Bygdalarm heidrar musikklyrikken med konkurranse: Å gjendikte Johnny Cash og Dolly Parton
Kva blir «Jolene» på sunnmørsdialekt? «Ring of fire» på nynorsk? Nokon som dristar seg på «Dumb blonde»? Bygdalarm utfordrar lekmann og lærd over heile landet til å bli med på den uhøgtidlege tevlinga om dei beste Parton/Cash-gjendiktingane på dialekt eller nynorsk.
– Det er duka for dei vakraste, tøffaste, kulaste køntri-tonar under årets Bygdalarm! seier arrangørane av festivalen.
– Lyrikk kjem, som nokon kanskje hugsar frå grunnskulen, frå oldtidas Hellas då tekst vart framført til lyrespel. Kva er meir naturleg då enn å dra diktforma tilbake til musikken? Dette skjer når LittLarm igjen riggar til den populære gjendiktingskonkurransen under Bygdalarm. Siste LittLarm (i 2019) tok for seg Leonard Cohen og mottok rekordmange bidrag. I år slår me til med våre store idol, Dolly Parton og Johnny Cash – Man in Black møter Coat of Many Colors!
Dolly Parton og Johnny Cash er to av countrymusikkens viktigaste artistar, og no vil festivalen Bygdalarm heidre musikklyrikken deira gjennom gjendikting til nynorsk og dialekt.
– Parton- og/eller Cash-lyttarane har garantert favorittar, men tek du utfordringa og gjendiktar yndlingssongen? spør arrangørane, som fortel at vinnartekstane vert framførte av festivalens eige husband under LittLarm i Norheimsund, som går føre seg under Bygdalarm-festivalen laurdag 1. juli.
– Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein eller fleire av dei mange songane til artistane og skrive ei gjendikting som er originalen verdig. Då Cash har lånt fleire av sine mest kjente songar frå andre ordsmedar, så seier me – kva så? Køyr på! Dette skal vera moro og uhøgtidleg!
LES OGSÅ Ballade-artikkelen «Bygdesjarm» frå Bygdalarm 2016, då David Bowies tekstar blei gjendikta
Teksten må vere arrangørane i hende innan 1. juni 2023.
Les meir om reglar, premiar og innsending på Bygdalarms nettsider.
Ledige stillinger
Førsteamanuensis i akkompagnement
Norges musikkhøgskole (NMH) Søknadsfrist:05/01/2025
Produsent for NUSO
NUSO - Norsk Ungdomssymfoniorkester eies og driftes av De Unges Orkesterforbund (UNOF)Søknadsfrist:10/01/2025
Førsteamanuensis i musikkhistorie
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Førsteamanuensis i låtskriving og musikkproduksjon
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:05/01/2025
Tenortrombonist
Forsvarets musikkSøknadsfrist:20/12/2024