Elina Waage Mikalsen (Foto: Annar Bjørgli / Nasjonalmuseet)

– Historia vår er ein vev full av hol

Elina Waage Mikalsen utforskar historia gjennom lydbølger, og har gjort si bestemors gamle vev om til eit instrument.

Kalender

Les intervjuet på nordsamisk her, oversatt av Siri Broch Johansen.

 

Den Borealis-aktuelle, multidisiplinære kunstnaren har sjøsamisk bakgrunn og er oppvaksen i Tromsø med bergensk far. Frå 2022 til 2024 er ho «artist in residence» på Borealis i Bergen. Å jobbe med og å vise fram samisk kunst i byen ho har røter frå, ser ho på som eit møte mellom sine historier. Både samisk kulturhistorie og hennar eiga familiehistorie pregar arbeidet.

– Eg må skape ut i frå den eg er og kor eg kjem frå. Eg har ein norsk far, men det er ein historie som bærer seg sjølv. Den treng ingen hjelp for å overleve, mens samisk kultur absolutt trenger hjelp til å bli ivaretatt fordi den er så trua på så mange områder.

Arbeidet med lyd er noko ho stadig kjem tilbake til, og det er ofte utgangspunktet i arbeida hennar.

– Eg ser på lyd, og ikkje minst lydbølger, som ein fysisk ting som bevegar oss og setter ting i bevegelse. I det ein lyd slepper ut av min munn, så setter eg lufta i bevegelse, og den bølga fortsett. Bølgene går inn i andre typar materiar, som igjen vidarefører dei, og heile tida mottek ein urgamle vibrasjonar.

– Eg har tenkt at ut av sprekkane og hola siver det ut informasjon viss ein koplar seg på. Då er eg tilbake til dette med å lytte som ei øving som består av meir enn å berre bruke øyrene. (Foto: Annar Bjørgli / Nasjonalmuseet)

For Mikalsen er lytting eit utvida omgrep, som handlar om meir enn å høyre.

– Ein kan kanskje sei at det er knytt opp mot spiritualitet, men det er jo ein måte å bevege seg i omgjevnadane på.

Ho har til dømes gjort om sin bestemors gamle veveredskapar til eit instrument.

– Å røre ved disse objektene, å få dei til å vibrere, framkallar ei lydhistorie, eit lydlandskap, som ikkje er der lenger. Ei historie om ho som sitter og vever for 50 år sida og korleis det kan ha høyrtest ut. På den måta vert skila mellom tidene oppheva.

Lydar frå mellomromma
Framsyninga til Mikalsen på årets Borealis-festival har fått namnet «Lyder fra mellomrommene.» Mellomromma refererer til hola som fornorskingspolitikken og overgrepa mot det samiske folket har etterlett seg i historia. I dei ser Mikalsen rom for å skape.

– Vår historie er ein vev full av hol. Eg kan aldri fylle det holet – det som er borte er borte – men som kunstnar kan ein fantasere om kva som har vore der, kva som kunne ha vore der eller knytte nye forbindelsar.

Samtidig er ho opptatt av å ikkje berre fortelje historier om smerte og tap.

– Det er jo ein veldig stor del av historia, men for meg kjennes det også viktig å fantasere om eller sjå for seg ei anna framtid.

Ho samanliknar det med science fiction, og forklarar at det vi skriv, tenkjer oss og fantaserer om kan bli verkelegheit i framtida.

– Eg har tenkt at ut av sprekkane og hola siver det ut informasjon viss ein koplar seg på. Då er eg tilbake til dette med å lytte som ei øving som består av meir enn å berre bruke øyrene.

På samiske premissar
Viss ein dykkar ned i arbeidet hennar merkar ein fort at det inviterer til opning av sanseapparatet. Dette er mykje takka vere balansen mellom ulike element. Visninga på årets Borealis har ho kalla for ein talkshow-collage – eit omgrep ho har funne opp for høvet. Den består av lytting, fleire live-framsyningar og matservering. Ettersom Mikalsen er festivalkunstnar fram til 2024, er dette eit slags mellomstopp, der ho kan dele det ho har funne ut av til no. Formålet med prosjektet er å utforske kva samisk eksperimentell kunst er og kan vere, og ho inviterer også med seg andre kunstnarar.

Elina Waage Mikalsen ute i felten. (Foto: Ane Marte Før)

– Vi får skape ein plattform der vi møtest og pratar om det samiske eksperimentelle feltet. Den samiske kulturen er sjølvsagt basert i mykje tradisjon, men det er også ein levande kultur, som heile tida strekk i ting, tek til seg nye kunnskapar og vert utfordra både innanfrå og utanfrå. Det er veldig interessant å jobbe med.

Skapar ein møteplass
I tillegg til å gjere eit djupdykk i eiget felt vil ho lage ein møteplass for andre kunstnarar som faller mellom to stolar.

– Vi passar stort sett ikkje inn på dei samiske festivalane fordi det er for rart, for bråkete, for langsamt eller ikkje gjenkjenbart nok som musikk. Eller at det ikkje opplevast som samisk nok. Samtidig går kanskje fleire under radaren når det kjem til det norske samtidskunst- og eksperimentelle feltet.

Nokre kunstnarar er opptatt av at kunsten skal snakke for seg og at publikum ikkje skal få hjelp til å forstå. I Mikalsens verk vert publikum meir enn passive tilskodarar.

– Eg presenterer ein collage – eit samansurium eller virvar av referansar av lyd og musikkvideo. Det kan både vi og publikum sjølv sette saman til eit eiget bilde utan at eg nødvendigvis trenger å sitte på éin type sanning eller fortelje eitt narrativ om samisk eksperimentell musikk. Det kan heller vere eit rom for å vere i lag. Å ete saman er viktig, og å lytte i lag er veldig samlande.

Heimelekse til publikum
På arrangementssida er det lagt ut ei leseliste som kan førebu publikummarar som har sitt fyrste møte med samisk kultur. Bakgrunnen for det er at Mikalsen er lei av å gong på gong ha samtalar på det vestlege publikummet sine premissar.

– Som samisk kunstnar i ein norsk eller internasjonal, vestleg setting, må ein veldig ofte byrje frå scratch med å fortelje kven samane er, kor vi kjem frå, korleis samisk kultur ser ut og kva joik er.

Elina Waage Mikalsen på BEK – Bergen senter for elektronisk kunst under innspeling av eit radioprogram for NTS Radio med samisk eksperimentell musikk. (Foto: Borealis)

Mikalsen fortel at når ein møter eit publikum med lite kunnskap om det samiske, så er det vanskeleg for kunstnarane å komme vidare i samtalen. Ho synes det er viktig at dei kan gjere ei heimelekse i forkant.

– Vi har hjelpt dei litt på veg med å lage ei leseliste der dei kan lese seg opp, og det kjem ei speleliste der dei kan lytte seg opp. Då kan vi ta samtalen vidare. Ikkje fordi publikum kanskje skal sei så mykje, men for at vi skal kunne gjere det utan at dei sitter der og er heilt blanke i blikket.

Viser endringsvilje
For Mikalsen var ein av grunnene til å takke ja til Borealis at ho opplever dei som endringsvillige i møte med dei kunstnarane dei hentar inn. Festivalsjef Peter Meanwell bekreftar at han streber etter dette, og meiner at kunst og politikk er tett vevd saman.

– Kven som får lov til å lage musikk og delta i musikklivet er bestemt av politikken, seier han.

Han forklarar at som ein festival for eksperimentell musikk ønskjer dei å utfordre, stille spørsmål og presentere publikum med ting dei ikkje har høyrd før.

– Så vi inviterte kunstnarar til å snakke til oss og presentere oss med ting vi ikkje hadde høyrd før. Det førte til endringar i organisasjonen og måten vi jobbar på.

Peter Meanwell og Elina Waage Mikalsen ute og går i Bergen. – Vi må finne ut kva slags meiningar vi gjer oss og kvifor dei er problematiske. Kva er vi opne for, og kva er vi opne for å endre? (Foto: Borealis)

Den fyrste kunstnaren i artist in residence-rollen var kor-leiar Jenny Moore i 2019/2020. Gjennom prosjektet «Doing, not saying», jobba ho intensivt med tema som strukturelle fordommar, inkludering og representasjon. Prosjektet førte til varige endringar i organisasjonen, som normalisering av pronomenbruk og tilgang til kjønnsnøytralt toalett på alle arrangementet. Moore sitt kunstnariske og politiske arbeid med festivalen var uløyseleg knytt saman.

– Linja mellom kva som er eit kunstprosjekt og kva som er strukturell organisering vert viska ut, seier Meanwell.

Som leiar av ein norsk festival er han bevisst på at ein må anerkjenne landets koloniale fortid og notid. Han opplever det som naudsynt å inkludere samiske stemmer, og jobbar med å finne den riktige måten å gjere det på. Det får han hjelp av Elina til.

– Elina har leia oss i lesesirklar og samtalar der ho har spurt kva det betyr å ikkje tvinge samar til å passe inn i ein vestleg boks, og kva det vil bety å gjere ting annleis. Vi må finne ut kva slags meiningar vi gjer oss og kvifor dei er problematiske. Kva er vi opne for, og kva er vi opne for å endre?

Dei visar begge til døme med å plassere joik i ein vestleg, eksperimentell setting. Det vert opplevd som eksperimentelt for eit vestleg publikum, mens det frå eit samisk perspektiv er svært tradisjonelt.

– Det er noko med å flytte blikket og finne ut kva som trekker i tradisjonane og utfordre kunstnarar og vår eigen kultur innanfrå, seier Elina.

Både kunstnaren og festivalsjefen snakkar med stor entusiasme om prosjektet. At det går over to år ser Elina Waage Mikalsen på som eit privilegium.

– Ting skal ofte gå så fort. Her får vi verkeleg verdsett prosessen, og eg jobbar grundig med organisasjonen bak Borealis. Eg får gjort den researchen eg trenger, danna forbindelsar med andre samiske kunstnarar og ikkje minst jobbe frem mot eit resultat i 2024.

 

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo