Hans Martin Austestad skriv om arbeidsforhold i Den kulturelle skulesekken. (Foto: privat)

DKS-debatten: – Kulturtanken viker unna all omtale av kva rolle kunstnarane har

Ein sakleg debatt er ikkje det same som å vende blindsida til diskriminering av kulturarbeid, skriv musikar Hans Martin Austestad og svarar skulesekk-general Øystein Strand.

Kalender

Konsert: ENCORE – INSPIRASJON

27/09/2023 Kl. 19:00

Oslo

Konsert med TERJUNGENSEMBLE

29/09/2023 Kl. 18:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

30/09/2023 Kl. 19:00

Oslo

Av Hans Martin Austestad, musikar, pedagog og komponist

«Det er en uttalt politisk ambisjon i Hurdalsplattformen om å styrke DKS, og et ønske om å skape felles eierskap til dette gullet av en ordning» seier Kulturtanken sin Øystein Strand i den gåande debatten om Den kulturelle skulesekken (DKS). Og i likskap med Eldar Skjørten foretrekk Strand ein sakleg debatt framfor nedlatande karakteristikker og spydigheiter slik Sanna Sarromaa står for i sitt innlegg om «den kulturelle drittsekken». Eg er samd i at sakleg debatt er viktig. Men når Strand held seg «for god» til å kommentere kritikken og haldninga Sarromaa viser mot kunstnarar unnlet han å gå inn i ein sentral problematikk for ordninga. Korleis skal Strand væra talsperson for fellesskap og eigarskap i DKS, når etaten han leiar viker unna all omtale av kva den konkrete rolla til kunstnarar i ordninga skal vere?

Haldningar til kunst og kultur slik Sarromaa syner fram – som i Ballade sist mandag – får grobotn når kunstnarar over lang tid blir behandla dårlegare enn andre arbeidstakarar. Eg er sjølv lektor med tilleggsutdanning. Om eg tek meg permisjon frå lærarjobb for å ta på meg DKS-hatten mistar eg rett på sjukeløn og innsparing av offentleg tjenestepensjon til eg blir gammal. Eg må sjølv teikne privat forsikring mot ulykker på jobb, og får ingen ansiennitet sjølv om eg hadde dette før. Eg kunne dermed teoretisk sett fått eit oppdrag på same arbeidsplass som eg allereie jobbar, og stått framfor dei same elevane, med tyngre ansvar ved å skulle stå framfor store elevmengder på ein gang og halde merksemda deira i 45 minutt, opp til 3 gongar om dagen. Men oppdraget ville plutseleg ha gjort meg mindre verdsett som arbeider enn dei andre på jobb i skulebygget. Dette er uklokt. Det fører til at slike som Sanna Sarromaa synst det er greitt å kalle kulturarbeidet mitt for ein livsløgn. Eg skifter frå lærarhatt til DKS-hatt og blir plutseleg sett på som klovn av slike som Sarromaa. Dette kan politikarar og dei som arbeider i ordninga fikse opp i – det er berre å sørge for at kulturarbeidarar ikkje blir diskriminerte. Og gjere dei til likestilte samfunnsborgarar som utfører dannelsesoppdraget som DKS har som mål å bidra til. Dette ved å gjeve DKS-arbeid heilt ordinære sosialdemokratiske godar.

Det kan hende Strand ikkje veit det eller har gløymd det, men 1. August 2017 gjekk eg sjølv ned 10% i DKS-lønn over natta som følger av Kulturtanken sitt «felles eigarskapsprosjekt». Då hadde eg arbeidd i Rikskonsertene og DKS i 7 år, på turne i 9 ulike fylker i tillegg til 2 kulturbistandsprosjekt i Bangladesh og Sri Lanka. Endringane i mine rettigheiter førte til at eg først gjennomførte avtalene eg hadde lovd meg vekk til – så slutta eg i ordninga. Ved at eg slutta i ordninga kunne eg også tale fritt på vegne av alle dei som er redde for å miste jobb om dei klager. For meg gav det uansett ikkje meining å stå framfor elevar på måten leiinga i Kulturtanken og KS ser for seg, for eigen risiko. Når eg like gjerne kunne formalisere arbeid med barn og unge som lærar, og bruke resten av tida på å vera frilansar med andre kunstnariske prosjekt for vaksne. Det er også eit tankekors at Kulturtanken ønsker at DKS skal knytast tettare opp til læreplanverket, men ved arbeidstilknytinga gjer oppdraga mindre attraktive for dei som faktisk har pedagogisk erfaring og utdanning.

Eg meiner difor Strand burde svara Sarromaa i meir direkte ordelag, for å belyse kva rolle Kulturtanken meiner at kunst og kultur, og kunstnarar, retta mot barn i samfunnet, skal ha. Dette treng kulturlivet no, når pandemien snart går inn i ein ny smittebølge. Strand seier at det har vore politisk ambisjon å samle eit felles eigarskap til DKS. Det finst ingen DKS utan kunstnarar. Kunstnarar må då vera med og eige ordninga. Då er det endå eit tankekors at omstruktureringa av ordninga ikkje berre har ført til at kunstnarar mista basale rettigheiter. Talet på kunstmøter har vorte dramatisk redusert. I snitt var det 4,2 kunstnarbesøk på skular i 2017. Talet før 2017 er ikkje kjend, det var truleg endå høgare. I 2021 og 2022 har talet vorte redusert til 1,8 kunstmøter per elev. Ein reduksjon på omlag 57%, der sjølve kunstnaren er teke ut av statistikken i form av ordet «kunstmøter». Dette kjem fram av Kulturtanken sin årsrapport for dei siste 5 åra.

Skribent, lærar og forfattar Sanna Sarromaa satte kultursinn i kok med sine tekstar om kultur i skolen. Debatten løper vidare, etter tilsvar frå lærar Eldar Skjørten og Kulturtanken-direktør Øystein Strand. (Foto: privat)

Vil både inndratte rettigheiter og reduksjon av kunst(nar)møter føre til større eigarskap blant dei tusenvis av profesjonelle kunstnarar som Strand i sitt innlegg gjev «æren for at DKS er det einaste kulturpolitiske tiltaket som når alle barn og unge i heile landet»? Nei, det er urimeleg å hevde at det er ein god utvikling at mange skular berre får 1 besøk i året. Nokon vidaregåande skular fekk ingen besøk i året som gjekk. Dette er slik nedbygging ser ut. Sjølv om Strand hevder at samarbeidet med Utdanningsdirektoratet og KS er godt: Pengane har flydd vekk frå kulturtilbodet til ungane. Kva er det som er godt med samarbeidet mellom Kulturtanken, KS og Utdanningsdirektoratet? Dette seier ikkje Strand noko om.

Kunstnarar har uansett hatt tre opprop sidan 2017 (2017, 2019, 2022) som har varsla feilslått politikk og krevd endring. Ein tydeleg stemme om at endringane har vorte tredd over hovudet på den arbeidsgruppa som har vore aller hardast ramma under pandemien. Oppropa tek først og framst til ordet for sosiale rettigheiter, men dei handlar i eit makroperspektiv om å stadfeste kunsten og kunstnaren sin rolle i det sosialdemokratiske fellesskapet. Og då kjem ein tilbake til dette med Sanna Sarromaa og kvifor det er viktig å svare på hennar haldningar. Det hjelp ikkje at leiaren i Kulturtanken svarer på Sarromaa sin kritikk med flotte ord om kor viktig kunst og kultur er i samfunnet. Leiaren i Kulturtanken burde sjå Sarromaa sin kritikk i lys av at omlegginga har berettiga ho til å snakke nedlatende. Tilsvaret hans burde ikkje komme i form av ære og applaus. Det burde komme i form av at han tek til orde for sosiale rettigheiter for DKS-arbeid.

I mine rundt 500 konsertdøgn for DKS var eit av dei mest vanlege spørsmåla eg fekk i pausane på personalrommet. «Er det vanskelig/går det an å leve av musikk?». Eg pleidde å svare «Ja, eg har faktisk same rettigheitene som deg når eg er ute på denne jobben.» Trist at DKS-arbeidarar ikkje kan seie dette i 2022. Skal ein komme fram til felles eigarskap lyt ein nok legge om ordninga ein gang til.

Les også: Forenkla kritikk og surrealistisk kulturforvalting

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Kommunikasjonssjef

Arktisk Filharmoni AS

Kunstnerisk leder

BIT20 Ensemble

Distriktsmusikar hardingfele/fele

Sunnfjord kulturskule

Organist

Flå Sokn

Pianolærer

Nord-Fron kommune / Fron kulturskole