Reklame og tidsånd

Per Vollestad har teke føre seg norsk reklamesong frå 1844-1940. – Ein periode fekk Tiedemanns Tobaksfabrik med seg heile lyrikkeliten på å skrive dikt om deira sigarettar, fortel han frå bokarbeidet.

Kalender

Lørdagsopera

20/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

OperaFest!

20/04/2024 Kl. 19:00

Viken

Operapub på Grønland Boulebar

20/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Operasongar Per Vollestad er aktuell med boka Norsk Reklamesang 1844 – 1940, med undertittelen «og alternative fakta om husstell, alkohol, tobakk, margarin og lange underbukser».

– Kvifor har du skrive denne boka?

– Eg har alltid vore fascinert songen sin forunderlege verden. Dei første reklamesongane dukka opp allereie då eg gjekk på Noregs musikkhøgskole, og sidan har eg samla på dei. No har det gått 30 år sidan den gang, og eg har tenkt at dette må fleire få vite om. Det er noko med reklame, som med anna populærkultur, som tek pulsen på tidsånda. Etter kvart som samfunnet har utvikla seg, er det påfallande kor daterte desse gamle reklamesongane vert. Samtidig er det tankevekkande korleis mange ting kjem igjen og ikkje har utvikla seg så mykje som ein skulle tru.

– Kva har du teke med i boka?

– I tillegg til tekst og notar til utvalde reklamesongar har eg med utdrag av gamle handbøker for til dømes unge kvinner som dreia seg om korleis ein skulle oppføre seg, om husstell og om korleis ein skulle pynte seg. Desse har eg kopla saman med reklamesongar i tilsvarande kategoriar. Og så har eg bakgrunnshistorie om dei aktuelle firma bak reklamane, samt anekdotar om ting som kontraktstilhøve og utøvarane og komponistane bak reklamesongane. Mange av dei sistnemnte ville jo helst vere anonyme.

– Kvifor ville dei vere anonyme?

– Også den gangen hadde ikkje reklamesongar naudsynleg så mykje kred knyta til seg. Tilbake i 1844 er der jo namn som Henrik Wergeland og Halfdan Kjærulf knyta til reklamesongar, men Kjærulf insisterte altså på å vere anonym.

– Kva har du utelate frå boka?

– Eg har samla over 300 songar, og i denne boka har eg tatt med 40-50 av dei beste, eller verste, alt etter som. I samlinga mi er det klart at der er mykje som er ganske inkjeseiande, så eg har valt ut det som er mest signifikant og fortel noko om tida det fann stad.

– Kva fortel boka om denne type songar i den aktuelle perioda?

– Ein ting er korleis dei blei framført. Før NRK fekk radiomonopol kunne ein til dømes høyre «hallomannen» synge songane direkte på lufta. Direktøren ved Bjerke Malingfabrikk var så glad i å synge at han stilte opp sjølv for å framføre deira reklamesong. Det er også interessant med dei viktige skikkelsane som var involvert. Arnulf Øverland, Arne Nordheim og Erik Bye, for å nemne nokre.

– Fortel dette noko om kva forhold ein hadde til songen generelt?

– Ja, dette seier noko om songens status frå 1800-talet og framover. Der var til dømes oppskriftsbøker der oppskriftene blei skrive som songar av pedagogiske omsyn. Og då Ivar Aasen gav ut Symra (diktsamling journ. anm.) fekk han beskjed om å skrive melodi til, om han ville at nynorsken skulle overleve.

– Kan ein seie noko om korleis marknaden for reklamesongen utvikla seg?

– Store trekk i til dømes prisutvikling er det vanskeleg å finne gode kjelder på, men der er interessante ting å trekkje fram. Nokre reklamesongar blei kommersielle suksessar i seg sjølve, og folk kjøpte notane til desse for å ta dei med heim og spele dei sjølve. Der var nok ei periode der det å lage reklamesong var rekna som noko eksklusivt, til dømes fekk Tiedemanns Tobaksfabrik med seg heile lyrikkeliten på å skrive dikt om deira sigarettar. Då radiomarknaden blei meir omfattande, blei nok også kvaliteten på songane meir variabel. Så må det jo også nemnast at den store nedturen kom då tyskarane fjerna reklamen frå NRK i 1940.

– Kva er det med songen som eignar seg for reklame?

– I ein musikal eller ein opera skal det syngast når det byggjer seg opp til avgjerande augneblinkar. Når det gjeld reklame, så er det jo slik at om du først får nokon til å skrive ein melodi som først festar seg, så forsvinn den neppe. Det fører oss også over på ulempa med desse songane: Musikken held seg ofte over tid, men teksten og slagorda gjerne mistar sin relevans. Til dømes kom eg nyleg over ein eigen song om å «filibere» seg, som var eit verb Philips konstruerte då dei lanserte barbermaskina. Den heldt ikkje lenge. I andre tilfelle var det gjerne gode songar om produkta, men som ikkje nemnte merkevara særskild. Så har songane halde seg, men ingen veit spesifikt kva merkevare det gjaldt.

– Har du ein favoritt du vil trekke fram?

– Det må kanskje bli foxtroten «Spis Dig slank», sjølv om den eigentleg er frå Danmark. Denne blei skrive for Ruga Knækbrødfabrik. Eigaren av denne fabrikken var den pensjonerte operasongaren Joseph Aamund, som også eigde ein wienerbrødfabrikk på andre sida av byen.

Per Vollestad si bok om norske reklamesongar er no ute på Norsk Musikforlag A/S.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.