Teksten er Siri Storheims takketale etter å ha mottatt Norsk Komponistforenings likestillingspris 2022 under konsert med KORK – Kringkastingsorkesteret i NRKs Store Studio torsdag 2. februar. Talen ble først publisert på Komponistforeningens hjemmesider.
Av Siri Storheim, hornist
Når ein enkelt artikkel får så stor merksemd, viser det at bransjen vår roper etter fornying, og sterke stemmer som kan gå i bresjen for det. For meg er denne prisen ein oppmuntring og oppfordring til vidare engasjement.
Innlegget i Kontekst var ikkje min fyrste kronikk. Då eg var 13 år skreiv eg ein ganske krass tekst i Bergens Tidende om dei blodige urettferdigheitane i norsk kvinnefotball. Likestillingskampen var og er den viktigaste politiske saken for meg, men som 13-åring tenkte eg at det var fotballen som trengte mitt «feministiske fokus.» I skulekorpset hadde eg både mannlege og kvinnelege dirigentar, eg hadde kvinnelege hornlærarar, og eg elska å spele musikk av Camille Saint-Säens, som eg, utifrå navnet, var sikker på var ein kvinneleg komponist.
Då eg vart ein del av den klassiske musikkverda, skjønte eg at det var mykje som ikkje levde opp til mine idealer når det gjaldt mangfald og likestilling. Likevel sleit eg med å navigere engasjementet mitt. Ting var som dei var, som dei alltid hadde vore, og det var lett å skulde på at klassisk musikk er konservativ i sin natur. Eg følte på avmakt i møtet med miljøet, men det utvikla seg fort til eit ønskje om å påverke. Gjennom heile studietida jobba eg for sakar som var viktige for meg, og engasjerte meg på ulike områder. Det var veldig givande, men eg skjønte også at det er svært vanskeleg å endre ein institusjon eller organisasjon frå innsida. Difor såg eg behovet for ein offentleg debatt.
Å ta det steget var ikkje berre lett. Når ein kritiserer systemet kritiserer ein indirekte folka som utgjer det. Som frilansar er ein heilt avhengig av nettverk, gode relasjonar og eit godt rykte, for å sei det på gamlemåten. Ryggmargsrefleksen er med andre ord ikkje å vere sint feminist på internett. Sjølv om det kanskje er innbilling, kjennes det som om eg setter noko på spel ved å ta den rollen eg har tatt, og eg trur den kjensla hindrar andre frå å gjere det same. Difor er eg ekstra takksam for den støtta og anerkjenninga denne prisen er.
Ting skjer ikkje av seg sjølv – det kjem ikkje til å gå seg til med tida. Eg vil utfordre norsk musikkliv til å våge å forplikte seg til arbeidet for mangfald og likestilling. Det kjem til å bli utfordrande og tidvis ubehageleg, men det er det einaste riktige å gjere.
Red. mrk.: Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige Ballade.no. Norsk Komponistforening er en av tre organisasjoner som er medlemmer i Foreningen Ballade.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.












































