Komponist Britta Byström opplevde celloen si røyst som ekstra sterk gjennom Amalie Stalheim sitt spel, skriv Ballades meldar frå andre del i BIT20s konsertserie #NORDEN, der svensk samtidsmusikk var i fokus. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

#NORDEN: Korleis høyrest svensk samtidsmusikk ut?

Konsertmelding: Fem komponistar frå nabolandet vårt viste ein smakebit av kva dei har produsert dei siste åra gjennom ein kveld som vart meir og meir eksperimentell.

BIT20 sin konsertserie #NORDEN er ei undersøking av likskapar og ulikheiter i nordisk samtidsmusikk. Medan første konsert i serien var dedikert Noreg og presenterte fleire teatrale verk, eit datert tilbake til 1977, viste denne konserten noko av breidda – og den høge kvaliteten me kan finna hjå svenske samtidskomponistar.

 

Åsa Osmundsen Opedal (Foto: Privat)

 

#NORDEN – Sverige
Konsert med BIT20 i Mimes brønn på Campus Kronstad, Høgskulen på Vestlandet
2. april 2022 kl. 18:00-21:30

Dirigent: Christian Karlsen (SE)

Anders Hillborg – Scream Sing Whisper
Britta Byström – Figures at the Seaside*
Djuro Zivkovic – On the Guarding of the Heart

Pause med panelsamtale med Britta Byström, Djuro Zivkovic og Christian Karlsen, moderert av Arnulf Christian Mattes, førsteamanuensis og leiar for Senter for Griegforskning ved Universitetet i Bergen.

Lisa Streich – Francesca
Johan Svensson – Stop Motion **

* Solist: Amalie Stalheim
**Solist: Håkon Skjæret

 

Ikkje alle er interessert i ljoden av eggedelar
…men BIT20 sin Fan Club er. Ein sykkeltur frå Bergen sentrum ligg Høgskulen på Vestlandet. Eit knippe menneskjer valte å bruka laurdagskvelden sin her på å utforska nordisk samtidsmusikk. Eit trekkplaster for kvelden var cellist Amalie Stalheim som solist, medan perkusjonsolist Håkon Skjæret kom inn som ein joker som på kryptisk vis trakterte ein slags kinetisk installasjon som fylte halve scena.

Den svenske dirigenten Christian Karlsen fungerte som sjarmerande toastmaster og underhaldt mellom rigginga. Begeistra fortalte han kor fantastisk ljoden av ein eggedelar kan vera, og at kven som slår kven på Oscar-utdelinga er irrelevant – det er jo samtidsmusikk som er «the shit». På humoristisk vis gjorde han det til noko eksklusivt å vera i «BIT20 Fan Club» samstundes som han oppmoda oss om å laga ein analog algoritme for å spreie interessa for samtidsmusikk ved å ta med ein, eller helst to, vener til neste konsert.

På scena har han med seg 18 musikarar. I det han løfter pinnane sine innser eg at eg ikkje aner kva me har i vente. Ljoden av ein eggedelar?

Dirigent Christian Karlsen skapte ei uhøgtideleg ramme rundt kvelden som passa konserten bra. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Når livsgrunnlaget forsvinn
Anders Hillborg har vore ein av dei viktigaste komponistane i Sverige dei siste 40 åra, og opnar kvelden med det vitale verket Scream Sing Whisper. Verket er fullt av raske skifte, og startar med ein feel-good sekvens som kunne vore ljodsporet til Olsenbanden på promenade, men forandrast gradvis til noko meir guffent som dreg oss inn i ei krise.

Frenetisk klimpring på fiolinstrengene får fingrane til å likna kravlande edderkoppar som vert akkompagnert av glitrande xylofon. Slagverkaren slår på metallrøyr, og ljodane som kjem ut liknar dei frå eit orgel. Fløytene skravlar i munnen på kvarandre medan tunge trommer gir tyngde til ljodbiletet.

Det er dramatisk, eksistensielt og passande for ein filmscene der hovudkarakteren oppdagar ei altomveltande løgn som gjer at livsgrunnlaget forsvinn. Men så kjem eit stille parti der lange tonar vert hengande i lufta og endrar ljodbiletet. Dramatikken vert skrudd ned og det lystige, komiske partiet som opna stykket returnerer. Ensemblet skrur ned tempoet i sekvensen på seigt, nesten slow-motion aktig vis som gradvis rundar av stykket før ein kort tone på xylofonen avsluttar det heile. Tittelen er passande til komposisjonen. Verket både skrik, syng og kviskrar.

Scream Sing Whisper – verket både skrik, syng og kviskrar, skriv Ballades meldar. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Ømme landskap av dis
Britta Byström har henta inspirasjon frå Bach, og kalla verket ein samtale med komponisten, talt gjennom celloen si røyst, formidla av den unge, men anerkjente cellisten Amalie Stalheim. Dette er eit mjukare verk. Det er ein sørgmodig røyst me får høyra frå Stalheim, som sitt på eit lite podium. Strykarane leiar veg medan mjukt, ømt harpespel akkompagnert av flygelet kompletterer det rike ljodlandskapet og skapar romantiske bileter av dis som svevar over vatnet.

Cellisten og fiolinistane byrjar å klimpra på strengene, og ljodbiletet vert meir oppløftande. Det er nydeleg, og rommar både tristesse og optimisme. Det er som eg kan høyra steinar spretta over det disige vatnet. Melodiøse bølger av samspel formeleg løfter oss opp frå setene. Figures at the Seaside er eit verk som inviterer til nyting.

At tittelen på stykket passar så godt til assosiasjonane det skapte fortell meg at komponisten verkeleg har klart å formidla ein ide gjennom musikken sin. Under panelsamtalen midtvegs i kvelden forklarar Byström at ho såg for seg Bach som spelte verket sitt, medan det fall frå kvarandre og lause bitar vart driven mot land. Langs strandkanten plukka Byström opp bitane og satt dei saman til denne komposisjonen. Skildringa hennar av inspirasjonen visar seg å vera like poetisk som verket.

Giftig klang
Som ein kontrast til Byström sitt flytande, romantiske verk, er det noko skummelt og trugande over Djuro Zivkovic sin komposisjon On the Guarding of the Heart. På hakkete, stakkato vis slår pianisten repetativt på same tangent om og om igjen. Flygelet sin klang heng i rommet som gift – ein raud strek i det klangbaserte verket. Umerkeleg syng musikarane enkle, korte tonar som blandar seg med instrumenta.

Eg vert obs ei hand nede i flygelet som trommer på strengene. Rytmen er rask, men volumet lavt. Den subtile tromminga liknar ljoden av telegrafiske meldingar som vert tappa ned med innstendig peikefinger på morseapparatet og held ei spenning, medan strykearrangementet stille gret. Det er gravalvorleg. Med aukande intensitet kulminerer stykket med pianospel som liknar eit barns umotiverte klasking på tangentane. Insisterande i all sin villskap. Så sluttar det brått. Klangen frå flygelet heng att i fleire sekunder.

Stykket er inspirert av stoisk filosofi, eit tankesett med stort fokus på indre liv. Det er lett å godta at On the Guarding of the Heart representerer eit trøblete, rikt kjensleliv. Tittelen visar til at ein må ta vare på hjarte sitt, både ved å ikkje sleppa inn noko som kan skada det, men heller ikkje sleppa noko ut. Klangen i verket symboliserer frosen tid og pausane tilstanden av eit stille sinn.

Zivkovic samanlikna det å komponera med å løfta ein jumbojet og meiner den asosiale, stillesitjande kunsten er både intellektuelt, emosjonelt og spirituelt krevjande. Her får komponisten fortent applaus for arbeidet. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Plukk, plukk, plukk – blås
Etter ein pause er berre halvparten av musikarane att på scena. Lisa Streich sitt verk Francesca starter forsiktig.

Tre strykarar plukkar på kvar si streng og fløytisten bles svakt i instrumentet sitt. Det skapar ein rytme. Plukk, plukk, plukk – blås. Plukk, plukk, plukk – blås. Plukk, plukk, plukk – blås.

Det utviklar seg til å høyrest ut som tasting på ein mobil eller tynne insektbein som trommar mot ei vassoverflate. Det er fint. Mjuke, delikate ljodar. Så kjem ei piping som liknar ljoden av ein rusten frisørstol som vert pumpa opp. Eg må le. Verket er ein kakofoni av surrealisme og rot.

Som kontrast til dei mjuke, delikate ljodane av imaginære insekt som trippar på vassoverflata vert to plankar smelt saman. Det er ubehageleg når det harde smellet slår ut i rommet.

Musikaren legg frå seg plankane og slår nokre bjøller så det høyrest ut som ein kasse med glas går i golvet. Det stille verket er fylt med bråkete innslag, mellom anna eit fløytespel som gir vonde assosiasjonar til blokkfløyteundervisninga i 1. klasse og som understrekar dei bråkete brudda.

Det schizofrene ljodbiletet har element som oppmodar til avslapping, samstundes som smell og aggressive bjøller held oss årvakne og på vakt. Det er som om me snikar rundt på ein stad me ikkje skal vera. Det er ulovleg, og me må lista oss rundt. For å høyra strykarane må me innstilla øyrene mot dei lågaste ljodane, men vert stadig straffa for det med høge smell.

Denne dynamikken mellom dei valdsamme, vonde ljodane og dei låge, kviskrande ljodane skapar høg intensitet i verket. Flygelet vaknar og ein forsiktig spelt melodi trer fram og legg seg under støyen frå dei andre instrumenta. Fiolinistane og fløytisten byrjar samspelet sitt igjen. Plukk, plukk, plukk – blås. Plukk, plukk, plukk – blås. Plukk, plukk, plukk – blås.

Slaget av to plankar mot kvarandre haldt publikum på alerten. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Kinetisk forvirring begeistrar
Etter litt omrigg har ein stor trommeinstallasjon fått store deler av scenegolvet. Det er satt ut pultar til musikarar som er vendt rett mot oss og på bordflata står tomme glasflasker. Til Johan Svensson sitt verk Stop Motion er , ansvarleg for trommeinstallasjonen. Bak eit kulebrett manøvrerer han trommene som er plassert framme på scena.

Eg strekk hals i forsøk på å forstå mekanikken. Kva set i gang dei ulike ljodane? Skjæret legg ei hand på ei tromme eller ein form for aktiveringsflate og noko som liknar snurrebassar hengande frå raude leidningar byrjar å spinna over dei oppstilte trommene. Dei lyser opp når dei vert aktivert. Trommeinstallasjonen er minst like oppslukande som ljodbiletet.

Perkusjonist Håkon Skjæret vart blikkfanget under Johan Svensson sitt verk Stop Motion med ein uforståeleg, men fascinerande trommeinstallasjon. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Fiolinisten lager sageljodar ved å gni ei trommestikke opp og ned mot pulten. Me høyrer pipeljodar, tog som rullar på skinner, piping som liknar tilkoplingsljoden til internett ein gang på 90-talet. Det er mykje som skjer på scena og sansane våre vert vekka. Verket opplevast som absurd humor og fleire av musikarane på scena har små smil. Programmet er kuratert slik at verka vert meir og meir eksperimentelle utover kvelden og det mekaniske verket er ei bra avslutning på kvelden.

Panelsamtale med Britta Byström, Djuro Zivkovic og Christian Karlsen, moderert av Arnulf Christian Mattes, førsteamanuensis og leiar for Senter for Griegforskning ved Universitetet i Bergen. (Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes)

Fins det ein tendens i svensk samtidsmusikk?
Det er sjølvsagt umogleg å svara på etter ein presentasjon av «berre» fem komponistar, men det me fekk høyra viste variasjon – og kvalitet!

Det er ikkje vanskeleg å plukka ut fem gode samtidsverk frå eit land som Sverige, men det er vanskeleg å trekka fram eit høgdepunkt frå denne kvelden som viste fem veldig interessante dømer på samtidsmusikk – som var heilt ulike kvarandre! Byström si påstand om at samtidsmusikk ikkje er underhaldning, men forsøk på å nå noko djupare verkar treffande. Å lytta på denne måten – å verkeleg lytta – det krev konsentrasjon og kan følas litt som å løfta ein jumbojet. Denne kvelden vart me løna for lyttinga. Medan samtidsmusikk til tider kan opplevast som heilt vilkårlege ljodar satt saman, hadde desse verka intensjon, og heilhet.

Etter å ha deltatt på to konsertar i serien er eg freista til å sjå dei tre andre óg. Eg er nok medlem i BIT20 Fan Club, ja.

 


Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio