Lindstrøm spilte for en fullsatt Troldsal under Ekkofestivalen i Bergen (Foto: Martin Koch)

Lindstrøm i bakgrunnen

Starten på noko, men inga forløysing, skriv Ballades anmeldar etter konserten med Lindstrøm under Ekkofestivalen i Bergen.

Kalender

NeoArte – Synthesizer of Arts: NEOARTE MARATHON

25/03/2023 Kl. 17.00-22.00

Oslo

Lørdagsopera 25. mars

25/03/2023 Kl. 15:30

Oslo

Et basseventyr – en akustisk reise for hele familien

25/03/2023 Kl. 12:00 og 14:00

Oslo

Gloria! Bach og Poulenc hånd i hånd

26/03/2023 Kl. 19:00

Oslo

Den anerkjente DJ’en, komponisten og grunnleggar av sjangeren space disco, Lindstrøm, kom nyleg ut med sitt sjette album, og starta av Bergens festival for elektronisk musikk, Ekko nr. 16. Albumet On A Clear Day I Can See You Forever oppsto som ei forlenging av eit bestillingsverk for Henie Onstad Kunstsenter hausten 2018, og utvalde stader – Troldsalen på Troldhaugen i Bergen, Kulturkirken Jakob i Oslo og Kunsthall Stavanger – er plukka ut som spesielt egna rom for albumet. Troldsalen husa 189 utselde seter og Lindstrøm.

Med overblikk over Edvard Griegs komponisthytte og akustikk i høgsetet er kammermusikksalen eit godt utgangspunkt for ein kvar konsert. Salen er bygd opp som eit amfi med skråande seter, som set all fokus på utøvar. Det er nakent. Alt er tilrettelagt for gode opplevingar, men samstundes er det ikkje mykje å gøyme seg bak.

I den stilreine, om ikkje sterile konserthallen, står eit kladdete Steinway & Sons flygel. På flygelet står keyboard og synth, og over ei lita lampe heng ei endå mindre diskokule. Flygelet med fingeravtrykk blir eit symbol på kor atypisk denne sjangeren er her i Griegs gamle trakter og ein ellers formell, streng kammermusikkramme er brutt opp. Det er ingen som har gått over flygelet med pusseklut, og miniatyr-diskokula tyder på ei meir avslappa atmosfære. Samstundes er opninga høgverdig og strammare enn vanleg for den klubbete, mørke, festivalen Ekko. Fusjonen av høgverdig klassisisme og eksperimentell elektronisk musikk er appellerande. Eit nytt publikum har funne vegen ut frå Bergens konsentrerte bykjerne i kveld.

Flygel og synth
Ein halvtime over tidsskjemaet kjem Lindstrøm på scenen. Med eine handa på synthen og andre på keyboardet starter han. Albumet On A Clear Day I Can See You Forever er ein av dei rolegare albuma hans og utan vokal og discovibe. Då han framførte bestillingsverket på Henie Onstad hadde han med seg eit par dusin synthesizere og trommemaskiner, og oppsettet inspirerte han med vidare i produksjonen av albumet. På Troldhaugen er oppsettet meir nakent, og Lindstrøm vekslar mellom å stå og spele på keyboard og synth og å setje seg på pianokrakken for å spele på flygelet.

Lindstrøm på flygel og synth (Foto: Martin Koch)

Vindauget bak flygelet, to store, trapesforma vindaugar blir eit viktig lerret for konserten. Vindauga i seg sjølv er utruleg vakre og forsterkar salens form, men det som skjer bak dei er og eit viktig poeng her. Lysdesigner Silje Grimstad forten honnør for korleis ho transformerar rommet undervegs i konserten og tillegger fleire dimensjonar til salen. Om ein skulle gjort ei kort, klassisk billedanalyse ville ein plassert Lindstrøm i forgrunnen, trær i mellomgrunnen og Griegs hytte og Nordåsvatnet i bakgrunnen. Eit enkelt oppsett som Grimstad skal gjere litt meir innvikla.

Når me entrar salen er hovudfokus på scena. Men undervegs i konserten blir utsida lyssett, og nye trær kjem til syne. Dei no synlege elementa tillegger bakgrunnen ein ny dimensjon og gjer bakgrunnen djupare. Eit slør av røyk henger i lufta.

Røyken er litt tam og ungdomsskuleaktig, og det hadde fungert betre om den hang der heile tida og ikkje blei slått på som eit statement. Eit kvarter inn i konserten er eg ikkje overtyda, men det er fint.

Lindstrøms spel fungerer absolutt best når han set seg. Den triste pianostrofa frå songen «Really deep snow» speles på flygelet og pianosekvensen drar oss med inn i ei tristesse som forsterkar hausten der ute. «Really deep snow» er den songen som stikk seg mest ut på det fire songar longe albumet, og med mest drive og størst sorg. Visstnok er hovudakkordane ei hyllest til ei salme Lindstrøm høyrde i kyrkja som liten.

Det blir eit skifte av tilskodarførestillinga. Kven ser på kven?

Bak Lindstrøm endrar lyset farge, og det eg trudde var eit raudt tre, er no grønt. Røyken fungerer betre, og tilfører ein mystikk som passar melankolien.

Tilskodaren på scena
Eit høgdepunkt i kvelden er då lyset føres rundt slik at spegelbiletet av publikum plutseleg glir over dei store vindauga bak Lindstrøm. Heilt uventa ser me oss sjølv på den nakne scena og ein sjølvbevisstheit oppstår. Det blir eit skifte av tilskodarførestillinga. Kven ser på kven?

Det er vakkert, og det vekker meg. Plutseleg er me vitne til oss sjølv som sitt der som tilskodarar. Me ser oss sjølve utanfrå. Me blir bakgrunnen til Lindstrøm, og kjem nærare musikaren. Drøymande synth gjer det heile plutseleg mykje større, og både eksistensielt og mektig. Lindstrøms ynskje om å spille med rommet og strekke seg mot kosmos kommer til sin rett. Det er som at me blir tatt i å spionere og vitnar oss sjølv som ferska kikkarar. Det er litt ubehageleg.

Lindstrøm framførte albumet «On A Clear Day I Can See You Forever» på Troldhaugen i Bergen under EKKO-festivalen i slutten av oktober. – Heilt uventa ser me oss sjølv på den nakne scena, skriv Ballades anmeldar (Foto: Martin Koch)

Forgløymeleg eller starten på noko?
Konserten bærer preg av at Lindstrøm er aleine på scenen. Det gjer opplevinga litt tam og forgløymeleg. I staden for at heilheten blir stram og elegant, er det til tider kjedeleg, og Lindstrøm ender opp i bakgrunnen for lysdesignet som tidvis skaper store augeblikk.

Lindstrøm helder ei spenning, men når ingen klimaks.

Det meditative er ikkje meditativt nok, verken melodisk eller teknisk. Lyden er tidvis for høg, og både høgtalar og øyre skrik. Lindstrøm helder ei spenning, men når ingen klimaks. Det er litt flatt då han mislykkast i å bygge det ned til det stillferdige, drøymande eller opp til meir drivande, intense delar.

Flygelet og songen «Really deep snow» tilfører det litt flate einmannsbandet noko levande, og eg skulle ynskja det blei brukt i større grad. Lindstrøm oppdaga ei glede ved å laga musikk på faktiske, fysiske objekt under detta albumet, og seiar det gir stor meining å arbeida utover datamaskinen og at han truleg aldri vil sjå seg tilbake. Det er synd det ikkje kjem godt nok til uttrykk her.

Konserten, i likskap med albumet, kjennast som starten på noko, men det er inga forløysing. Moglegvis er dette ein ny eksperimenterande fase for Lindstrøm, ein som kan utvikle seg til noko spanande. Flygeldisko, salmespace eller noko heilt anna. Kven veit.

Konsert med Lindstrøm

Ekkofestivalen 2019 i Bergen, onsdag 23. oktober kl. 20.00
Lindstrøm framførte albumet On a clear day I can see you Forever i Edvard Grieg Museum Troldsalen, Bergen.
Presentert i samarbeid med KODE.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev