Den bergensbaserte finanskvinna er administrerande direktør i Formueforvaltning Vest AS (Borea-gruppen) – og har ei lang og innhaldsrik merittliste: Utdanna siviløkonom ved London School of Economics; tidlegare viseadm. direktør i Sparebanken Vest og adm. direktør i Skandia Fondsforvaltning. Ho har lang styreerfaring og har for tida styreverv m.a. i Eiendomsspar (Christian Ringnes), Eksportfinans, Jægergruppen, Universitetet i Bergen og Norsk Film Kommisjon.
— Me i Borealis trur at Salthella vil bety mykje for festivalorganisasjonen – med si lange erfaring både som leiar og gjennom sine styreverv. Hennar kunnskap om det private næringslivet i Bergen vil også vere særs verdifull for oss – ikkje minst i den vidare profileringa av festivalen i åra framover, seier festivalsjef Nicholas H. Møllerhaug i ein pressemelding.
Salthella tek over styreleiarvervet etter Rune Gaustad som vart vald som styreleiar på det første ordinære rådsmøtet i Borealis desember 2004. Gaustad valde å ikkje stille til attval – grunna flytting til Trondhjem og endra jobbsituasjon.
Dagens styre i Borealis ser slik ut:
* Styreleiar Monica Salthella
* Nestleiar Aashild Grana; dagleg leiar Kulturhuset USF
* Steinar Sekkingstad – kunsthistorikar; tilknytta Lydgalleriet og Bergen Kunsthall
* Grethe Melby – medievitar; skribent og kritikar; tilknytta ei rekke tidsskrift og aviser
* Hild Borchgrevink – musikkvitar – tilknytta Ultimafestivalen og Musikkinformasjonssenteret MIC
Varaer:
* Roar Sletteland – filosof – tidl. dagleg leiar ved Bergen Senter for Elektronisk Kunst
* Hans Knut Sveen – førsteamanuensis, Griegakademiet – cembalist i Bergen Barokk
* Susanne Christensen – skribent og kritikar – tilknytta forlaget Gasspedal
Dette i følge en pressemelding