Solbjørg Tveiten (Foto: Musikk i Innlandet)

Sanna Sarromaa i rolla som den klassiske sladrekjerringa

I sin tekst om skulen hamrar Sarromaa laus på ei yrkesgruppe – kunstnarane. Leiar i musikk i Innlandet, lektor som Sarromaa, skriv at Sarromaa framstiller dei som irrelevante snyltarar.

Kalender

Sommerpønsj

01/07/2022 Kl. 19:00

Oslo

Rockeklubben i Porsgrunn 30+2 år 20. august!

20/08/2022 Kl. 17:00

Vestfold og Telemark

Av Solbjørg Tveiten,
leiar i Musikk i Innlandet

Både Tveiten og Ap-politiker Even Aleksander Hagen (se under) skriv innlegg mot en kronikk lektor, sosiolog og skribent Sanna Sarromaa nylig hadde i VG: To uker med tull.

Sladrekjerringa er kjend for å etablere sanningar uavhengig av fakta. Forsking er motsetnaden til denne kjerringa. I debattinnlegget «To uker med tull» kastar Sanna Sarromaa ut ei rekkje påstandar utan å vise til ein einaste setning frå forsking som stadfester det ho meiner, eller som fortel det motsette av det ho sjølv meiner.

Sarromaa kunne nyansert dette, men vel å ikkje gjere det. Ho vel derimot å bruke ein ikkje talfesta mengde praksisstudentar frå eigen arbeidsplass som kjelde og sanning for sin vreide over det siste året av lærarutdanninga. Denne ytringa blir som sladrekjerringa som fortel sanninga basert på kva ho sjølv ynskjer å fortelje. I eit samfunn kor kjeldekritikk er viktigare enn nokon gong undrar eg meg over at pedagogen Sarromaa vel å sjå heilt bort frå dette.

Les også: – Kultur er ikke tull

Sarromaa hamrar laus på ei yrkesgruppe i samfunnet og framstiller gruppa som irrelevante snyltarar. Eg forventar at pedagogar har respekt for alle yrkesgrupper. Skulevesenet skal omfamne mangfaldet også i arbeidsmarknaden. Om eleven ynsker å verta elektrikar, lege, frisør eller musikar skal pedagogen kommunisere dei moglegheiter som finst. Eg er ikkje interessert i å klyppa håret med eigen saks, sjekke el-anlegget med grunnbok i elektrofag i baklomma eller skru saman rør på badet sjølv. Eg trur ikkje feiaren nødvendigvis er så gira på å halde konsert heller. Me treng alle yrkesgrupper. Også kunstnarar.

Gjennom etablerte strukturar når ein alle uavhengig av sosial bakgrunn og sikrar at alle får eit minimum av felles kulturell erfaring og forståing. Dette er grunnleggjande kunnskap i samhandling med andre menneske. Eg kunne skrive side opp og side ned om kvifor kunst er viktig for alle. Kvifor det er viktig for samfunnet, for demokratiet og for heile menneske i alle livsfasar. Men når mottakar tilsynelatande er utan respekt for det faget eg skal fortelje om, har det inga hensikt, og eg sparar det til ein annan gong. Eg skal heller skrive om kapital, som eg antar at også Sarromaa er villig til å forstå.

Kapital er makt, men kapital handlar ikkje åleine om økonomisk kapital. Pierre Bourdieu omtalar kulturell og sosial kapital. Kulturell kapital er med på å markera skilnaden på folk, og i denne kapitalen ligg både utdanning og danningsarv frå oppvekstmiljøet. Det å ha kulturell kapital handlar altså om å ha kunnskap om, og å vera fortruleg i møte med det kulturelle feltet (Bourdieu: 2005). Den kulturelle skulesekken, DKS, ber med seg kulturell kapital og gjev alle elevar mogelegheit til å bli trygge i ulike kontekstar, og i møte med ulike kulturar. Eg håpar at skulen jobbar med kunstfeltet gjennom heile skuleåret, for å kunne få endå betre nytte av tilbodet DKS gjev. Eg blir bekymra når den norske skule har tilsette som i fullt alvor meiner at kunstopplevingar ikkje gjer anna enn å forstyrre undervisninga. Eg vel å tru at dette er unntaket og håpar at rolleforståing og etisk refleksjon kjem inn i arbeidsplanen til Sarromaa heretter.

Lektor Sarromaa provoserer, men provoserer ho med mål om at det kan føre til endring? Stolar ho på eigen argumentasjon når ho må skyte på andre yrkesgrupper for å få fram poenget sitt? Skyt ho utan sikt, når kritikken av DKS kjem som eit vedheng til det eigentlege bodskapet om latskapen i skulen dei siste vekene før sommarferien? Frå ein lektor til ein annan har eg respekt for hennar fag og forventar at dette er gjensidig. Det er det diverre ikkje.

Solbjørg Tveiten er leiar i Musikk i Innlandet, og også lektor, musikar, nynorsk- og bokmålslikar

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Kommunikasjonsrådgiver

Norsk musikkråd

Administrasjonssjef

Norsk musikkråd

Virksomhetsleder ved Kulturskolen

Fredrikstad kommune

Gitarpedagog

Sør-Varanger kulturskole

Produsent

Nasjonal jazzscene

Vokalpedagog

Horten kulturskole

Daglig leder

Norske Kulturarrangører (NKA)

Kantor/organist

Østre Halsen menighet

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev