Baadsvik 2006-2

Øystein Baadsvik: Prelude, Fnugg & Riffs

MELDING: I sin plateserie for BIS har tubaist Øystein Baadsvik gjeve ut den fjerde innspelinga i rekkja, denne gongen i samspel med Stockholm Läns Blåsarsymfoniker og dirigent Christian Lindberg. – Mellom dei utgjevne platene held eg nok ein knapp på ”Kalevi Aho”, som eg personleg finn meir interessant enn den herverande. Men eigentleg er det innspelingane totalt sett som gjer størst inntrykk i samanhengen, skriv Ballades meldar.

Kalender

Av Ida Habbestad

Tubaist Øystein Baadsvik gjorde stor suksess med sin første solo-CD, “Tuba Carnival” i 2003. Ei rekkje strålande kritikkar møtte plata ved utgjevinga – mellom anna kåra magasinet Classic Today CD-en til ei av dei fem beste i verda med soloinstrument og orkester det året. I 2004 var utgjevinga mellom dei mest selde klassiske platene i Norge – og etter dette fekk Øystein Baadsvik nærast carte blanche frå det svenske plateselskapet BIS til å gjennomføra ei rekkje innspelingar den næraste tida.

Så langt har prosjektet vore fruktbart, og ytterlegare tre CD-ar har vorte utgivne; ”Danzas” med verk for tuba og klaver, ”Kalevi Aho” som inneheld Aho sin konsert for tuba og symfoniorkester (samt ein endå sjeldnare kombinasjon: konserten for kontrafagott og orkester) og til slutt altså ”Prelude, Fnugg & Riffs”, utgjeven på BIS i desember.

Til skilnad frå haldninga på den første plata – som i stor grad romma kjende verk omarrangert for tuba – har Baadsvik i dei øvrige innspelingane i hovudsak presentert originalmusikk for instrumentet. Og variasjonen i repertoar har vore stort, frå verk av kjende komponistar som Bernstein, Piazolla og Hindemith, til ein etablert samtidskomponist som Kalevi Aho, samt musikk av nordiske, mindre kjende komponistar som Niklas Sivelöv, Fredrik Högberg og andre.

Troll, Beethoven og ACDC

På den sist utkomne plata er det repertoar for tuba og blåseensemble som står i fokus. Det 100 år gamle blåseensemblet Stockholm Läns Blåsarsymfoniker med sjefsdirigent Christian Lindberg er gode medspelarar på plata, Lindberg òg som trombonesolist på Baadsvik sitt eigenkomponerte stykke ”Fnugg Blue”.

Sistnemnde verk er ei vidareutvikling av ”Fnugg”, inspirert av det australske instrumentet didgeridoo og norsk folkemusikk – med andre ord ei innleiing prega av overtonar og trolsk stemning – men utvida med ein del for fullt orkester, der storbandkjensla råder, men stadig med noko folkeleg, mytisk i bunnen. Det trolske går att i Fredrik Högberg sitt stykke ”Trolltuba” – basert på eventyret om ”Dei tre bukkane bruse”, der Baadsvik òg viser seg som ein habil historieforteljar.

Jamnt over kan dei amerikanske filmmusikkkomponistane seiast vera til inspirasjon for mykje av musikken på plata; så òg for amerikanske Daniel Nelson sitt verk ”Metallëphônic Remix”, som komponisten nokså beteiknande fortel at er skrive med inspirasjon frå Beethoven, blanda med lyden frå naboens avspeling av Back to Black av ACDC.

Resultatet vert eit stykke i skjæringspunktet mellom klassisk og jazz, og mellom andre som finn seg i dette grenselandet er Mark-Anthony Turnage. Turnage framheld Hans Werner Henze og Miles Davis som inspirasjonskjelder for stykket ”A Quick Blast”, medan Boris Diev sin ”Konsert for tuba and blåseensemble” tykkjest meir Hindemithsk i uttrykket – pedantisk, lett dissonerande, neoklassisk prega – og dermed som ein litt underleg utstikkar på plata.

Stor spennvidde

Er ein på jakt etter store intellektuelle utfordringane, finn ein dei neppe på denne plata; ein får snarare ei rekkje virtuose, leikne, godt framførte verk av ein blåsar og eit blåseensemble på sitt beste.

Mellom dei utgjevne platene held eg nok difor ein knapp på Kalevi Aho, som eg personleg finn meir interessant enn den herverande. Men eigentleg er det innspelingane totalt sett som gjer størst inntrykk i samanhengen Samla fungerer serien av plater som ei særs god – og til no ikkje-eksisterande – dokumentasjon på ei god mengde repertoar for tuba som soloinstrument – frå standardverka til dei mindre kjende. Ikkje berre står Baadsvik for tilfang av mykje nytt repertoar for instrumentet – han har òg gjennom dei ulike konstellasjonane frå plate til plate lukkast presentera instrumentet med ei stor spennvidde av innfallsvinklar.

Den gjennomført høge kvaliteten gjennom det heile er det som imponerer meg mest ved dette prosjektet.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.