Folkesongar Unni Løvlid er førsteamanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole, og er oppteken av å halde tradisjonsmusikken levande og tilgjengelig. - Skal vi få balanse i kunnskapen om heile den norske tradisjonsmusikken, treng vi tilgang til alt materialet som er ved dette arkivet. Digitalisering er flott, men vi treng mest av alt ein eller fleire lokalt ansatte som har formidling og dokumentering av folkemusikken i dag som arbeidsområde, skriv ho i dette innlegget. (Foto: Ingvild Skeie Ljones)

Levande tradisjon, kjøtt og blod

Heile samlinger av tradisjonsmusikk ved arkiva våre må verte digitaliserte og tilgjengelege. Materialet må få hjelp til å bli levande igjen i kvar ein krik og krok. Vi kan ikkje stjele det frå neste generasjon, skriv Unni Løvlid.

Kalender

Operapub på Røverstaden

27/10/2021 Kl. 19:00

Oslo

Ensemble Allegria og Oslo Kammerakademi

30/10/2021 Kl. 14.00

Oslo

Lørdagsopera 30. oktober

30/10/2021 Kl. 15:30

Oslo

Førsteamanuensis og folkesongar Unni Løvlid reagerte på at kun joikarkivet ved Noregs arktiske universitetsmuseum skal digitaliserast og bli tilgjengeleg for publikum og brukarar. I sosiale media kommenterte ho på Ballades post om saka at ho ønska at heile samlinga av tradisjonsmusikk som er ved arkivet vert tilgjengeleg. «Det er eit fagleg sakn at der ikkje er nokon ansatt til å halde i formidling og innsamling i dag ved dette arkivet. Det er graverande,» kommenterte ho. Her har ho på førespurnad frå Ballade skreve eit debattinnlegg der ho gjer greie for synspunkta sine på tilgjengeleggjering og levandegjering av tradisjonsmusikk i nord.

 

Av Unni Løvlid, førsteamanuensis og leiar av folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole

 

Folkemusikk er ein levande tradisjon. Noko skal bli gløymt, noko skal halde fram slik det er, noko skal endre seg saman med den som eig materialet akkurat no, og noko nytt skal kome til. Og ofte vil tradisjonen endre seg saman med deg over tid. Om denne levande traderinga vert brutt, er det ikkje kun musikken som forsvinn. Og det skal mykje til for å vekke tradisjonen til live igjen i det nære, lokale.

LES OGSÅ: Universitetet i Tromsø må ta ansvar for Nordnorsk folkemusikksamling

I folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskole (NMH) får den enkelte student gå i lære med ulike læremeistarar og pedagogar gjennom studietida si, og vi prøver så langt det let seg gjere å likestille dei norske folkemusikktradisjonane.

I tillegg arbeider vi med revitalisering, eller aktivisering av sovande materiale. Vekke til live transkripsjonar, lære frå arkivopptak, lese lokalhistoriske bøker, diskutere, reflektere og utøve. Vi søkjer mangfald, høgast mogleg kunnskap og refleksjon. Dette er studentar som drøymer om å leve som musikarar, kunstnarar og pedagogar. Fleirtalet av dei vil leve store delar av yrkeslivet sitt på ei scene.

Denne biten av folkemusikken er eg ikkje bekymra for.

Det eg er bekymra for, er kvardagsfolkemusikken og den lokale, levande traderinga som skjer i det nære. Om vi ikkje har lokal forankring til den levande folkemusikken, går tradisjonane over til å bli noko anna. Det blir ein konsertmusikk, og det har vel allereie skjedd.

Eg kjem frå ei lita bygd med 1200 innbyggarar, Hornindal. Då mamma, Oline Løvlid, lurte meg med på kvearkurs seint på 80-tallet, kjende vi til kun to-tre folkesongarar i bygda. Ti år seinare kunne dei fleste eldre eitt eller anna, og dei var stolte av det dei kunne. Og ein tidel av bygda gjekk i lære hos mamma.

Ingenting av dette hadde skjedd om eg ikkje vart lurt med på kvearkurs, fekk ein vennekrets med aldersgjennomsnitt 80 år, og fekk lære av dei.

Ho kunne til dømes lære vekk ein song til eit barn, og seie; denne har eg lært av bestemor di. No må du gå heim og synge den for ho. Det som skjedde då, var at bestemora korrigerte barnabarnet sitt, dei fekk ei felles interesse, noko som var deira, og som regel kom der fram fleire songar. Dei vart ein ressurs for kvarandre, der songen var det som bandt dei saman. Mamma lurte dei til å ta songane tilbake til kvardagen, og bruke dei i samvær der folk har ulik alder. Dette er det næraste suksess eg har observert av revitalisering av ein lokal tradisjon. Ho tok tak i det lille som var der, forsterka det, og gjorde det aktuelt i vår samtid og kvardag.

Det er dette arbeidet som har ført til at eg kunne ta musikkutdanning, leve som folkesongar, og i dag leie folkemusikkstudiet ved NMH. Ingenting av dette hadde skjedd om eg ikkje vart lurt med på kvearkurs, fekk ein vennekrets med aldersgjennomsnitt 80 år, og fekk lære av dei.

Skal vi ivareta levande tradisjonar og revitalisere sovande, så må vi gripe fatt i det lille som er der. Vi må leite etter det vi endå ikkje veit finst. Vi må legge vekk forestillingar og ynskjer om kva vi skal finne, og ta imot det som faktisk er der. Vi må gje desse tradisjonane verdi i vår samtid.

Tradisjonane nordover er sårbare på ein annan måte enn i Trøndelag og sørover. På 1800-tallet var der få innsamlarar som dokumenterte desse tradisjonane samanlikna med ellers i landet, og somme av dei som samla inn hadde ei forestilling om kva dei skulle finne, og ikkje minst ei forestilling om kvar dei skulle finne det, så dei fann ikkje det som faktisk var der.

Om du skal samle inn folkemusikk langs kysten, så hadde det til dømes på 1800- og 1900-tallet vore ein god ide å bruke båt. Møte det lokalmiljøet du faktisk besøkjer, og ikkje ta med deg sanningane frå Oslo. Som Susanne Lundeng fortalde i soloforestillinga si «Nesten ikke helt som før», fritt sitert: som tenåring sprang eg rundt i Beiaren og andre bygder, og lette etter den store hardingfeleslåtten, men fant ingenting. Men då eg tok til å leite etter det som faktisk var der, opna alt seg. Eg oppdaga at eg hadde tatt med meg tankegangen, kulturen og læremåten frå sørpå, at det var dei store slåttane og bondekulturen som hadde status. Men då eg forsto det, fann eg eit like verdifullt materiale, men som var annleis. Vi hadde en eigen signatur.

Vi treng lokalt ansatte som kan historiene.

I nord har der ikkje vore så sterk kappleikskultur, og heller ikkje ein sterk kultur for spelemannslag som vaks fram kring 1900 og framover store delar ellers i landet. Dette kan gjere tradisjonane i nord endå meir individuelle, eller avgrensa til eit lite miljø, ritual, arbeid og kvardag. Når kvardagen, sosiale mønstre, eller måten vi utfører ei handling på endrar seg, må folkemusikken endre seg saman med det, finne sin nye plass, om musikken skal ha ein vidare funksjon. Det er sårbart når vidareføring av dette mangfaldet ligg heilt på individnivå. Om kunnskapen kring musikken og kunnskapen om tradisjonane som heile blir gløymt er det omtrent umogleg å vekke det igjen.

Skal vi få balanse i kunnskapen om heile den norske tradisjonsmusikken, treng vi tilgang til alt materialet som er ved dette arkivet. Digitalisering er flott, men vi treng mest av alt ein eller fleire lokalt ansatte som har formidling og dokumentering av folkemusikken i dag som arbeidsområde. Som har tid til å samle inn alle spoleband som ligg rundtomkring på ulike loft, som blir brent i arveoppgjer. Vi treng lokalt ansatte som kan historiene.

Den enkelte tradisjon i nord er unik. Dei er del av vår immaterielle kulturarv og felles historie. Den er sårbar, og den treng hjelp for å få være del av vår felles kultur i dag. Barna har krav på å få tilgang til musikken, dansen og historiene, og dei som i dag lokalt har kunnskap fortenar å bli sett og satt pris på. For desse enkeltpersonane finst, der må berre være nokon som har tid og ynskje om å finne dei og lære frå dei.

Eg vil gjette at der er få ukjende felespelarar igjen, men på song så kan der være skjulte perler som kun det mennesket kan. Eit slikt innsamlingsarbeid er ikkje kun det konkretmusikalske, det er historiefortelling, foto, og som Susanne Lundeng sa i ei samtale: «samle inn kjøtt og blod kring ein tradisjon». Lære og prøve å forstå korleis dette materiale har vore brukt, mentaliteten, humoren, livet, kvardagen. Og korleis dette kan være del av i dag.

Det er strålande med tildelinga av midlar til digitalisering av den samiske delen av arkivet, skulle ynskje tildelinga var dobbelt så stor og at formidling og aktivisering av materiale var ein stor del av tildelinga. Men vi treng ei ny tildeling til heile arkivet. At alt dette materialet vert digitalisert. Og igjen, det viktigaste, at materialet får hjelp til å bli levande igjen i kvar ein krik og krok. Vi kan ikkje stjele det frå neste generasjon.

Tradisjonane våre i nord er ein viktig del av vår kulturarv, og ein viktig del av vår fleirkulturelle kulturarv. Om vi ventar for lenge, så vil det være for seint. Då sit vi kun igjen med konsertmusikken og arkivopptak som kanskje vert digitalisert ein eller annan gong når folk har slutta å spørje etter dei. Eller at materialet kun vert brukt av forskarar, komponistar og konsertmusikarar. Er det verkeleg det vi vil?

Norges arktiske universitetsmuseum er Nord-Norges eldste vitenskapelige institusjon, og har bidratt til kunnskap og innsikt i nordnorsk natur- og kulturhistorie, samfunn og livsgrunnlag siden 1872. Som ett av seks nasjonale universitetsmuseum er museets hovedoppgaver forskning og forskningskommunikasjon, utvikling og bevaring av vitenskapelige samlinger, formidling, forvaltning og undervisning.

UiT har også ansvar for Nordnorsk folkemusikksamling, som blei oppretta i 1949 av lektor Arnt Bakke ved Tromsø Museum. Samlinga har ansvar for arbeid med tradisjonsmusikk i Nord-Norge, både norsk-, samisk- og finskspråklig tradisjon. Samlinga er et senter for musikketnologisk forskning med tilknytning til landsdelen. Det arbeides med innsamling, dokumentasjon, forskning og formidling.

Se også Folkemusikkarkivet for mer informasjon om lokale arkiv som samler tradisjonsmusikk fra Norge. Det er nylig bestemt at Folkemusikkarkivet skal drives videre av Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev