Sara Övinge og Catharina Chen (Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene)

Internasjonal i alle sjangrar?

Medan Jazzintro og Intro-folk har levd vidare har ingen institusjon teke over Intro-klassisk. Då blir det heller ingen internasjonal Intro-klassisk.

BransjenFolkemusikkJazzKunstmusikk

Rikskonsertane si offentlege konsertverksemd vart nedlagt i 2012. I 2013 vart det endeleg bestemt at dei ikkje lenger skal arbeida med Intro-programma, som var lanseringssatsingar for unge utøvarar.

Beslutninga har hatt ulike utslag.

— Det at Rikskonsertane trekte seg ut av Intro-programma resulterte i nokre praktiske endringar for oss, men ingen stor dramatikk, seier Camilla Slaattun Brauer i Norsk jazzforum.

Forumet og dei fem store jazzfestivalane var frå starten tett involvert i Jazzintro, og har halde fram med å leggja til rette for rekrutteringa av unge. Jazzintro 2014 vart lyst ut i førre veke.


Mopti var Jazzintro-utøvarane i 2012. Foto: Lars Opstad

FolkOrg vidareførte Intro-folk i 2012 (FolkOrg har førebels ikkje informert oss om vidare planer for ordninga red. anm.), medan Intro-klassisk har stått på vent i fleire år.

Les også: [link id=67999 title=»Intro-klassisk fortsatt på vent«]

Årsaka er at ingen organisasjon har teke ansvaret for Intro-klassisk. I fjor signaliserte Arnfinn Refsdal i Rikskonsertene von om å finna ein ny «eigar». Men no fortel han til Ballade at Rikskonsertene ikkje lenger har i oppgåve å sikra denne ordninga.

— Me ynskjer framleis å gjera ein jobb for unge musikarar i dag, men finn det hensiktsmessig å legga dette tettare opp til det som er vår dominerande konsertverksemd, konsertar for barn og unge, og den formidlingskompetansen som er utvikla i den samanhengen, seier han til Ballade.

Krev samarbeid
Rikskonsertane sine offentlege konsertmidlar vart overført til musikarordninga i Kulturrådet. I tillegg kom midlar frå Utanriksdepartementet. Desse skal Music Norway no forvalta.

— Intro-komponist er utlyst for som første internasjonale satsing. Kva er planane for dei andre Intro-ordningane?

— Intro komponist var reindyrka i MIC (som er slått saman med MEN til Music Norway, red anm). Den var godt forankra og definert i MIC, og hadde ein modell for internasjonalisering. Derfor har det gått raskt å komma i gang, seier direktør i Music Norway, Kathrine Synnes Finnskog.

Les også: [link id=68479 title=»Intro komponist er tilbake«]

— Parallelt har me dialog med organisasjonane innan jazz og folkemusikk som driv intro-programma vidare nasjonalt. Det er stor interesse for å laga ein internasjonal versjon av programmet, men det er viktig at me brukar tid til å sjå på kva behov som finst i den enkelte sjangeren, seier ho.

— Er det nokon plan for Intro-klassisk?

— Den internasjonale ordninga må vera basert på samarbeid med organisasjonar som tek seg av den nasjonale delen av lanseringa. Det er ikkje snakk om mykje midlar, så me vil sikra at dei blir brukt på ein god måte. Me ser etter samarbeid der fleire går inn med sine nettverk og sin kompetanse.

— For oss er det også viktig å finna løysingar som kan svare på eit behov i marknaden, og som går i møte det som musikklivet sjølve ser på som utfordringar. Me ynskjer å sjå på det heilskaplege biletet, til dømes kva som finst av løysingar frå før av. Derfor tek dette noko lenger tid, seier Finnskog.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio