakat. Men eg kunne nok aldri hatt Statoil eller Fina sin logo der, det blir feil. Men kaffibaren eg ofte går på, er OK. Stavanger Kommune er også OK, dei kjenner eg no, dei har ansikt, det blir som å spørja ein ven om hjelp. Kulturstøtta burde desentraliserast! Der er heilt tydeleg ein sentralstyrt agenda for kva ein skal støtta i distrikta. Det burde alltid finnast eit menneske ein kunne gå til, eit kommunalt kontor som kunne hjelpa unge, uetablerte kunstnarar å ta seg fram.

— Alle passar ikkje inn i statlege skjema, la dei heller snakka med eit menneske. Dessutan burde det finnast eit eige fond der ein kunne søkja om småpengane, opptil to-tretusen korner. Sjølv ber eg aldri kommunen om meir enn tjue-tjuefemtusen, for da veit eg det må behandlast av fleire. Eg vil ha ja eller nei frå det mennesket eg snakkar med. Og får eg inga støtte, gjennomfører eg det eg hadde tenkt å gjera likevel. Men det er ingen grunn til å vera redd for å finna finansieringshjelp utanfor dei offentlege institusjonane. Folk treng ikkje vera kunstkjennarar for å kunna sponsa eit kunstprosjekt.

Korleis blei du involvert i Tou?

På opninga av «Site under Construction» var eg hyra inn som DJ. Det var nokså kaotisk, teknikk og lyd fungerte ikkje. Så eg gjekk i gang med å ordna opp i det praktiske. Trur dei såg at dei trengte meg. Eg hadde jobba lenge på Sting Café som DJ – då eg kom, var det Sting som VAR kulturstaden i Stavanger. Det hadde nok begynt å bli litt for satt for meg, eg var klar for å prøva noko nytt, og gjekk inn i Tou både av idealistiske og politiske grunnar. Problemet med Tou var at alle hadde bakgrunn frå institusjonar – det tok utruleg lang tid å få beslutta noko som helst til å begynna med. Det har forandra seg etterkvart, nå knyttar vi også til oss folk med kommersiell bakgrunn, til marknadsføring, for eksempel.

Vi kan leggja til at «Site under construction» var forløparen for Tou scene. I staden for å gjera huset klart først, og så finna eit publikum å fylla det med, gjorde dei begge deler samtidig, Ei helg i månaden var det opent på Tou, arrangementa spente frå klassiskinspirert samtidsmusikk, via frijazz med sterk sekstiåttarappell, til videoinstallasjonar og klubbkultur for dei heilt nyutklekka. På slike kveldar kunne ein sjå mor stå i baren og kjøpa øl til heile familien, noko som kanskje seier meir om romsleg generasjonsmiksing på Tou, enn om mødre i Stavanger generelt.

Då som nå er Tou sannsynlegvis mest av alt resultatet av dynamikken mellom Martyn og Nils Henrik Asheim. Ifølgje Martyn er Nils Henrik den som kjenner til alle desse komiteane og institusjonane han sjølv ikkje klarer å bry seg om, han snakkar igjen om hierarkiet i norsk kulturliv, det gjeld å ha dei rette namna på søknaden, dei rette folka i styret, dei rette organisasjonane representerte i programmet.

Eg spør korleis Tou scene gjer seg fortent til den statlege støtta også dei mottar?

— Får vi støtte? Det gjer vi vel ikkje, vi har mottatt 1,8 millionar kr. frå Norsk Kulturråd, det er pengar vi treng til å gjera bygget brukeleg, få heisen til å gå. I tillegg har vi fått 300.000 fra Fylkeskommunen, det same frå Stavanger kommune. Det er ikkje særleg mye, syns ikkje vi har noko å forsvara. Og hadde vi ikkje fått støtte, hadde vi gjort det vi gjer likevel. Syns ikkje Tou treng å legitimera seg, det seier seg sjølv, det er bare å sjå på programmet for det siste året.

Nils Henrik har vore innom og vist oss den nye presentasjonsvideoen deira, eg nemner den, lot meg imponera over breidden og nivået den gir eit bilete av. Her er ein klaustrofobisk plast-innesurra skodespelar på video, her er støymusikk, teater, frijazz og litteratur, saman eller aleine. Martyn er ikkje like imponert over videoen, syns ikkje den er god nok, det er for mange organisasjonar og institusjonar der. Han vil ta ut merkelappar som Rogaland Teater, Ny Musikk, Stavanger Jazzforum, det er ikkje dei som skal gi Tou identitet. Det er heller ikkje arkitekturen. Det er kunstformene, artistane og publikum.

Korleis skal de unngå å bli institusjonaliserte?

— Gjennom bookingpolitikken vår. Vi må gjera kreative, bisarre bookingar, vi må booka motstraums, sjå etter det alternative, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Sist helg hadde vi eit japansk rockeband her, det er første gongen eg har booka eit rockeband i mitt liv, sjølv syns eg det blei det mest vellykka vi har gjort på Tou.
Vi må unngå å bli assosiert med institusjonane. Difor vil eg for eksempel heller ha frie teatergrupper her, enn Rogaland teater, heller ha scenekunst som set presentasjonen av nye verk i fokus. I England dreier det tydeleg i den retninga, ein set fokus på nyskriven dramatikk, meir enn på enkelte skodespelarar og ulike versjonar av Shakespeare og Beckett.

Det er ingen grunn til å tvila på at han kjem til å gjennomføra det også i praksis. Når Martyn ikkje er på Tou, jobbar han blant anna som arrangør av numusicfestivalen Westcoastfestival. Hittil har dei samarbeidd med Stavanger Jazzforum, men i år gjer Martyn det aleine. Det var dei intstitusjonane igjen. Jazzforaet var opptatt med å utvikla festivalen hierarkisk, nemleg, begynna med små, lokale band, utvida med etablerte, nasjonale, for så forhåpentleg å trekkja til seg dei store, utanlandske namna. Martyn vil heller utvida sidelengs, frå å ha få og små norske band, til å ha mange og små norske band:

–Slik tankegang forstår dei ikkje, seier han. Så da gjer eg det heller aleine.

Tilbake til Tou – kva tankar gjer du deg om pulblikum oppi dette, korleis kan de presentera så mye sær og eksperimenterande kunst, og likevel inkludera dei?

Vi presenterer alt på same måte, på same nivå. Ein må fylla igjen gapet mellom dei ulike gruppene. Dei som kjem for klubbkulturen, kan få historiske linkar ved å høyra Stockhausens elektroniske musikk, dei som kjem for Stockhausen, adopterer fort den uformelle koden til klubbkulturen.

Kor stor rolle trur du arkitekturen her spelar?

Arktitekturen her er perfekt for ei slik nivellering, men for meg personleg er arkitekturen irrelevant. Eg har vore i så mange slike gamle fabrikkar, Tou er bare ein til. Det er pulikum som gir Tou identitet.

Men her i landet finst der ein tradisjon for å byggja seg eit Kulturhus, når ein vil skapa kulturell identitet i ein region. Huset kjem først, innhaldet etterpå. På Tou har det nærmast vore omvend?

— I det perspektivet ser eg at det nok kan ha noko å seia. Tou er heilt klart ikkje noko kulturhus, eit kulturhusstempel ville strippa oss for identitet. Er det nokon som ville finna på å seia at dei høyrer heime i Sandnes Kulturhus? Det virkar umuleg for meg.

Han tenkjer litt. Forklarar at i den engelske Dj-kulturen var det publikum som var viktige, stemninga på dansegolvet, responsen musikken skapte. At det opprinneleg var ein veldig demokratisk kultur, ikkje som nå, der Dj-en blir dyrka:

— Det er viktig å trå ned gjerdet mellom utøvar og publikum, seier han. Publikum må kjenna at dei er like viktige deltakarar i dette som dei som er på scenen. Det er det einaste som genererer identitet. Difor skal vi også ha internasjonale artistar her – for å gi publikum i Stavanger sjølvtillit. Og så skal vi ha medlemskort. Medlemskort er viktig.

Når vi først snakkar om Stavangers sjølvtillit, det herskar for tida ein sjeldan idyll mellom politikarar og kulturinstitusjonar i byen, alle går heilhjarta inn for å søkja euroeisk kulturbystatus i 2008. Blant anna skal ein byggja nytt Konserthus, der bygget aleine vil kosta 725 millionar, det er utan tomtekostnader. Har desse planane noko å seia for undergrunnskunsten?

— Nei, vi får ikkje støtte likevel. Sjølvsagt, skulle det gå utover dei små, uetablerte som ber kommunen om nokre tusenlappar for å koma seg opp og stå, så er eg imot det. Men det kan eg vanskeleg tru vil skje. Det er klart at viss byen først skal søkja europeisk kulturbystatus for 2008, så må dei også ha slike bygningar på eit internasjonalt nivå. Det er innlysande. Men eg syns nok ein i større grad burde bruka dei store, private sponsorane til slike formidable prosjekt, dette burde vera noko for Statoil. Så kan kommunen heller sørgja for å gi støtte til dei små. Skulle eg vera kritisk til Kulturbyprosjektet, er det ikkje til finansiering og kostnader, men til den sterke fokuseringa på kva som skal til for å vinna den konkurransen. Ein burde heller fokusera på kva ein må gjera for å vera relevant som kulturby. Uavhengig av konkurransen.

Uavhengig av Kulturbystatusen, kvar går Tou?

— Vi har blitt samanlikna med Blå i Oslo, men det er bare dekkjande for musikkbiten på Tou, vi skal ikkje bli Blå. Vi driv med mange andre ting, visuell kunst, videokunst, scenekunst. Vi bør bli ein scene for all samtidskunst, vi bør bli ICA – Institute of Contemporary Arts. Kunstnarar blir for ofte pressa inn i administrative roller, mens alt dei eigentleg treng, er ein stad å jobba, og midlar til å nå sine kunstnariske mål. Offentleg støtte er ofte basert på demografi – kor mange er med på prosjektet, er det ungdomsorientert, dekkar det tre kommunar, osv. Kunsten og produsentane av den blir ofte det siste som blir vurdert. Dei må koma først. Det er her Tou kjem inn, dersom vi får lov. Støtta skal gå direkte til kunstnarane, og eg sjenerer meg ikkje for å seia at det faktisk er vi som veit best.

Martyn Reed har valt seg Norge. Ikkje bare Stavanger, men Norge. Han nemner alle dei fine kunstnarane igjen. Folk står bare eit steg borte frå deg her.

–Eg kjenner sikkert nokon som kjenner Mette Marit som kjenner Kongen. I England er det minst seks nivå frå meg til Dronninga.

At monarkiet her blir ein rein metafor, er kanskje unødvendig å leggja til. Det er ikkje Kongen han er interessert i å ha innan rekkevidde, det er framleis kunstnarane. Og vi tenkjer at det var da enda godt, at folk ikkje er like modernistisk ordna i hierarki som han meiner kunst- og kulturinstitusjonane er det.

Det er tid for å avslutta. Martyn beklagar at han ikkje er meir veltalande. Engelsken min blir dårlegare, seier han, eg finn ikkje alle orda lenger. Det er lettare å skriva, då kjem det tilbake. Å snakka sånn ut i det offentlege, det er det Nils Henrik som pleier å ta seg av, eg kjenner meg ikkje like trygg på det.

Han gjer det, likevel.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo