Tine Thing Helseth (Foto: Anna-Julia Granberg - BLUNDERBUSS)

Kulturturisme og festspel i Geiranger

Festspela i Geiranger arrangerast for første gong denne helga, med Tine Thing Helseth som eit av toppnamna på plakaten. Fredag er konferansen "Kulturturisme - ei kjelde til berekraft?", som del av Geirangerbygdas festspel.

AktueltBransjenKunstmusikk

Førstkommande helg er det klart for Festspela i Geiranger, ein ny musikkfestival som arrangerast for første gong 16.-19. september 2021. Festivalen har klassisk musikk i høgsetet, og byr på store musikk-, mat- og naturopplevingar gjennom fire innhaldsrike dagar i verdsarvbygda, fortel dei.

Blant kunstnarane som speler på festivalen er stjernetrompetisten Tine Thing Helset, fiolinisten Øyvind Bjorå og operasongaren Hallvard Djupvik, og publikum kan bli med på konsert 1500 meter over havet, operapub, klassisk vorspiel med lokale artistar, festivalgate og haustmarknad i sentrum av Geiranger, masterclass og konsert for unge talent, festivalgudsteneste, familiekonsert og fjordcruise på Geirangerfjorden.

Som del av festivalen inviterer Festspela i Geiranger og Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv også til eit heildags fagseminar om kulturturisme fredag 17. september på Norsk Fjordsenter i Geiranger. Fagseminaret heiter «Kulturturisme – ei kjelde til berekraft?», og løftar mellom anna desse spørsmåla: Kva kan kulturturisme vere? Kva for slags meirverdi snakkar vi om – for kulturell næring, reiseliv og stadsutvikling? Korleis kan aktørar i felt og forvaltning satse strategisk på kulturturisme over tid?

Programsjef Catharina Roos Bilsbak i Arktisk Filharmoni, Knut Perander, leiar for kreativ næring og reiseliv i Innovasjon Norge, og Hildegunn Maria Haanes Ruset, rådgivar og prosjektkoordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune er blant talarane på dagskonferansen. Gunnar Inge Eide, styreleiar for Festspela i Geiranger, opplyser at konferansen ikkje blir strauma – her må ein vera tilstades for å delta.

Katrin Blomvik Bakken er direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, som arrangerer konferansen saman med Festspela i Geiranger. Blomvik Bakken fortel at Geiranger er ein populær naturdestinasjon med ein verdsarvstatus som kvalitetsstempel, og at det er noko av grunnen til at stiftinga engasjerer seg for kulturturisme.
– Kultursatsingar kan skape ny aktivitet, attraksjonskraft og eit heilt nytt innhald i ei allereie sterk nasjonal og internasjonal merkevare, og dette på ei tid på året der næringslivet sårt treng meir aktivitet, seier ho.
– Vi ser også at eit aktivt kulturliv kan vere ein viktig drivar for å skape meir attraktive lokalsamfunn å bu og trivast i. Vi ønsker å utforske og utvikle dette
spennande mogelegheitsrommet saman med kulturlivet i regionen og i tett samarbeid med lokal reiselivsnæring.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole

Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud

Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!

Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo   

Ballade video: I stua, i limbo   

Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans

Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Ballade på Parkteatret: Opera-premiere, musikkvideovisning og minikonsert søndag 23. mars

Solveig Sørbø og Maria Kjos Fonn snakker om operaen "Heroin Chic". Rockemusiker Henning Andersen spiller utvalgte låter. Og vi viser et godt knippe nye musikkvideoer på skjermen.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio