Dette er et meningsinnlegg, der avsenderen gir uttrykk for sine synspunkter og refleksjoner. Teksten er et innlegg i den pågående debatten om kunstig intelligens i musikken, se blant annet innlegg fra musikerne Anders Odden og Kjetil Manheim. Følg debatten og flere saker om temaet her.
Av Hans Martin Sognefest Austestad, musikar og musikkpedagog
KI øydelegg ikkje musikken. Men keisarens nye klede er no avduka. Når maskiner kan produsere musikkopptak i industriell skala, blir problema i merksemdsøkonomien som omsluttar strøymebransjen umogleg å oversjå. Spørsmålet er ikkje korleis kunstnarar skal konkurrere med kunstig intelligens (KI) – men korleis vi skal handtere det aukande gapet mellom talet på avspelingar som målestokk, og kunstnarisk verdi.
Ein krise før KI
For seks år sidan skreiv eg eit innlegg i Ballade der eg stilte spørsmål ved musikkbransjens stadig meir teknologioptimistiske kunstsyn. Det var lenge før generativ KI var allemannseige. Poenget mitt den gongen var at forholdet mellom musikk, tid og verdi allereie var ute av balanse. Dette meiner eg framleis – og KI har bidrege til ei svært tydeleg avkleding av problemet.
Musikken blir i aukande grad målt gjennom aktivitet, volum og synlegheit. Statistikk-porno tek plassen til erfaring, forankring og meiningsutveksling, og me har alle bidratt til at me står der me gjer i dag.
Når musikk sluttar å vere noko som skjer
For seks år sidan uttalte Daniel Ek at kunstnarar måtte lage meir musikk og interagere oftare med publikum for å henge med i tida. Utsegna var formulert innanfor eit system der plattforma sjølv definerer både mål og suksesskriterium. Musikken vart redusert til ein kontinuerleg straum av innhald, og kunstnaren sin rolle tilsvarande snevra inn: til ein vedlikehaldar av merksemd.
I ein slik merksemdsøkonomi tel synlegheit og volum meir enn ettertanke. Tala fungerer som ein snarveg til verdi: det som blir mykje spelt, blir også oppfatta som viktig. Samstundes blir kritikk, omtale og levande samtalar om musikk- og konsertopplevingar skyvd til side.
Å konkurrere med maskiner på maskiners premiss
No står vi midt i eit musikkproduksjonslandskap der maskiner kan produsere musikkopptak i eit omfang og tempo som utkonkurrerer menneskeleg produksjon. Det finst ingen grunn til å tru at handlaga musikk kan hevde seg så lenge verdien av handverket ikkje blir omsett i økonomisk kompensasjon.
Når spelelister blir strødd ut over kjøpesenter, arbeidsplassar og offentlege rom, og bruksmusikk blir sidestilt med kunstmusikk, står kunstmusikken att med ulevelege vilkår. I ein slik logikk taper ho ikkje fordi ho er svakare – men fordi ho ikkje er laga for kontinuerleg friksjonslaus konsum.
For å forstå dette perspektivet, kan vi sjå til norsk husflid. I saum- og bunadstradisjonen veit vi godt kva som skjer når handverk blir målt etter industriell effektivitet. Bunader kan i dag produserast raskt og rimeleg i Kina, ofte så presist at skilnaden er vanskeleg å sjå. Men det betyr ikkje at handverket står att utan verdi. Det betyr at konkurransevilkåra er endra.
Problemet oppstår når ein samanliknar handsaum og fabrikkproduksjon etter dei maskinelle kriterier som pris, tempo og volum. Då taper handverket kvar gong – ikkje fordi det er dårlegare, men fordi det representerer noko anna: tid brukt, kunnskap overført, lokal forankring og sosial meining.
Det same gjeld musikken. Utfordringa er ikkje at maskiner lagar musikk raskare enn oss, men at vi held fram med å bruke fart og mengd som målestokk for verdi – akkurat det Daniel Ek sa for 6 år sidan. Når slike effektivitetskriterier er akseptert som konkurransevilkår, er utfallet gitt – håndarbeidet taper. Men me treng kanskje ikkje eit husfliden-tiltak for den handlaga musikken?
Frå verk til praksis
Når systemet premierer skala framfor erfaring, blir det tydeleg at kunstnarisk ansvar kviler på kunstnaren sjølv. Spørsmålet er ikkje berre kva kunstnaren vel å produsere, men kva slags praksisar ein er med på å oppretthalde. Sjølv har eg teke vekk musikken min frå Spotify.
For min del har eg også hatt ei uro over kor mykje av musikkøkonomien som er basert på passive opplevingar: ferdige produkt, lukka verk og innhald som først og fremst fangar merksemd, utan å invitere til djupare deltaking eller erfaring.
Difor har eg dei siste åra retta større merksemd mot det som kjem i forkant av det musikalske resultatet – mot prosessane, rammene og handlingane som gjer musikk mogleg. Det har ført meg i retning av å utvikle musikalske verktøy, heller enn berre ferdige verk: frå å dyrke ein banjo ute i hagen, til å kode ein asymmetrisk metronom eller ei mikrotonal stemmemaskin.
Åndsverktøy
Nisjeprega, ja – men retta mot aktivitet, deltaking og eigen erfaring. Dette er ikkje først og fremst noko som skal forklarast, men noko ein kan vekse i. Eg vil ikkje berre at folk skal høyre på musikk. Eg vil at dei skal gjere musikk. Røre på seg. Lytte annleis. Vere aktive deltakarar i eigne opplevingar.
Eg kjem framleis til å lage musikk. Men kanskje kjem eg i større grad til å selje målarpenslar enn ferdige bilete. Ikkje fordi kunsten er mindre verdt, men fordi passivisering har blitt eit større problem enn det var før ordet «skjermtid» vart allemannseige.
Kanskje vil kunstnarar i framtida bli målt mindre på kor mange åndsverk dei produserer, og meir på kva slags åndsverktøy dei stiller til disposisjon.
Når støtteordningar må ta praksis på alvor
Dette perspektivet har klare konsekvensar for korleis offentlege støtteordningar er utforma. Når det ferdige resultatet – fonogrammet, utgjevinga, dokumentasjonen – framleis står i sentrum, vidarefører ein ein verdilogikk som ikkje lenger held.
I ei tid der maskiner kan produsere musikkopptak i industriell skala, gir det lite meining å knyte stønad så tett til sjølve produktet. Det som treng støtte, er ikkje først og fremst lydfila, men den musikalske aktiviteten: praksisen, situasjonen og arbeidet som gjer musikk mogleg. Fonogramstønaden, slik vi kjenner henne, er difor ikkje berre utilstrekkeleg – ho er feilkalibrert.
Det same gjeld arrangørstøtte. Offentlege midlar må forplikte mottakarane til å bidra til ein sunn og oppbyggjande økonomi for alle involverte, og særleg for kunstnarane. «Gode opplevingar» kan ikkje fungere som frikort frå ansvar for korleis verdiar faktisk blir skapte og fordelte.
Å støtte kunstnarar som formidlarar av åndsverktøy – ikkje berre åndsverk – er difor ikkje ei teknisk justering, men eit kulturpolitisk vegval. Det handlar om kva slags musikkliv vi ønskjer å byggje, og kven det er meint å tene.
Kven er musikkøkonomien eigentleg for?
I dette lyset er det meiningslaust å gjere KI til ein demon. KI er ikkje årsaka til krisa i musikken. Han har berre rive vekk dekoren og gjort problemet umogleg å ignorere.
Maskiner kjem til å lage meir musikk enn menneske. Det er allereie eit faktum. Det verkelege spørsmålet er om vi vil halde fast ved ei musikkforståing som premierer høge volum av passivt konsum framfor levande praksis.
Brukt medvitent kan KI være eit vendepunkt. Ikkje fordi han erstattar menneskeleg erfaring, men fordi han tvingar oss til å sjå problemet med å la merksemdsøkonomien styre kva som gjev kunstnarisk verdi.

– Det har vært en ære å jobbe med legendariske Jo Nesbø
Nick Cave og Warren Ellis står bak musikken til Netflix’ norske storsatsing Jo Nesbøs Harry Hole.

KI-assistert musikk har opphavsrett, KI-generert ikke
INNLEGG: Hvor mye menneskelig skapende innsats må til før musikk skapt med hjelp av kunstig intelligens får opphavsrett? TONOs Willy Martinsen svarer på Anders Oddens spørsmål til forvaltningsorganisasjonen.

Linda Melsom er ny festivalsjef i Moldejazz
– Jeg gleder meg til å bli bedre kjent med menneskene, musikken og kraften som ligger i Moldejazz, og til å se hvordan vi sammen kan skape veien videre.

– Vi er to introverte typer som lager en introvert skive
Har Norge plass til en moden og godt voksen hiphop-plate? Fredag 30. januar slipper rapper Kjartan Gaulfossen og produsent Fred Russel albumet "Etter alt", en utgivelse som verken lener seg på boom bap, trap eller kommersielle grep.

Musikkforleggerne: – Her er de nominerte til årets gjeveste
Fra store, historiske verk og hits, til profilert filmmusikk: Disse er nominerte til Musikkforleggerprisen 2026.

Kunstig intelligens dreper varen, men kan frigjøre kunsten
INNLEGG: Det er betryggende at vi deler bekymringen for menneskets plass i musikken, skriver Kjetil Manheim i sitt svar til musiker Torstein Slåen.













































