Ida Dyrkorn Heierland (Foto: Ole Bull Akademiet)

Ida Dyrkorn Heierland ny festivalleiar for Osafestivalen

Heierland tek over stillinga etter Tormod Kleiveland 1. november 2018.

Kalender

Ole Bull Akademiet har tilsett Ida Dyrkorn Heierland som festivalleiar for Osafestivalen.

Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar/ fagleg leiar for Vestnorsk Utvandringssenter, og har lang og brei erfaring innan prosjektleiing og formidling.

Når noverande festivalleiar Tormod Kleiveland no har valt å gå vidare til nye arbeidsoppgåver i Festspillene i Bergen, er Ole Bull Akademiet glad for at vi fekk mange gode søkjarar til festivalleiarstillinga, Heierland har lang røynsle i formidling og nettverksbygging, og utvikling av både formidlingsmåtar og nye konsertarenaer vil bli sentrale oppgåver for den nye festivalleiaren, seier rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie i ei pressemelding.

Osafestivalen har i over 25 år gjeve publikum unike møte i skjeringspunktet mellom klassisk musikk og folkemusikk. Denne profilen vil festivalen utvikle vidare i åra som kjem.

Ida Dyrkorn Heierland tek til i stillinga 1. november 2018.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev