Cecilie Ore (Foto: Ultima)

Såpeopera om opera

Komponist Cecilie Ore nytta Ultima-seminar til å igjen snakke om sin misnøye med operasjef Paul Curran.

BransjenKunstmusikkPolitikk & debatt

I samband med Ultimafestivalen, vart seminaret «Der tekst og musikk møter teater» avvikla på Dramatikkens hus måndag 13.september. Programmet for dagen bestod mellom anna av foredraget «Frå opera til såpeopera» av Cecilie Ore, som var mykje i vinden i sommar etter at ho gjekk ut i media og kritiserte den norske operaleiinga. I hovudsak vart utspela frå Ore og kollega Glenn Erik Haugland, [link id=66009 title=»retta direkte mot operasjef Paul Curran»] og det som hevdast å vere manglande kompetanse og manglande interesse for ny, norsk musikkdramatikk frå hans side. Desse problema vart også sett søkjelys på i Ore sitt foredrag, men publikum fekk også eit innblikk i kunstnarpraksisen hennar.
— Livsfarleg
Kva skal ein fylle eit operahus med? Dette spørsmålet har vore ein gjengangar sidan før det nye operahuset i Bjørvika stod klart. Ore påpeikar at opera og musikkdramatikk egnar seg veldig godt til formidling av samfunnskritisk kunst; om ein slik tematikk berre kan få plass i den norske operaen då.
Det nye verket til Ore, «Adam and Eve – A divine comedy», vart ikkje møtt med tilstrekkeleg takhøgd då det vart presentert for operaleiinga. Grunnen til dette meiner Ore er tematikken i verket. Utgangspunktet for «Adam and Eve» er vald mot kvinner, og dei mekanismane i kultur og religion som som held kvinna nede. Problemet er berre at operasjef Curran ikkje tykkjer vald mot kvinner er eit tema som fortener plass på agendaen.
— Det vert spannande å sjå om operaleiinga uforstyrra får halde fram å forvalte fordommane sine, som rammar både på menneskeleg og kunstnarisk plan slik dei har gjort til no. Mottakinga eg fekk på «Adam and Eve» viser tydeleg kor kort vi er komne i siviliseringsprosessen. Å tru at vi i vesten i dag er tilstrekkeleg siviliserte, meiner eg er livsfarleg. Eg er ikkje aleine i å ha møtt denne inkompetansen, og difor har vi vore ute i media og sloss både for rettigheter og for nasjonale forpliktingar som ikkje vert fylgt opp av dei som forvaltar den norske operaen.
— Fornektar si samtid
Ore set også spørjeteikn ved kor lenge operaen kan halde fram å fornekte si eiga samtid, og hevdar at den lagar eit krater i musikkhistoria som berre veks seg større og større.
— Operaen set stort sett opp tradisjonelle forstillingar som er basert på gammalt materiale, og det har dei fått høve til å halde på med i særs mange år. Om operaen som genre skal overleve, trur eg vi må tvinge operaen til å stille nokre heilt grunnleggande spørsmål om eigen eksistens. Hadde dagens opera levd på Mozart si tid, er eg redd for at vi ikkje hadde hatt ein einaste Mozartopera i dag. Då gjenstår det eigentleg berre eit spørsmål. Er det ein slik opera vi vil ha?

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio