Hopp til innhald

Ny opera av Knut Vaage og Jon Fosse

Opera Vest presenterer norsk urpremiere av «Nokon kjem til å komme» under Ultima 2000 i morgen. Forestillingen spilles i Oslo fredag, lørdag og søndag, og vil i november dra videre til Bergen. I rollene finer vi Lars Fosser, Siri Torjesen og Nils Harald Sødal, mens musikken blir framført av BIT 20 Ensemble under ledelse av Ingar Bergby.

Nokon kjem til å komme er ein nyskriven opera av Knut Vaage, basert på Jon Fosse sitt skodespel med same tittel. Fosse sin dramatikk blir her nytta for første gong i ein musikkdramatisk samanheng, og forfattar og komponist har samarbeidd om å omarbeide skodespelet til libretto.

Knut Vaage har skrive musikk for tre songarar og åtte musikarar. I rollene finn vi Lars Fosser, Siri Torjesen og Nils Harald Sødal, og musikken blir framført av BIT 20 Ensemble under leiing av Ingar Bergby. Regien er ved Michael McCarthy, Simon Banham står for scenografi og kostymar, og Ace McCarron er lysdesignar.

Eit par, Han og Ho, kjem for å busetja seg i eit gamalt hus ved havet. Dei ynskjer å koma vekk – vera åleine saman. Idyllen blir truga av ei kjensle av at «nokon kjem til å komme». Mannen, han som selde huset til dei og er einaste nabo, dukkar opp og utgjer snart eit trugsmål for deira tosemd. Rundt denne enkle intrigen oppstår ein understraum av spenningar. I librettoen er den opprinnelege teksten kutta frå sytti til tjue sider, men essensen og spenningane i skodespelet er like sterke, og blir understreka og ivaretatt i musikken.

Nokon kjem til å komme er eit samarbeid mellom Opera Vest, Ultimafestivalen og Den Nationale Scene i Bergen, og oppsetjinga er støtta av Norsk Kulturråd, Kulturby Bergen 2000, Bergen kommune, Det Norske Operafond, Norsk Kassettavgiftsfond og Fond for Utøvende Kunstnere.

Prosjektet er ein del av Norsk kulturråds satsing i 2000 – Attacca-00. Her inngår prosjekter innen flerkulturelle musikkuttrykk, musikkdramatikk og jazz, foruten satsinga «21 marsjer for det 21. århundre». På www.kulturrad.no/attacca finnes oppdatert informasjon om prosjektane. Fellesbrosjyre kan tingast frå Kulturrådet.

For meir informasjon kontakt:

Opera Vest, e-post: operavest@operavest.no, tlf. 55 21 61 20/ 55 21 61 22 / faks 55 21 61 21, eller kunstnerisk leiar Stein Olav Henrichsen, tlf. 913 80 557.

Attacca_00: Morten Walderhaug, tlf 55 31 05 80 / 91 30 92 04
Norsk kulturråd: Christian Lund, tlf 22 47 83 30

Urpremiere 6. oktober kl. 22.00 Black Box Teater, Oslo
Framsyninga blir og spela 7.okt. kl 20.00 og 8. okt. kl. 15.00 same stad, og i Bergen som del av Kulturby Bergen 2000 og BergArt på Den Nationale Scene: 25. november – 6. desember.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kanonstart på festivalen

En av de faste installasjonene under hele Ultimafestivalen er «Embryonic», som er utstilt på Festningsplassen rett utenfor Akershus Festning.

Olav Anton Thommessen og Juni Dahr (foto: Håkon Styri)

CASSANDRA – Et konsertdrama for skuespiller og orkester

Den Norske Operas bidrag til årets Ultimafestival er uroppførelsen av den fullstendige utgaven av Olav Anton Thommessens konsertdrama «Cassandra» for...

Gro Sandvik

Nordisk aften i Grieghallen

Torsdag 23. november skal fløytist Gro Sandvik og harpist Turid Kniejski være solister under Bergen Filharmoniske orkesters konsert i Grieghallen....

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Ny Musikk med Forsvarets Stabsmusikkorps

Fredag 11. april holder Forsvarets Stabsmusikkorps konsert i Ridehuset i Akershus festning. På programmet står verker av Edgar Varese, Giacinto...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

Edvardpris til komponisten Knut Vaage

Under Europamesterskapet for brassband i Bergen 3. mai delte TONO ut årets første Edvard-pris. Vinneren var Bergenskomponisten Knut Vaage. Vaage...

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

– Det nødvendige i å vandra vidare

Mens Festspela enno syng mellom dei sju fjell, leitar aktørar, kritikarar og publikum etter møtestader, etter romma for det opne,...

Flere saker

Pristine fra Troms får støtte av Kulturnæringstiftelsen

1 455 000 til musikk fra Kulturnæringsstiftelsen i Nord-Norge

Midlene er fordelt på 20 prosjekt. Samlet fordeles 6,5 millioner i høstens tildelingsrunde fra stiftelsen.

Illustrasjon høyttalerhode

Tre av fire liker bakgrunnsmusikk på utesteder og kjøpesentre

Og hele 70 prosent foretrekker å høre bakgrunnsmusikk de har hørt før, viser TONO-undersøkelse.

VALGT UT TIL OPPTAKT: Nils Erik Måseidvåg (24) i aksjon med Trondheim Symfoniorkester under prøvedirigeringen 2. desember. Foto: Opptakt/Sven Erik Knoff

En milepæl i norsk dirigentutvikling

En ny dirigentsatsing skal gi Norge flere dirigenter på høyeste profesjonelle nivå. Lanseringsprogrammet Opptakt – for Norges nye dirigenter gir...