Av Ida Habbestad
Ensemble Epoché, beståande av Therese Birkelund og Britt Pernille Frøholm oppsto i 2007. Dei hadde si første opptreden under fjorårets Ultima, med deira første stykke ”Fragile” (utdrag finn du her). Resultatet gav meirsmak.
— Samarbeidet var fruktbart for begge partar, og me bestemte oss snart for å gjera meir enn dette eine stykket, seier Therese Birkelund, som nyleg har fullført studier i komposisjon ved Norges musikkhøgskole.
Frøholm, som mellom anna er utdanna ved folkemusikkakademiet på Rauland, fortel at mastergradsprosjektet ved akademiet – ei utforsking av hardingfelelyd – skapte høve for utøving innan fleire sjangre og konstellasjonar.
— Prosjektet var nok ikkje det mest vanlege i folkemusikksamanheng, men eg har fått mykje merksemd i etterkant. Det la òg grunnlag for vidare jobbing innan samtidsmusikkfeltet. Hardingfela som lydkilde har jo eit langt større potensial enn det eg først trudde, seier Frøholm, som understrekar at prosjektet òg har vore berikande for utøvinga av tradisjonsmusikk.
— Føremålet med å forska på å utnytta klanghøva i hardingfela var å bruka det til nykomponert musikk. Men mykje kan overførast til slåttemusikken, både når det gjeld å tenkja musikk og i bruk av ulike teknikkar, fortel ho.
Vekk frå det opplagte
Ensemblenamnet speglar i stor grad kva dei to held på med. Ei mogleg forståing av det greske ordet ”Epoché” tek nemleg utgangspunkt i at der finst eit punkt i tid der all rørsle stoppar opp.
— Ein set verda i parantes for å undersøkja korleis ting heng i hop. Ein studerer omgjevnadene sine, og prøvar å komma vekk frå fordommane ein har. Me tykte dette var ein fascinerande måte å tenkja på, seier Frøholm.
Kanskje kan ein òg knytta Epochè-namnet til filosofien bak Birkelund sine komposisjonar generelt; i alle fall omtalar ho prosessar og utgangspunkt som ei søken etter noko anna enn det opplagte.
— Motivasjonen min for å jobba med musikk ligg i det klingande; i lyd som plastisk, formeleg masse. Med det som utgangspunkt har eg forsøkt å finna attende til lyden, og forsøker å unngå dei hindra som kan oppstå i kommunikasjonen mellom komponist og utøvar, seier Birkelund.
Som resultat av dette fungerer ensemblet både som ein utøvarduo og i kombinasjonen komponist og utøvar, og musikken er prosesskomponert. Birkelund stiller med opne idear på første prøve, og verka vert til gjennom ein gradvis prosess.
— Det viktigaste eg sit att med, er at eg har flytta fokus. Frå å ha arbeida med papir, arbeider eg no med menneske. Det er ein betydningsfull skilnad, seier Birkelund.
Elementær inspirasjon
Dei to skildrar konsertområda på Vestlandet som naturnære, vakre. Ein 800 tonn tung stein dannar taket i Steinalderhola, medan to store steinar utgjer veggane. Hola som ligg i Oldedalen i Nordfjord er danna på naturleg vis, og inne i det store rommet er funne 6000 år gamle trerestar.
Vinteren 2001 vart eit omfattande arbeid utført her, og i dag har hola veggar og trappar forma etter kopi frå ein steinalderbuplass. Der er òg både sitte- og overnattingsplassar, 50 og 25 i talet.
— Me reiser hit avdi me er på jakt etter magiske opplevingar. Me ynskjer å tilby ei sanseleg oppleving, ikkje «berre» ein konsert, og vonar med tida å finna fleire slike naturarenaer i Noreg, seier Birkelund.
Ho fortel at naturbakgrunnen i stor grad ligg til grunn for konsertopptrednen.
— Me lot oss inspirera av det mest elementære då me skulle skapa konsertprogrammet. Elementa har me teke med oss inn: Golvet er av jord, ild står for all belysing, fossen utanfor har me sampla. Iblanda dette elementære og historietunge har me teknologi og nyskriven musikk. Slik freistar me å skapa ei helskapleg oppleving av musikk, kultur og natur, mystikk, teknologi og spor av folkemusikk. På denne måten drar me linjer i både tid og rom, seier Birkelund, og avsluttar:
— Det gamle og det nye er ikkje motsetnader. Det gjev oss berre eit breidare spekter å spela på.
Konsertar i Steinalderhola onsdag 6. august kl 12.00, 14.00 og 20.00, torsdag 7. august kl 12.00 og 14.00
Meir informasjon om ensemblet finn du her.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika
Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.








































