Hopp til innhald
Eir Vatn Strøm, Rasmus Kjorstad, Kajsa Balto, Karl Seglem, Anne Hytta og Ingrid Jasmin er blant mange musikere som har engasjert seg for større uttelling av vederlag. No skriv leiarane i tre tradisjonsmusikkorganisasjonane om det same.

(Foto: promo/collage av Ballade, foto av R Kjorstad; Johannes Selvaag/K Balto; Ørjan Marakatt Bertelsen /K. Seglem; Heidi Molstad Andresen /A Hytta; Simen Dieserud Thornquist)

Må tradisjonsmusikarar vere meir kyniske for å få meir attende frå TONO?

Den nye folkemusikkdebatten: – Må tradisjonsmusikarar vere meir kyniske i innmeldinga av verk for å få meir attende frå TONO? Spør Aslak Brimi, Siri Kvambe og Karen Anne Buljo.

Aslak Brimi – dagleg leiar i FolkOrg
Siri Kvambe – dagleg leiar i Samspill International Music network
Karen Anne Buljo – styreleiar Juoigiid Searvi

FolkOrg, Samspill og Juoigiid Searvi: – Det kan vere vanskeleg å «passe inn» i TONO-systemet. (Foto: Johannes Selvaag/Samspill/WikimediaCC BY-SA 4.0)

I haust har det kome eit engasjert initiativ frå tradisjonsmusikarar om at noko bør gjerast med TONO-systemet, noko som til dømes ballade.no har teke tak i. Initiativet kjem med bakgrunn i at utøvarar får mindre betalt når dei nyttar tradisjonell musikk enn om dei brukar eigenkomponert musikk.

Vi ser på initiativet som veldig positivt. Over mange tiår har vi sett ein trend som viser at utøvande profesjonelle tradisjonsmusikarar meir og meir bruker sin eigenkomponerte framfor den gamle tradisjonelle musikken – med grunngjeving i at dette gjev betre økonomisk resultat. Berre døme frå årets Folkelarm-pris: Det var rekordlåg påmelding i klassa SOLO, den klassa som oftast og mest av alt representerer det tradisjonelle spelet og songen.

Vi håpar at vi i lag med TONO kan sjå på alternative løysingar for korleis vi kan minske det økonomiske gapet. TONOs fordelingsplan er ei forvalting av opphavsrettar i musikkverk etter åndsverklova. Og det skal sjølvsagt ikkje arbeidast for ei ordning som strir mot dette. Men det er eit ynskje om at forvaltinga skal vere meir balansert.

– TONO si forvalting legg opp til at det med «kulturproduksjon» fyrst og fremst meinast «nyproduksjonar».

Vi meiner det er grunn til å ta ei vurdering – og forhåpentlegvis ei revidering – av TONO sin ordlyd i deira fordelingsplan.

I lova står det at ho har som formål å stimulere til kulturproduksjon (Formålsparagraf §1). Slik vi ser det legg TONO si forvalting opp til at det med «kulturproduksjon» fyrst og fremst meinast «nyproduksjonar». Vi ynskjer meir fokus på at kulturproduksjon også omhandlar opphavsrett på bearbeidd tradisjonell musikk. Å arbeide med, forme og utvikle eit tradisjonelt musikkstykke er skaping. TONO har eit ansvar for å forvalte også dette på ein god måte.

Ein kan replisere med at dette allereie er mogleg. Om ein musikar bearbeider nok, så kan ein få ein opphavsrett på «verket» sitt. Spørsmålet er da kva «nok» bearbeiding er når musikarar nyttar tradisjonelle slåttar og songar.

I åndsverkslova §6 står det: «Den som oversetter eller på annen måte bearbeider et åndsverk eller overfører det til en annen litterær eller kunstnerisk form, har opphavsrett til verket i denne skikkelse, men kan ikke råde over det i strid med opphavsretten til originalverket.» I TONO si tolking og forvalting av dette står det at «En bearbeidelse godkjennes som andelsberettiget når den innebærer en endring av originalverket som i vesentlig grad inneholder nykomponert materiale, dog uten at originalverkets identitet går tapt. Endring av originalverkets form, harmonisering og/eller instrumentering o.l. godtas som bearbeidelse bare hvis endringen innebærer en innsats av særlig nyskapende art.»

Eit par døme: Ein hardingfelespelar lærer seg ei lite utbygd form av ein telespringar frå eit opptak med ein gamal avdød spelmann. Etter å ha lært seg, knadd og bygd ut denne slåtten, så kan hen prøve å registrere det i TONO. Eller ein joikar som gjer same knainga og utbygginga med utgangspunkt i brotstykke av ein gamal tradisjonell joik. Innmeldingsalternativa i TONO er da «Nytt originalverk» eller «Ny versjon (arrangement/oversettelse) av fritt verk». «Ny versjon av fritt verk» hadde vore naturleg å velje, men det som står i parentes gjer at du da må registrere deg sjølv som arrangør, som er noko anna enn bearbeiding. Å forme og arbeide med eit gamalt tradisjonelt musikkstykke er ikkje synonymt med å arrangere. Dermed må det registrerast som «Nytt originalverk», og legge til at den inneheld trad-/DP-musikk. Da vil TONO sin fagperson etterspørje dokumentasjon og deretter gjere ei fagleg vurdering av om dette er ei bearbeiding, og eventuell kor mange prosent vedkommande skal få. (Slik det er nå kan ein få maks 50% av det ein komponist hadde fått for eit nyskrive verk).

Her meiner vi noko av kjernen i utfordringa for tradisjonsmusikarane ligg. Ei bearbeiding av slåtten eller songen er forming og skaping. Men det kan vere vanskeleg å «passe inn» i TONO si tolking av kva ei bearbeiding er. Til dømes det at endring i originalverkets form må innebere ein innsats av særleg nyskapande art. Kva vil dette si for ein tradisjonsmusikar som byggjer ut slåttane eller songane sine? Er det veldig nyskapande? Skaping er det i alle fall. Og så står det at det i vesentleg grad må innehalde nykomponert materiale. Er folkemusikaren sitt arbeid tilfredsstillande for TONO i denne samanhengen?

Ledige stillinger

Vi meiner at tradisjonsmusikarane burde få opphavsrett på den forma/versjonen som ein sjølv har arbeidd fram. Kan det til dømes vere aktuelt for TONO å få med fagperson(ar) frå folkemusikkmiljøet til å vere med å gjere slike vurderingar?

Ei anna side av saka er at der tradisjonsmusikaren tenkjer bearbeiding, så verkar det som at komponistar innan andre sjangrar ikkje er like bevisste. I mange verk av utøvarar/komponistar frå andre sjangrar der det er teke utgangspunkt i tradisjonelle melodiar, er berre komponisten registrert. Ingen DP-andel. Er det dei som registrerer som let vere å oppføre at dei har med tradisjonell musikk, eller er det TONO som vurderer ulikt på artistar frå andre sjangrar i forhold til om det er ein folkemusikar som melder inn?

I sine innlegg dei siste vekene er TONO opptekne av at dei ikkje skal skilje på sjanger. I TONO sine eigne vedtekter står det i §3-1: «TONO skal handle til det beste for rettighetshaverne som TONO representerer, og herunder likebehandle medlemmer og musikkformer, jf. lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett kapittel 2». Nettopp dette er viktig for oss også. Det opplevast urettvist at enkelte komponistar frå andre sjangrar får 100 % komponistandel på musikk som bruker tradisjonell musikk/frie verk, når tradisjonsmusikarar må argumentere for å få godkjent ei bearbeiding som gjev 50%.

Er det da slik at folkemusikarar må vere meir kyniske i innmelding av verk? Dette ligg ikkje naturleg for musikarar innan ein sjanger der respekten for kjeldene er stor. Vi ynskjer at TONO skal ha ei forvalting som gjev samanliknbare resultat for alle.

Vi ynskjer ein praksis som gjer at fleire folkemusikarar oppnår opphavsrettar på bearbeidingar, og dermed få meir avkasting ved bruk av tradisjonelt materiale.

Vi meiner ikkje at folkemusikarar ikkje skal lage ny musikk. Det er mange som har ei stor skaparkraft og gjevande kunstnarisk utrykkingstrong gjennom musikken. Dette er viktig for utviklinga av folkemusikken! Og vi treng TONO til å forvalte dette. Og med små endringar frå TONO si side kan det kanskje bli lettare å leve av å vere utøvande musikarar og på same tid utvikle og framføre den tradisjonelle frie musikken meir enn i dag.

Dette ynskjer vi å få til dialog med TONO om.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ingrid Jasmin, her med danserne sine på egen showcasekonsert under Bylarm. Hun tar opp igjen en sak som eldre tradisjonsmusikere har gitt opp for egen del: Å få større uttelling for å framføre og nyskape folkemusikk.

– Fordelingssystemet vi har i dag kveler kulturarven

Kan det komme en egen betalingskategori for bearbeidelse av folkemusikk? Disse artistene vil reforhandle hva opphavsrett gir dem i uttelling.

Bidlecollage med tre personer, en mann til høyre i blå skjorte med blikket løftet, i midten en mann i svart skjorte med blikk rett i kamera, til høyre en kvinne i hvit kofte med tradisjonelt belte, hun ser rett i kamera.

Vil ha mere opphavspenger utbetalt – ber om møte med kulturministeren

Disse folkemusikerne har sendt bekymringsbrev på vegne av kulturarven til Lubna Jaffery.

Bidlecollage med tre personer, en mann til høyre i blå skjorte med blikket løftet, i midten en mann i svart skjorte med blikk rett i kamera, til høyre en kvinne i hvit kofte med tradisjonelt belte, hun ser rett i kamera.

– Tono kan ikke innføre særregler for en sjanger

Vederlagsforvalteren svarer kritiske folkemusikere, og om veien videre etter heftig debatt, om fordelinger.

Flere saker

Under Music Norways sommerfest mandag 2. juni på Pigalle i Oslo, overrakte Frang stipendet «Det var her det begynte» – og det var for henne aldri noen tvil om hvem som skulle få det.

Gir æren for sin internasjonale suksess til Barratt Due

Fiolinist Vilde Frang, nylig kåret til «Årets Internasjonale Suksess 2024» under Spellemannprisen, retter en rørende takk til sitt musikalske opphav:...

Stillbilde fra musikkvideoen til Vor Suplicas, Med glade rop.

Ballade video LXVII: Apollon reiser

Bli med på å feire inngangen til desember med musikkvideoene til Vor Suplicas, August Kann, Vilde Tuv, Sleepyard, Ane Brun,...

Marja Mortensson

Her er de nominerte til Nordic Music Prize

Prisen delses ut på Bylarm 28. februar.