Kouame møter barna: Kvar dag klokka 14, ut mars, speler Kouame Sereba straumekonsert for barna. (Foto: Privat)

Heimescena

Hald deg heime - det er det viktigaste rådet desse dagane. Det gjorde det vanskeleg for ei bransje som baserer seg på å samle folk. Heldigvis har scener dukka opp på internett - heime.

AktueltBransjenMusikken og livet

Eg starta å skrive dette på torsdag. Det er surrealistisk å tenke på korleis alt har forandra seg sidan då. Den dagen sat eg i ei konstant rulling på sosiale medier og såg avlysing på avlysing. Bak kvar avlysing låg det engstelege menneske som i praksis har fått arbeidsforbod.

Sidan den gong har myndigheitene kome på banen med ulike kompensasjonsordningar, men det er framleis ei høgst usikker framtid for alle ledd i musikkbransjen – som i resten av samfunnet. Nokre driv instrumentundervisning, andre prøver så godt det let seg gjere å selje plater.

Men scenene på internett er ikkje berre ein måte for musikarar å spe på eit inntektstap. Scenene spelar ei viktig rolle for folket, publikumet, denne tida.

“Det er rart å finst om dagen.”

Det sa musikar Egil Olsen under sin konsert på nettscena Brakkesyke 2020 i går. Det er rart å finst om dagen. No er ting så alvorleg på alle frontar. Vi vekslar heile tida mellom å gå inn i alvoret og finne måtar å flukte på. Og vi treng å vere saman.

Sosial distansering er det viktigaste tiltaket du kan gjere i dag. Difor har vi no alle blitt ein del av det nettfellesskapet som gamerar har hatt i årevis. Strøyming er jo ikkje noko nytt, ikkje av konsertar heller for så vidt, men plutseleg betydde det mykje, mykje meir på så ulike måtar.

Frå pianokonsert med Arthur Kay Piene heime frå stova med skurrete, ustabil lyd på torsdag, til Bendik Brænne på fredagen, og ikkje minst Håkon Kornstad solo laurdag ettermiddag. Ein er i lag i kommentarfeltet. “Næh, er du her også?”, “Det er plass her bak”, “Kan folk halde opp med den pratinga? Høyrer ingenting, jo!”.

Det er gjennomgåande kor mange som ser på dette som akkurat det dei trengte midt opp i alt kaoset.

Egil Olsen var overraska over responsen han fekk på konsertane sine laurdag og søndag.
– Eg gjorde det seint og utan forvarsel på laurdag for å sjå om det virka. I første omgang fyller eg kveldane og sper på eit ganske stort tap på fire godt betalte konsertar og to eventar dei neste 14 dagane.

 

Egil Olsen (Foto: Skjermdump frå Facebook)

Han fortel at det var mange som vippsa, men påpeiker at det er heilt greit å snike seg inn også.
– Dei første dagane vurderte eg alt frå illustrering og youtubing til forfatting eller til og med snekring som alternative inntektskjelder. Det er ei temmeleg uviss framtid. Sommaren er ganske sikkert ute av bildet, og hausten blir heller ikkje lett med alle arrangementa som har blitt flytta. I tillegg blir vel både artistar, og ikkje minst bransjen ellers, ekstra desperate etter jobb.

Journalist og musikar Filip Roshauw er ein av initiativtakarane bak Brakkesyke 2020, ei facebookside som streamer og vidareformidler heimeopptredenar til musikarar. Vi fekk nokre ord med den travle mannen på messenger.

– Kva er planen vidare for Brakkesyke 2020?
– Reint bortsett frå at vi har fått på plass mange svært lovande konsertar den neste veka som kjem til å bli avvikla, er det umogleg å seie. Vi får fylgje med på korleis folk synast opplegget er og kva musikarane føler for. Det finst også eit samfunn rundt musikken, og vi går etter alle solemerker frykteleg brutale veker i møte. Det er gøy å lage noko folk har glede av enn så lenge, men å skulle sitte her og seie «vi fortsett med dette til krisa er over» akkurat no, kjennest feil. Eg trur både musikarane og vi som driv det kjem til å reflektere undervegs over om det vi gjer er forhaldsmessig, om det vi gjer faktisk spelar ei positiv rolle. Veldig mange i samfunnet er i same båt, og det finnes folk som har mista jobben i yrker som ikkje let seg vise fram på denne måten. Så vi får sjå, dette er like vanskeleg å spå for oss som for alle andre.
– Men utover dét kan vi jo seie at planane er å finne ut så mykje vi kan om korleis denne måten å framføre musikk på kan funke. Det blir på ein måte eit forskingsprosjekt, dette her. Små tabber gjerast, nye ting lærast dagleg. Det er interessant, artig og selsomt om kvarandre.

 

Håkon Kornstad (Foto: Skjermdump frå Facebook)

Filip og Brakkesyke 2020 støyter på fleire utfordringar, som å handtere pågangen, å behandle folk skikkeleg undervegs, og alle dei ulike praktiske spørsmåla som oppstår:
– Vi som held i dette er omgitt av ein veldig dyktig gjeng som driv med både framføring av musikk og konsertarrangering, og som for augeblikket opplever permitteringar og bortfall av inntekt. Så vi har ein stor gjeng som eg trur har lyst til å ha noko å henge fingrane i. Sånn sett er det opplagt at vi kan holde på ei stund om det trengs.

– Vippsar folk?
– Ja, erfaringane så langt er at folk verkeleg gjer det, at det er stor interesse og det er vi på vegne av artistane som har spelt utruleg glade for! Det er ikkje noko vi tek for gitt.

Sidan Brakkesyke 2020 har fleire initiativ kome på bana. Valy Sessions er eitt, festivalen Rock mot virus (endra frå den planlagde Rock mot rus-festivalen i Andenes) eit anna. Sara Aimée Smiseth gjorde opptak av sin produksjon «Skyt ikke pianisten», som skulle ut på turné i desse dagar. I staden blei det Saras virale virusfrie konsertturné, som ligg på Youtube og som ein kan kjøpe «billett» til på bidra.no.

I dag slepp Christer Falck og HES deira nettscene Koronerulling, med første artistslepp etter planen klokka 16 i dag. Gruppa Digital Scenen på Facebook har også samla ein del av desse, og har elles lågterskel heimestrøyming. Jonas Barsten frå Oslo Lydproduksjon tok initiativ til Vi er live! (www.vierlive.no), som prøver å samle straumane på ei plattform der du må kjøpe billett frå 20 kr og oppover.

I går brukte Vi er Live ein av Brakkesyke-konsertane der som ein betatest, ettermiddags-ambient med Torstein Slåen og Lyder Øvreås Røed.

– Korleis blir samarbeidet med Vi er Live?
– Eg trur eigentleg både vi og dei har nokre ting som må på plass før vi kan sei noko som helst meir om det. Det er mykje armar og bein no!
– Ei utfordring både Vi er Live og andre vil ha, er jo å få ei slags klar einigheit om korleis ein gjennomfører litt større greier skikkeleg. FHIs retningslinjer er klare, dei må alle fylgje, men eg opplever at det hadde vore nyttig å så fort som mogleg få gått gjennom spesifikke utfordringar knytt til sånne små produksjonar med folk som har teknisk erfaring og folk som har smittefagleg kompetanse, fortel Filip Roshauw.
– Om ein gjer dette ordentleg, kan det etter det eg kan skjøne vere ein måte å begynne å øve oss i noko samfunnet kjem til å trenge dei neste månadane.

Musikk kostar pengar
Vi bør i større grad venne oss til at musikk kostar pengar. Før var det sjølvsagt. Eg kjøpte singelen «911» med Wyclef Jean (ja, ei låt) på den lokale Mix-kiosken for 149 kr i 2002.

Omveltinga i musikkbransjen etter internett har gjort at livemarknaden er der du kan få inntekter. Frå platesalg og strøyming er det, for dei fleste, snakk om små summar.

Det er mykje snakk om at det er gode tider for gigantane innan heimeunderhaldning, men tenk at du både kan få fellesskapskjensle, kulturell stimuli og samtidig støtte musikarar som brått stod i ein sårbar posisjon. Dei gjer det lettare for oss å halde oss heime, som er det absolutt viktigaste vi kan gjere framover. No er mange, også utanfor musikkbransjen, i ein usikker økonomisk situasjon. Men har du pengar som du elles ville brukt på konsertbillett, kanskje ete ute før konserten, nokre øl eller brus – bruk dei på strøyming av konsertar framover!

 
Her er nokre tiltak du sjølv kan sette inn for å bidra:

• Ikkje be om refusjon av billettar om du ikkje absolutt må.
• Du kan støtte artistar på Patreon, Shopify, Currents Alpha, kjøpe plater og merch direkte frå artisten på nettsida, kjøpe plater på bandcamp.
• Du kan strøyme norsk musikk.
• Du kan strøyme konsertar (og helst vippse), eller sjå dei på youtube eller i andre kanalar og «løysa billett» via bidra.no eller liknande.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma fra Hønefoss ble publikummer nummer en million i Bærum Kulturhus

Selma Hasund Poole (18) fra Hønefoss ble overrasket med konfetti, gavekort på danseforestilling og jazzfestival som besøkende nr. 1 million i Bærum Kulturhus i helgen.

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Tord Gustavsen kåret til Årets europeiske musiker 2024 i Frankrike 

Musikeren og komponisten dedikerer prisen til musikerkollegaer gjennom årene.

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Ballade video: Våpen og ammunisjon

Vi setter fyr på kontoret med Honningbarna, Moddi, Don Juan Dracula, Hüskey King, Earth Moon Transit, Tor Kvammen, Kyra Snø, Heartland Countrytrio og Markella.

Om kunst og tankefrihet

Om kunst og tankefrihet

ESSAY: Plutselig er det å tenke egne tanker og la fantasien spinne fritt en radikal ting. Og her er kunsten ikke bare nyttig, den er essensiell, skriver Torstein Slåen.

Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio