Henning Kraggerud

Stavanger Kammermusikkfestival: – Det motsatte av alminneleg

Den trettande internasjonale kammermusikkfestivalen i Stavanger er over. – Programmets mange innfallsvinklar gjer årets festival meir samtidig og relevant enn sine forgjengarar, skriv Solveig Grødem Sandelson i denne kommentaren. – Det svinga verkeleg av programmet i år, som det kanskje aldri før har gjort, i alle fall ikkje i dette hundreåret. Spennet er større, frå den heilt tidlege musikken til den heilt nye, frå moderne instrument til eldgamle, frå såkalt autentiske oppføringar, til røffe, uvørne, sterkt personlege. Slik klarer festivalen i år både å kommentera sine eigne røter, reflektera over tradisjonar og historie, opg halda fram både det nyaste og det kjæraste.

Kalender

Opera Soirée

14/08/2020 Kl. 19.30

Viken

Iskald Sound + Akuvi + Eben Jr.

15/08/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Av Solveig Grødem Sandelson

Jo, det svinga i år. Frå dei heller blasse, nokså uvesentlege framføringane, til dei eksepsjonelle, dei heilt ualminneleg minneverdige. I internasjonal målestokk. Suverene kunstnarprofilar som råskinnet Heinrich Schiff, allsidige Richard Egarr og perfeksjonisten Charles Neidich er som venta med på å løfta festivalen, mens veteranen Stephen Kovacevich slett ikkje innfrir på same måte, dei unge pianistane Melvyn Tan og Piotr Anderszcevski hadde begge større kraft og spennvidde i uttrykket enn sin eldre, bleikare kollega. Og der den erfarne operasongaren Gary Magee dessverre forblei stiv og blass, der Mona Julsrud aldri nådde utover det alminnelege, skapte unge Marita Kvarving Sølberg stadig syngjande liv.

Kanskje hadde Pergolesis «Salve Regina» blitt ei meir vellykka framføring med dei opprinneleg tenkte musikarane, kanskje kunne Haydns «Jesu siste sju ord på korset» fått meir dramatisk tyngde i ei anna samansetning. For det som alltid har vore Truls Mørks store styrke, å presentera oss for nye, flotte musikarar, i samansetningar det gneistrar av, blei kraftig utfordra i år. Av sjukdomsforfall og seint innkomne fly, mange nok til å stilla seg i ein etterkvart uoversiktleg kø. Kor mye det endra festivalen, er ikkje godt å seia, men ein klar bonus ga det i alle fall publikum: Vi fekk oppleva fiolinst og bratsjist Henning Kraggerud i fleire rollar enn først tiltenkt, til stor, stor lyttarglede. Han gir nerve til eit kvart ensemble, og skal saman med Melvyn Tan ha æra for at Schumannkvintetten tysdag kveld blei eitt av festivalens glitrande høgdepunkt, trass i reint umuleg mange utskiftningar.

Men årets utgåve av Kammermusikkfestivalen var ikkje lenger så avhengig av desse dirrande møta mellom musikarane og dei største verka frå den klassiske musikkens skattkammer. Det svinga verkeleg også av programmet i år, som det kanskje aldri før har gjort, i alle fall ikkje i dette hundreåret. Spennet er større, frå den heilt tidlege musikken til den heilt nye, frå moderne instrument til eldgamle, frå såkalt autentiske oppføringar, til røffe, uvørne, sterkt personlege. Det svingar av kontrastane frå spinkel Bach på eldgamle gamber til klangrik Bach på flygel, frå Alban Bergs knappe musikk til Beethovens dramatunge, det står respekt av modig konsentrerte konsertar, som nettopp Haydns meditasjonar over Jesu korsfesting, eller den reine Schubertkonserten, for øvrig ein konsert heilt utan sidestykke, heilt eineståande, uansett målestokk.

Slik klarer festivalen i år både å kommentera sine eigne røter, reflektera over tradisjonar og historie, halda fram både det nyaste, og det kjæraste. Det er perspektivrikt på ein heilt annan måte enn ifjor, det opnar for fleire lyttartankar og innfallsvinklar, det set fleire forteljingar i spel samtidig. Og gjer dermed også festivalen meir samtidig, gjer den meir relevant i ei tid som nettopp er prega av spelet mellom små, kontrastrike historier, ulike forteljingar og tallause tolkningar.

For det er lenge sidan den klassiske musikken, også samtidsmusikken, rett og slett var kunst, ei stor, universell og for alle sann forteljing, solehøgt heva over dei fleste andre sjangrar og uttrykk. Men då er det også like lenge sidan dette nærmast utelukkande var maktas musikk, magiske augneblink for forfina fiff, til gjensidig stadfesting av posisjonar.

Enno er det dei tunge institusjonane som huser festivalen, konserthuset i Stavanger, kulturhuset i Sandnes, Utstein kloster og Bethel. Mest av alt er det den gamle, åndfulle katedralen. Stavanger Domkirke. Slik kan ein enno insistera på å velja seg ei tolkning der kammermusikkfestivalens uttrykk symboliserer tung makt og elite.

Eller ein kan velja ei heilt anna tolkning. Der det motsatte av alminneleg ikkje er snobbete, elitistisk eller maktarrogant. Der ualminneleg ikkje er synonymt med utilnærmeleg. Tvert imot, det mest ualminnelege ved festivalen er nærveret, dei direkte møta. Det har alltid kjenneteikna kammermusikkfestivalen i Stavanger, ein søkjer direkte kontakt, og tar dermed også sjansen på å feila for open scene. Utan å kunna le det vekk.
Det er verkeleg ualminneleg. Uttrykk overvektige av ironi, distanse, og glattpolerte overflater er langt meir daglegdagse. Ein kan også tolka dei som langt meir maktarrogante.

Difor vel eg å tolka Kammermusikkfestivalens direkte, opne uttrykk som ei sjeldan motstemme i vår tid.
Med det vide spekteret av innfallsvinklar i årets program rykker festivalen endå nærmare innpå, gjer seg sjølv meir relevant, og den stille motstemma tydelegare. For det motsatte av allminneleg er vilje til nærver og direkte kontakt.

Stillinger

Kantor/ organist

Kongsberg kirkelige fellesråd

Orkesterbibliotekar

Oslo-Filharmonien

Kantor/ kyrkjemusikar

Gloppen kyrkjelege fellesråd

Produsent

Riddu Riddu Festivála

Produsent

Kulturfabrikken Sortland KF

Programsjef

Bodø2024 IKS

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev