© Music Norway

Intro komponist er tilbake

Då den offisielle konsertdelen av Rikskonsertane vart nedlagt, vart det også stille rundt denne Intro-ordninga. Fredag oppsto Intro komponist i ny variant.

Kalender

Sonia Loinsworth i Tomba Emmanuelle

05/08/2021 Kl. 19.00

Oslo

Sonia Loinsworth i Tomba Emmanuelle

08/08/2021 Kl. 19.00

Oslo

Regimentets Datter av Gaetano Donizetti

11/08/2021 Kl. 19.30

Viken

Sonia Loinsworth i Tomba Emmanuelle

19/08/2021 Kl. 18.00

Oslo

Rikskonsertane sine Intro-ordningar fungerte som lanseringsprogram for unge utøvarar, i spleiselag mellom Rikskonsertane, Utanriksdepartementet, Norsk Jazzforum, FolkOrg, MIC Norsk musikkinformasjon og ei rekkje festivalar.

Intro komponist kom til som siste ledd i satsinga, og Øyvind Torvund, Emil Bernhardt (2007-2009), Therese Birkelund Ulvo og Ørjan Matre (2010-2012) har så langt vore Intro-komponistar.

Spissar satsinga
Med nedlegginga av Rikskonsertane si offentlege konsertverksemd har ein måtta tenka nytt om Intro-ordningane. Music Norway søkte Utanriksdepartementet om å få forvalta den internasjonale delen av ordninga, og fekk tilslag.

Les også: [link id=67999 title=»Intro-klassisk fortsatt på vent«]

Fredag vart Intro komponist utlyst på nytt, som den første av ordningane Music Norway forvaltar internasjonalt.

Frå 2014 har programmet ein annan struktur enn før. Til dømes skal det satsast meir på færre.

— Sidan det ikkje er meir midlar i ordninga (UD tildeler 125 000 årleg til Intro komponist, red. anm), ynskjer me å bruka heile innsatsen på ein komponist i perioden, og ikkje to, seier Hilde Holbæk-Hanssen i Music Norway.

Ho trur ei slik spissing vil gje større verknad for den som vert vald ut. Holbæk-Hanssen er òg glad for erfaringane som alt er gjort gjennom ordninga.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

— I første runden fekk Øyvind Torvund eit godt fotfeste i Berlin, mellom anna fordi me finansierte ei innspeling asamisimasa gjorde av musikken hans for Radio Deutschland. Det var viktig for Torvund. Men MIC hadde nok generelt litt for klare tankar om korleis pengane skulle brukast i første runde. I andre omgang ville me møta søkaren der vedkomande var. Heller enn å finna på nye prosjekt, ville me stø prosjekt som var i emning eller som kandidatane meldte om konkret behov for.

Mellom resultata frå runde nummer to var studieopphald og innspelingar for promotering av Therese Birkelund Ulvo, medan Ørjan Matre, som på det tidspunktet byrja å få tingingar frå utlandet, fekk hjelp til å løfta honorara.

— Utanlandske satsar ligg langt under dei norske. Når me var med på finansieringa av desse, vart det mogleg for han å ta på seg den typen oppdrag, som er essensielle for å få musikken ut i verda, seier Holbæk-Hanssen.


Hilde Holbæk-Hanssen er prosjektleiar for kunstmusikk i Music Norway

Nye samarbeidspartar
Erfaringane er viktige, like viktig er det òg at det kjem fleire inn i samarbeidet. Tre nye aktørar, Ultima, NyMusikk og Norsk Komponistforening ynskjer no å bidra til ordninga.

Medan Music Norway vil stå for administreringa av ordninga, vil Ultima arbeida med å skaffa kandidaten oppdrag som co-produksjonar med sine utanlandske samarbeidspartnarar. Også NyMusikk kan tilby konsertar og kuratorverksemd ovanfor utlandet. Både Ultima og NyMusikk vil hjelpa til med å arrangera konsertar for kandidaten i Noreg, då med eigne midlar. Norsk Komponistforening vil bidra til finansiering av profesjonelle opptak.

— Ordninga, og Utanriksdepartementet sine midlar, er først og fremst retta mot utlandet. Men som samtidsmusikkomponist er det lite sannsynleg at du får gjennomslag ute før du har bevist noko heime. Derfor er samarbeidet med desse institusjonane viktig. Dei er med på å kvalitetssikra kandidatane og gje dei ein plattform her heime, samstundes som dei altså har sine eigne utanlandske nettverk.

Les også: [link id=66040 title=»Lyd og menneske. Intervju med Therese Birkelund Ulvo «]

— Betyr det at Ultima og Ny Musikk forpliktar seg til å programmera Intro-komponistane inn i sine program?

— Nei, institusjonane står fritt til å arbeida med INTRO-komponisten ut frå det som er deira musikkprofil. Men samarbeidspartane kårar saman med Music Norway den kandidaten som vert teken opp i ordninga, det virkar forpliktande. Meininga er å finna realistiske kandidatar og også hjelpa dei mot realistiske mål, avsluttar Holbæk-Hanssen.

Søknadsfristen i ordninga er 23. oktober. Etter planen vil ein ny Intro-kandidat vera kåra i løpet av november, og satsinga startar i 2014.

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Pr i dag er NOPA, NKF og MFO medlemmer i Foreningen Ballade.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Kulturskolelærer – breddeprogram musikk

Fredrikstad kommune – Kulturskolen

Kulturskolelærer – Dans/Jazzdans

Fredrikstad kommune – kulturskolen

Produsenter

Bodø2024 IKS

Kantor / Organist

Folldal Kirkelige Fellesråd

Basstrombone

Den Norske Opera & Ballett

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev