Gå ikkje glipp av Tigerstate på Øya – deira ferske "It Goes Around" er ein fest! (Foto: Fahil Anweri)

– Ikkje gå glipp av denne sensasjonen på Øya

Men er det jazz? Hausten startar med sterke utgjevingar frå blant andre Morten Georg Gismervik, Susanna Wallumrød har laga gull med stort orkester, og for Øyapublikum er Tigerstate et must, skriver Torkjell Hovland.

Kalender

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

Tilbake frå ferie høyrer eg – med Tigerstate sin ferske megahit «Parece Tão» som eksempel – at kvardagen ikkje er så verst likevel, med ein slik start på musikkhausten.

Bliss Quintet var ein av dei sterkaste nykomarane i fjor med Dramaqueen – no har dei sluppe sin første singel, «Reminiscin’» frå det komande albumet. Og A Tonic For The Troops singel «A Cup of Ambition» anbefalast verkeleg ein lytt når den kjem på fredag.

Desse platene er tre av dei sterkaste akkurat no:

Tigerstate – It Goes Around (Tigerstate Records 2023)

Tigerstate – It goes around (Tigerstate Records 2023) (Foto: Tigerstate Records)

Frå opningslåta «Get Out», kjenner du effekten av lukkepillen som er Tigerstate. Lydbiletet er stappfullt av alt som luktar av fest og sommar, fri flukt ut i augustnatta– get out! På denne første låta har kollektivet Tigerstate med seg Sofie Tollefsbøl (FIEH) som gjestevokalist. Slik er dette bandet – det framstår som ein vennegjeng som inviterer med seg sine beste musikarvener og deg og meg inn i eit fantasifullt festrom!

Musikarane på plata er å finne i Mall Girl, Why Kai, FIEH – kanskje dei norske gruppene med sterkast identitet dei siste åra.

Tigerstate si debutplate frå i fjor kom som ein frisk pust ut av livet i lockdown. Kollektivet vart til under nedstenginga, og ein kan høyre trenden i at musikk frå den mørke pausa er fylt av lys og drøymande bliss. Alle trengte ei flukt. Tigerstate bader deg i dette, og hei: torsdag fyller dei Sirkus-scena på Øyafestivalen i Oslo med lys.

Melodiane er sterke, direkte og set seg godt til rette i lyttaren. Eg plystrar på låtane kvar enn eg går. Det er eit sound som er prega av at musikarane sjølve er musikkfans – her flyt det i referanser frå ei bredde av musikalske uttrykk.

«Look in her Eyes» minner om ting som Beck for eksempel (Ferdinand Widmer har enda til snarlik stemme som Beck), eller Gorillaz. Mykje av musikken er sterkt inspirert av brasiliansk dansemusikk frå 80-talet, frå gitar og perkusjon som vi høyrer på «Get Out». Eller endå tydelegare på to av låtane der bergensbaserte Gabriela Garrubo som syng på portugisisk, «Soltar Pra Fora» og «Parece Tão». Sistnemnde er forresten platas høgdepunkt – ei enorm discolåt!

A propos: Vil du ha meir av ho? Garrubo leverte forøvrig også ei sterk debutplate før sommaren!

Trommeslagar Elias Tafjord og bassist Andreas Rukan driv det heile vegen. Og Rukan får fri utfalding i bassinga, høyr berre på årets mest livgivande bass-spel mot slutten av «Parece Tão». Gitarfantom Iver Armand Tandsether fargelegg med karakteristiske og sterke fargar også her, som i Mall Girl. Han har blitt ei merkevare i seg sjølv!

Tigerstate var forøvrig min favoritt av konsertfilmane blant NRK-scenen.

Morten Georg Gismervik – Dunes at Night (Hubro 2023)

Om du allereie høyrer for deg noko når du høyrer namnet Hubro, så vil den ferskaste plata frå plateselskapet mogleg overraske deg. Her er det ikkje akustisk gniksing, uslipte og skeive tonar. Nei, heller skarpt og presist, og med ein varm og fyldig hifi-lyd. Gitarist Morten Georg Gismervik står i ein tradisjon der Lage Lund eller Thomas Dahl kan nemnast utan å fornærme nokon.

Kjem du med heilt opne øyrer, så er det ei reise som fort skaper bilete i hovudet. Gismervik skriv at han har laga plata som ein film, med to karakterar – Kimri og Winter, der Kimri er den livlige og utadvendte og Winter den innadvendte og sjenerte.

Det er ei interessant vinkling og plata kan godt lyttast til slik – men ho står seg sterkt utan denne ramma. For handverket er bunnsolid, og det er ei fryd å nærlytte til gitarspelet, leite etter alle dei. Også komposisjonane er gjennomført sterke, med utvikling som nettopp er som ein film med eksponering av ulike karakterar og situasjonar. Lytt etter kvifor!

Kontrabassist Håkon Huldt-Nystrøm og cellist Ellen-Martine Gismervik gjestar med strykeparti som tilfører eit element eg gjerne skulle høyrt meir av, for desse er integrert i lydbiletet på ein måte som løftar uttrykket.

Pianist Harsha Jerome er spesielt interessant å lytte til, han er tydeleg rytmisk og har klåre idear. Gismervik er ein leiken komponist, og pianosoloen etter det lukkeleg naive partiet halvvegs ut i «I’m In» blir kanskje høgdepunktet mitt. Plata kjem på fredag 11. august.

Susanna – Baudelaire & Orchestra (SusannaSonata 2023)

Susanna – Baudelaire & Orchestra (SusannaSonata 2023) (Foto: Tomas Lauvland Pettersen)

Det knitrar smått og intimt i den vesle opninga «Sarcophagi». Men så snik Kringkastingsorkesteret sine strykarar seg inn med eit tettvevd klangteppe. Det er spenning i tonane som ligg. Så flyt ord ut gjennom Susanna Wallumrød si klåre, sterke røyst i «Obsession».

Baudelaire & Orchestra er del tre i Susanna Wallumrød sitt Baudelaire-prosjekt, der ho set tonar til tekstar av den franske poeten Charles Baudelaire. Baudelaire & Piano (SusannaSonata 2020) og Elevation (SusannaSonata 2022) var dei to første. Tekstane er oversatt av Anthony Mortimer.

Les også: Ballade anmelder Baudelaire & Piano

Stina Stjern var med Susanna på Elevation, og har her med kassettspelarar og diverse elektronikk som får plass fleire stader gjennom plata. Vi høyrer fuglekvitter og elektronisk kvitring frå kassettar. Desse smålydane står i sterk kontrast til den himmelstore klangen til orkesteret som pregar plata, og gjer at vi som lyttarar bevegar oss inn og ut av ulike rom og stemningar.

Av alle prosjekt KORK har gjort dei siste åra, så er dette det mest heilskapleg meiningsfulle eg har høyrt. Dette er ikkje berre «artist featuring KORK» som dei har gjort mykje av. Dette har blitt eit verk som står sterkt som ei eining.

Orkesterklangen kler stemma til Susanna perfekt. Jarle Storløkken og Jan Martin Smørdal som har skrive arrangementa utnyttar orkesterklangen til det fulle, og på kreative måtar. Her smakar det av lange orkestertradisjonar frå barokk til Ennio Morricone sin filmmusikk.

«Longing for Nothingness» blir ståande som høgdepunktet. Denne mystiskvakre songen gir frysningar kvar gong. Og «Alchemy of Suffering» som kjem like etter blir vondt levande i gjennom orkesterets lydrikdom.

Men det er dei sterke melodiane til Susanna som er den hemmelege ingrediensen – dei er sterke i seg sjølv, også berre med eit enkelt piano. Eit orkester på 50 fargelegg og løftar fram den klåre melodien – og Susanna Wallumrød si klåre og rike stemme.

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo