Hopp til innhald
Jukka Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Oslo-Filharmonien – Sibelius Symfoni nr. 5

DVD: Oslo-Filharmonien er aktuelle med sin første DVD. I tolkinga av Sibelius 5. Symfoni syner orkestret seg på høgda, meiner Ballades meldar, – Opninga er løfterik, og desse tilsegna vert fint halde i hevd i rike oppbyggjingar, fint måla solistiske innslag, karakteristikkar av det massive tunge og det lette om kvarandre. Instrumentasjonen er dessutan forbilledleg kva gjeld å portrettera dei mange enkeltbidrag i orkestret skriv ho i denne artikkelen.

Av Ida Habbestad

Sjølv om eit opptak aldri heilt kan erstatta den levande konsertframføringa, opplever eg stadig at film-formatet gjev fascinerande høve, ikkje berre til å få med seg produksjonar som ikkje er å sjå her i landet, men òg til å komma innpå utøvarane på særeige vis.

Den siste og store opplevinga eg hadde av dette, var ved framvisninga av John Adams’ opera «Doctor Atomic» på Gimle, overført direkte frå the Met. Der utgjorde kinosalen langt på veg ein konsertsal med kjensla av eit «her og no». Samstundes gav kameraet tilgang til ein heilt annan grad av detaljar, ansiktsuttrykk, mimikk.

Møtet med Oslo-Filharmonien sin første DVD er tilsvarande. Høvet til å «sjå» dynamikken i orkestret gjennom kodar, innpust, små glimt av dei mange bestanddelar som utgjer heilskapen i orkestret er unekteleg fascinerande. Ikkje minst å kunne følgja den visuelle formidlinga som er mellom dirigenten og instrumentet hans – som ein normalt berre fornemmar.

Det er dessutan ei særs overtydande tolking orkestret byd på ved denne innspelinga. Kanskje ikkje så overraskande med tanke på at Sibelius-symfoniar er eitt av orkestret sine spesialområde. I coveret kan me lesa om ein tradisjon som strekkjer seg langt attende i tid. Mellom anna vitja Sibelius sjølv Oslo-Filharmonien i 1921 for å dirigera fleire konsertar med eigne verk. Den aktuelle symfonien i vår samanheng – nummer 5 – vart først framført i Oslo 1935, og har sidan vore på repertoaret med jamne mellomrom.

Ikkje desto mindre tilfredsstillande å oppleva at der eksisterer ein nerve i tolkinga, frå dei første innleiiande tonar i horn, og vidare gjennom vakre melodiske motiv hjå blåsarane. Opninga er løfterik, og desse tilsegna vert fint halde i hevd i rike oppbyggjingar, fint måla solistiske innslag, karakteristikkar av det massive tunge og det lette om kvarandre. Instrumentasjonen er dessutan forbilledleg kva gjeld å portrettera dei mange enkeltbidrag i orkestret.

Samanlikningar og nyfikne

Innspelinga gjev altså eit godt bilete på orkestret på høgde. Gjennom Andrew Barnett sitt intervju med Jukka-Pekka Saraste får me dessutan ein nærare kjennskap til Saraste si tilnærming til Sibelius.

Aller mest opptekne er dei to av skilnaden mellom herverande versjon av symfonien, fullført i 1919, og førsteutkastet, som vart ferdig 4 år tidlegare. Gjennom to redigeringsrunder skjedde innstrammingar, ei samanslåing av 2 satsar, motiviske endringar og meir. Desse skilnadene vert gjennomgått, om ikkje punkt for punkt så i alle fall kronologisk og grundig. Samanlikninga er interessant, dels grunna illustrasjonane frå orkestret med små utsnitt frå den gamle utgåva.

Samstundes er det for meg noko uforløyst ved dette intervjuet; eg undrast over kvifor der er sett meir fokus på det som er forkasta enn resultatet som føreligg. Innbakt i Saraste sine utsegn om den gamle versjonen ligg sjølvsagt ein del av refleksjonane til grunn for herverande versjon, og likevel vert eg vert sitjande att med kjensla av å ha pirka i overflata. Nyfikna er større til den så overbevisande Sibelius-tolkaren; korleis forheld han seg til materialet som utgjer det endelege resultatet: korleis går han musikken i møte?

Ledige stillinger

Fleire språk

Med det sagt; her er mykje artig informasjon. Mellom anna vert sagt at Saraste sin personlege meining om kvifor Sibelius mot slutten av livet gav opp komponeringa, er avdi han vart for isolert i heimen ute på landet; at Europa vart for langt unna for det finske nasjonalikonet.

Fascinerande er det òg å høyra Saraste grunngje Sibelius’ revisjonar som religiøse – at Sibeluis fekk musikken som mosaikkar frå Gud og trong fleire forsøk på å setja dei i saman. Slik anest konturen av eit romantisk kunstnarsyn – det mottakande geniet – om det så er Saraste eller Sibelius sjølv som såg det slik, er noko uvisst.

Same kva fascinerer dirigenten sitt språk kring musikk. Også det han ikkje seier, men som ligg der i praksis, i rørsler.

Det verbale set likevel i gong fleire tankerekkjer – og som for min del gjerne kunne vore representert oftare i konsertsituasjonen.

Sibelius: Symfoni nr 5

Medverkande
Oslo-Filharmonien

Jukka-Pekka Saraste (dirigent)

Nordisk film

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jukka Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Oslo-Filharmonien på DVD

Orkesteret lanserer denne uken sin første DVD-utgivelse der Sibelius 5. symfoni er innspilt.

Oslo Filharmoniske Orkester

Messiaen 100 år – Oslo-Filharmonien markerer

Denne uken blir det kammerkonserter med musikere fra Oslo-Filharmonien i Ridehuset på Akerhus festning og i konserthuset. Messiaen står på...

Jukka Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Jukka-Pekka Saraste ukas P2 -artist

Neste uke er Jukka-Pekka Saraste, sjefdirigent for Oslo Filharmoniske Orkester, ukas artist i NRK P2.

Lasse Thoresen (Foto: Lisbeth Risnes, Mic)

Reise gjennom tre daler

Torsdag urfremfører Truls Mørk sammen med Oslo-Filharmonien Lasse Thoresen sitt nye verk; en symfonisk konsert for cello og orkester.

Jukka Pekka Saraste 2 2005 (Foto: Scanpix)

Saraste til Musikkhøgskolen

For første gang kommer Oslo-Filharmoniens sjefdirigent Jukka-Pekka Saraste til Norges musikkhøgskole for å instruere dirigentstudenter fra Norden sammen med skolens...

Maxim Sjostakovitsj/Foto: Vasileva/Svensk Konsertdirektion

Sjostakovitsj dirigerer Sjostakovitsj

Neste uke besøker Maxim Sjostakovitsj Oslo-Filharmonien for å dirigere sin fars Symfoni nummer 7 «Leningrad». Parallelt vises bildemateriale fra den...

Flere saker

Illustrasjonsbilde: Utsnitt av bilde fra en konsert under Valdres sommersymfoni med Leif Ove Andsnes

Ekstrapenger til Valdres sommersymfoni

Bevilget midler til profesjonelt orkestersamarbeid under sommerkursene.

Mette Vårdal

Miljøkamp i folkemusikken?

Hva må skje med norsk folkemusikk for at den skal være førstevalget som lydspor til klima- og naturkampen? Historiker Mette...

Frå venstre Suzanne Nyhuus (Gramo), Ole Nilssen og Anne Tone Raknes (Gramo) Foto: Thomas Westling / FolkOrg

Her er vinnerane av Folkelarm-pris

Prisane blei delt ut på Riksscenen i Oslo, under Folkelarm, laurdag.