I anledning Språkåret 2013 hadde Dei nynorske festspela i år nokre få tendensar mot ein profil som peika meir utover, med ordet ‘grenselaus’ som eit gjennomgåande tema. To av dei musikalske innslaga spelte på alt som omkransar oss og påverkar kva vi gjer – og kven vi er.
På ein festival som stort sett har fokus på vårt eige, anten det gjeld lokale heltar, språket vårt eller vestlandet generelt, var desse arrangementa eit herleg avbrekk som opnar for meir ettertanke rundt kva det vil seie å vere ein nynorskbrukar i dag.
Les også: [link id=66964 title=»Dei nynorske festspela veks«]
Lydsti
Årets festspelutstilling av komponist Magnar Åm har eit kontekstuelt og internasjonalt fokus.
Den gamle vegen på sørvestsida av Ivar Aasen-tunet er gjort i stand og festspela har invitert Åm til å laga ein lydsti i samarbeid med det lokale koret Volda vokal, samt Øyvind Lied med ansvar for det tekniske.
Lydstien består av ei rekkje høgtalarar festa i trea oppover den korte stien, der stemmene frå kvar høgtalar til saman utgjer eit lite verk. Om ein går stien frå botnet og oppover mot tunet får ein høyre verket gjennomført med sopran i første høgtalar, så alt-, tenor- og bass-stemmer ryddig sortert i den rekkjefølga oppover stien. Til slutt kjem den siste høgtalaren med alle stemmene i eit mylder.
Med strofa «Du er ropt på!» som verkets tittel og eit gjennomgåande tema blir den og nokre andre utbasuneringar køyrt ut frå høgtalarane på mange ulike språk.
Universelt
Årets utstilling gir høve til å reflektere over fleire sider ved musikk og språk. Tittelen på verket spelar nok ei stor rolle, men dei små motiva som det vesle verket er bygd opp av gir meg ei sterk kjensle av lengsel.
Verket er gjennomgåande melankolsk med enkelte stemmer som framstår som både frustrerte og desperate. Dette fortel noko om språket i musikken. Korleis musikalske grep i seg sjølv kan skape meining. Åm har tatt i bruk tittelen og temaet heilt bokstaveleg og skapar eit verk som reint faktisk ropar på oss frå alle kantar medan vi går gjennom stien.
Det universelle språket i musikken vert sterkt understreka. Det er noko med timinga og den opne tonaliteten i dei små strofene og dei lange ropa som kjem frå alle kantar medan ein går igjennom stien som skaper uro og nyfikne i meg.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter
Opplevinga er like mykje avhengig av vinden i trea som den musikalske utføringa i seg sjølv. Samtidig får ein ei stemme på avstand medan ein nærmar seg dei neste, og dynamikken mellom stemmene — og vinden — endrar seg etter kvart som ein rører seg gjennom verket.
«Du bist nach gerufen!»
Samtidig framkallar det fleirspråklege elementet ulike kjensler alt etter kva slags språk som vert nytta. Vi har ulike referansar knytt opp mot ulike språk, og slik vert til dømes den strenge «Du bist nach gerufen!» for meg ein komisk kontrast til resten av verket som er, som nemnt, meir lengtande og desperat.
Det symbolske med fleire språk som i prinsippet uttrykkjer det same, men kanskje likevel tilegnar den samme strofa litt ulik meining er fint. Det er også fint med sjølve stien: Den gamle vegen var Aasens eigen veg ut mot verda, og i dag er den tett på både E39 og den lokale flyplassen. Slik er ein alltid klar over kor nær resten av verda er.
Musikk og arkitektur
Også Eirik Raudes prosjekt Horisonter arbeider med omgjevnadene. Som ein del av ein turné til bygg teikna av arkitekten Sverre Fehn var det no Ivar Aasen-tunet som stod for tur.
Eirik Raude. Foto: Ivar Aasen-tunet, Susanne Kalvatsvik Olsen
Perkusjonist Eirik Raude og musikarane Arve Henriksen og Bjarne Kvinnsland, samt fotograf Knut Bry, spelar på bygga dei er i. Dette er både bokstavleg talt og i overført betydning.
Konserten starta med at Henriksen og Raude gjekk nedover salen og dunka og skrapa på bygget. I resten av framføringa stod samples frå Aasentunet og bremuseet i Fjærland, som var første stopp på turnéen, sentralt. Desse opptaka bestod av alt frå lyden av menneske inne i huset, knirking av dører, og det som er utanfor bygget: sauar, duren av fly som landar og fuglekvitter.
Verb! Verb! Verb!
Opptaka er artige og gav eit bra opplegg for Henriksen og Raude å spele vidare på, og det var først då dei tok laust for alvor at den store opplevinga kom.
Trompetist Arve Henriksen var i stor form og song, spelte, tromma, peika og gestikulerte i kjent stil. Uttrykket hans er kontrastfullt, både sart og rufsete, og sterkt prega av spontanitet og herlege, uforutsette påfunn. Eirik Raude er meir kontrollert og presis – men samtidig også svært kreativ og givande, på eit arsenal av perkusjonsinstrument, som marimba, thaigongar, bønneskåler og ikkje minst ein Kenwood-bolle av høg kvalitet.
Saman skapte dei variert og deilig musikk i relativt korte, improviserte strekk, som i stor grad bestod av rytmiske mønster, kanskje med små, durprega akkordprogresjonar frå Raudes marimba eller synthane til Henriksen og Kvinnsland, og som bygde seg opp mot eit klimaks, der Henriksen gjerne toppa det med skriking og utagerande spel.
Der var ei fin linje mellom lett humor og djupt alvor. Høgdepunktet var kanskje då Henriksen fekk eit rom fullt av mållagsfolk, norsklektorar, forfattarar og diktarar til å rope «Verb! Verb! Verb! Verb!». Han nølte ikkje med å la publikum få spele ei sentral rolle i korleis konserten skulle arte seg og såg ut til å vere klar over kven han hadde med å gjere denne gangen.
Medan alt dette gjekk føre seg tok effektmakar Bjarne Kvinnsland og fotograf Knut Bry seg usjenerte til rette for å skape det som til slutt skal bli ei utstilling av fotografi, musikk og lydinstallasjonar.
Refleksjon
Konsept som Åms lydsti og Raudes konsertserie inviterer til å reflektere over kvar vi er, og kva slags rolle vi spelar i den store samanhengen. I ein pågåande språkdebatt kan det kanskje vere smart for fleire partar å nytte slike høve til å stoppe opp og tenkje over kva – og kven – ein eigentleg kjempar for.
Dei nynorske festspela 2013 gjekk føre seg i Ørsta og Volda 27. – 30. juni.
Årets festspelutstilling av Magnar Åm vil vere tilgjengeleg vidare utover sommaren, medan Eirik Raudes prosjekt «Horisonter» vert framført ved Aukrustsenteret, Hedmarksmuseet og Gyldendalhuset i sommar og haust.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.










































