SAMTIDSKOMPONIST FYLLER 60: – Kan du tenke deg kor sterkt det er for meg å få sitje og halde på med slikt? spør Knut Vaage, som markerer 60-årsdagen gjennom to framføringar av verk han har skrive. (Foto: Roy Bjørge)

– Eg tente på samtidsmusikken som eit fly

– Eg kjenner meg heldig, seier samtidskomponisten Knut Vaage. Sidan tidleg 90-tal har han skapt fantasifull musikk, frå rein støy til leikande og melodisk. 14. oktober fyller han 60 år, og det vert markert med konsertar både denne helga og den neste.

Kalender

Operapub på Røverstaden

27/10/2021 Kl. 19:00

Oslo

Ensemble Allegria og Oslo Kammerakademi

30/10/2021 Kl. 14.00

Oslo

Lørdagsopera 30. oktober

30/10/2021 Kl. 15:30

Oslo

– Det å fylla 60 har eg ikkje nokre store kjensler for. Tida går i rasande fart, men eg er glad for å vera i full aktivitet som ein aktør i kunst og kulturlivet. Då tenkjer eg at alder ikkje har så mykje å seie, så lenge ein kan bidra med noko meiningsfylt, og klarar å kommunisera gjennom musikk, seier Knut Vaage. Opphavleg er frå Sunde sør i Kvinnherad, men har budd heile sitt vaksne liv i Bergen.

Han tok utdanning som pianist og komponist ved Griegakademiet i Bergen, og var initiativtakar til konsertserien Avgarde – ein viktig møteplass for samtidskomponistar, musikarar og publikum like sidan starten i 2006.

Me opnar med å snakke litt om oppveksten hans, og då går det ikkje lang tid før han nemner farfaren, som var forfattaren Ragnvald Vaage (1889-1966). Den fyrste cd-plata frå Knut Vaage, «Eg strøyer mine songar ut» (1993), var faktisk ein songsyklus basert på ti av farfarens dikt – opphavleg laga til ei framføring i Baroniet i Rosendal i 1991.

KOMPONISTENS FARFAR: Ragnvald Vaage (1889-1966) frå Kvinnherad gav ut i alt 20 bøker i ulike sjangrar. Det er særleg lyrikken og den problemorienterte litteraturen for eller om barn han vert hugsa for i ettertid, ifølgje allkunne.no. (Foto: Privat)

Farfar var forfattar
– Eg hugsar han berre så vidt, for eg var berre seks år då han døydde, fortel han.

– Bestefar var litt sånn fjern, for han var oppteken av dikta sine. Han hadde streva på garden heile livet, og no hadde han nokre korte år igjen – så han skreiv mange fine barnebøker og diktbøker seint i livet.

Ragnvald Vaage sin produksjon omfattar både diktsamlingar, barnebøker, romanar, forteljingar og noveller. Han skreiv òg artiklar og reiste rundt til ungdomslaga som folketalar i grundtvigsk and, der han mellom anna kjempa for folkeretten, bondekulturen og nynorsken.

– Han var faktisk ein av dei kjende kunstnarane, og var ven med både Geirr Tveitt, Olav H. Hauge og Johannes Heggland, fortel Vaage.

– Når eg som barn traff eldre menneske, og dei fekk høyre at eg var barnebarnet hans, fekk eg alltid spesialbehandling.

– Var foreldra dine òg kunstnarar?
– Nei, dei var bønder. Far min var lokalhistorikar, og skreiv tre bygdebøker. Han var ein bokas mann. Eg hugsar at han alltid sat i stolen sin etter ein lang dag på garden. Han streva og jobba aleine, og så sat han i stolen og ville gjerne sjå litt fjernsyn og lesa ei god bok før han tok kveld. Som regel klarte han ingen av delane. Så sat han der og sov då, med boka i fanget og fjernsynet på.

Er utdanna bygningstømrar
Knut Vaage er yngst i ein søskenflokk på fem brør. Den nest eldste av dei heiter Lars Amund Vaage, og er, til likskap med bestefaren, ein kjend norsk forfattar. Sjølv har Knut Vaage altså teke utdanning som komponist og pianist, men karriera hans byrja i eit anna fag.

HEIMESNEKRA INSTRUMENT: – Eg kallar den for «gipano», seier Knut Vaage om ein gamal øydelagd gitar som han har sett pianostrengar og ulike ting på. (Foto: Roy Bjørge)

– Eg flytta til Bergen for å jobba som bygningstømrar, fortel han.
– Eigentleg så er ikkje det faget så ulikt det eg held på med no. Eg driv framleis og konstruerar ting.

– Du har bunnsville og toppsville med stender imellom. Så må du ha gipsplater på innsida og utsida, med isolasjon i mellom. Og så må du ikkje gløyma elektrisiteten. Hvis du treng dør, så må du hugsa på å «veksla ut» for det òg. Og så skal det vera beint.

– Òg som tømrar?
– Eg har gjort ganske mykje på eigne hus opp gjennom åra, sjølv om eg helst leiger inn handverkarar.

– Korleis set du opp ein lettvegg? spør eg, mest ut frå eigeninteresse.
– Det kan eg fortelja deg. Du har bunnsville og toppsville med stender imellom. Så må du ha gipsplater på innsida og utsida, med isolasjon i mellom. Og så må du ikkje gløyma elektrisiteten. Hvis du treng dør, så må du hugsa på å «veksla ut» for det òg. Og så skal det vera beint.

– Har du jobba som tømrar?
– Ja, fram til eg var 20 år. Då tok eg fagbrev – og så skifta eg over til musikken. Eg hadde fått kick på musikk frå før, så eg valde feil då eg bala meg inn på yrkesskulen. Eg kjende korleis fingrane stivna, så til slutt sa eg berre opp jobben, fortel han.

– Då me møttes, hadde me kvar vår avis under armen, som var ein måte å møta kvarandre ute på byen før mobiltelefonen.

– Det som skjedde var at eg traff Karl Seglem (saksofonist og bukkehornist, journ. komm.) på ein kafé. Han var òg nett komen til byen, og hadde hatt ein annonse i avisa der han søkte etter nokon å spela med. Då me møttes, hadde me kvar vår avis under armen, som var ein måte å møta kvarandre ute på byen før mobiltelefonens tid.

Tok fri for å øva
Møteplassen var ein sein kveld på nattklubben på Hotell Norge. Det er vel rett å seie at dei to «fant tonen», for like etterpå gjekk dei saman om bandet Ictus – oppkalla etter ein Carla Bley-låt og med tre andre musikarar om bord (Gunnar Nordgård, Rolf Prestø og Geir Egil Svinnset) – i tillegg til Vaage og Seglem.

– Dette var frilansarar, så me øvde på dagtid på Hulen (legendarisk studentklubb/konsertlokale i Bergen, journ. komm.). Eg måtte ta fri frå jobben for å vera med, så eg sa opp, og tok i staden litt småjobbar for å leva.

Samstundes tok han kontakt med ein lærar på det dåverande Bergen Musikkonservatorium (no Griegakademiet) og byrja å øva seg på å spela klassisk musikk for å koma inn der.

– Nei, jazz var heilt forbode. Eg gjekk jo ikkje der for å spela jazz. Det gjorde eg på fritida.

– Me kalla det for «Konsen». Eg øvde for meg sjølv i nokre månader, og så kom eg inn der då. På klassisk piano. Det var nesten eit lite mirakel at eg kom inn. Dei andre studentane hadde øvd i årevis.

– Det var vel ikkje så mykje jazz der den gongen?
– Nei, jazz var heilt forbode. Eg gjekk jo ikkje der for å spela jazz. Det gjorde eg på fritida. Eg gjekk der for å læra meg teknikk, for eg hadde så hardt anslag med desse stive tømrarfingrane mine.

Møtte samtidsmusikken
På konservatoriet fekk han òg læra om nyare musikkhistorie og samtidsmusikk.

– Eg trur eg var den einaste eleven i klassen som likte det. Eg tente på samtidsmusikken som eit fly – så eg begynte å komponera med ein gong eg kom inn der.

– Kva komponistar blei du gjort kjend med?
– Det var Alban Berg, György Ligeti, Karlheinz Stockhausen, John Cage og mange fleire; heile pakka. Alt dette var heilt fantastisk, det opna opp ei heilt ny verd for meg. Eg var fullstendig altetande, og tenkte aldri på at det kunne vera eit problem å halde på med å lage slik musikk. Eg var jo vant til å lage musikk og spela i band – så for meg var det ein heilt naturleg ting.

– Kva med Olivier Messiaen? Fann du inspirasjon i verka hans?
– Å ja. Han hadde ein svært avansert komposisjonsteknikk – han skreiv eigne lærebøker der du kan læra deg hans stil. I tillegg reiste han rundt i verda og skreiv ned fuglesongar, som han sidan brukte i musikken sin.

– Har du brukt fuglesong sjølv?
– Eg har laga eit orkesterverk som heiter «Skjulte songar», som eg byrja å skrive på ein maidag i 2005 medan eg var på hytta mi i Sunnhordland. Det fyrste eg gjorde var å stå der og høyre på fuglane. Så gjekk eg inn til pianoet og skreiv ned dei ulike fuglane eg høyrde rundt omkring, og brukte dette som råmateriale til orkesterstykket, fortel han.

– Tek du eit lite tema og repeterar det med ujevn rytme, så vert det fugl.

– Det er aldri blitt utgitt, men Stavanger symfoniorkester har spela det på radioen. Dei hadde ein dirigent som jobba voldsomt med det. Han ville ikkje snakke med meg, han var så konsentrert. Men etterpå hadde han lyst å gjera det igjen, men det har ikkje blitt noko meir.

– Det var med piccolo og fløyter?
– Ja, eg gjorde jo disse fuglevariasjonane i lyse instrument, men eg forvandla dei òg slik at dei forsvann ned i kontrafagotten. Det var det med skjulte songar i alle moglege aspekt – det gjaldt ikkje berre den naturalistiske fuglen, men òg alle aspekt av det å skjula ein song. Tek du eit lite tema og repeterar det med ujevn rytme imellom, så vert det fugl. Så har du desse fantastiske solistane slik som svarttrosten, som utbroderar meir.

– Dei kommuniserar jo. Fuglesong er ei form for dialog, kommenterar eg.
– Ja, og dialog er både den einaste farbare vegen mot ei betre verd og ein del av rammeverket for musikalsk form og tekstur, seier han.

Dette blei tydeleg i cellokonserten Relieff, som hadde verdspremiere som straumekonsert i Bergen 8. april i år – der Eivind Gullberg Jensen dirigerte Bergen filharmoniske orkester i ei framføring som fekk Klassekampens anmeldar Magnus Andersson til å hente fram superlativa:

«[Knut Vaage] får det til gjennom å skrive sanselige klanger. De er ofte så skjønne at de motiverer deg til å strekke ørene inn i orkestret, for å høre de ofte avanserte nyansene og variasjonene han maler med».

«[Knut Vaage] får det til gjennom å skrive sanselige klanger. De er ofte så skjønne at de motiverer deg til å strekke ørene inn i orkestret, for å høre de ofte avanserte nyansene og variasjonene han maler med» skreiv han, og gav òg lovord til Amalie Stalheim, som både stod som solist og initiativtakar til bestillingsverket.

– Eg har kjend Amalie sidan ho blei født, og er imponert over hennar utvikling. Ho er ein stor musikar, seier Vaage, og legg til at han blei svært glad då ho bestilte ein konsert frå han.

Korona-tida har elles sett ein dempar på mykje av aktiviteten hans. Dei fleste framføringane har blitt kansellert, men han har heile tida jobba med bestillingar og planlegging av nye arrangement.

– Som dei fleste andre har eg jobba på heimekontor, og droppa nesten all reising. Utover hausten kjem tinga litt etter litt meir i sving, lovar han.

Det siste han fekk gjort før pandemien skaut fart, var premiera på verket Hybrid Spetakkel. Denne blei halden på Borealis-festivalen laurdag 7. mars 2020 – berre dagar før heile Noreg stengde ned.

Verket blei framførd av BIT20 Ensemble, dirigert av Trond Madsen og med John Ehde som solist på cello. Eit konsertopptak frå premiera på det nyskapande verket blei seinare sendt i NRK P2-serien Spillerom 10. mai 2020, samt at det blei vist på NRK Hovedscenen 7. juni 2020.

– Det var òg eit bestillingsverk?
– Ja, frå BIT20-ensemblet. Eg jobba saman med John Ehde frå København i tre år i forskingsprosjektet (Un-)Settling Sites and Styles. Verket kom som ei oppsummering av forskinga vår. Me hadde eit komponist/utøvar-samarbeid, fortel han.

– Hybrid Spetakkel var òg ei krone på verket i ein lang serie som eg har gjort saman med lydkunstnaren Thorolf Thuestad, legg han til.

– Du kan seie at det er ein meditasjon over mennesket sitt tilhøve til elektronikk, seier han, og held opp mobilen.

– Eg og han har jobba saman sidan 2003 – og produsert enormt mange spenstige ting. Me har utvikla ein teknikk for å laga musikk basert på akustiske instrument og elektronikk – eit lydbilete som ligg i hybridlandskap. Du kan seie at det er ein meditasjon over mennesket sitt tilhøve til elektronikk, seier han, og held opp mobilen.

– Me har alltid med oss denne her. Det vert ein slik hybridsituasjon der me er avhengige av teknologi – og det påverkar korleis me lever liva våre – utan at verket held opp nokon peikefinger mot tilhøyrarane, understrekar han.

– Det er meir ein leik med dei ulike verkemidla. Me gjorde opptak av ulike lydar, og så komponerte eg på desse meir slik dei gjer det i popmusikk. I staden for å komponera ved å skriva notar, slik eg er vand med, så sette eg lydane saman «live» på same måten som DJar. Thorolf og eg kjenner kvarandre så godt at me kunne leika med det.

OPNAR MED STJERNESTØV: – Radiostøyen kjem frå verdsrommet, så kvar musikar kjem inn på scena med stjernestøv, seier Knut Vaage om innleiinga til verket «Hybrid Spetakkel». (Foto: Roy Bjørge)

– Kva vil du seie til dei lesarane som kanskje vil tru at dette er for avansert og vanskeleg – og umogleg å få noko glede ut av?
– Eg vil seie at eg er eit bevis på det motsette. Det er ikkje vanskeleg, det er veldig lett. Eg har spela inn mykje av dette sjølv. Eg brukte alle moglege lydar som eg hadde samla inn over tre år. Lydane fekk gjerne eit poetisk namn. Når eg sa «vindlandskap» til Thorolf så visste han med ein gong kva eg snakka om.

– FM var jo kobla ned, så me fann i staden fram til radiostøyen. Den kjem frå verdsrommet. Radiobølgjene kjem til oss med spor av stjernestøv i seg.

Spor av stjernestøv
– Korleis drog du inn musikarane i BIT20-ensemblet då?
– Dei var lydkjelda. Alle lydane frå musikarane. Eg pressa dei til yttergrensene av det dei heldt på med. Dei sat kanskje og slo på trompeten eller skrapa litt på cellostrengane – og så gjekk det inn i datamaskina, der lydane blei bearbeida live. Alle kom inn med kvar sin radio – det var litt sånn i anda etter John Cage.

– Var radioane påskrudd?
– Ja, men FM var jo kobla ned, så me fann i staden fram til radiostøyen. Den kjem frå verdsrommet. Radiobølgjene kjem til oss med spor av stjernestøv i seg, så kvar musikar kom inn på scenen med stjernestøv; eit levande elektronisk støymateriale som er som eit slag pulver, eller ei kime til liv, forklarar han.

– Så gjekk dei til instrumentet sitt, og skrudde av radioen. På den måten fekk du ein transformasjon frå radioen til ein drone, der alle deltok. Musikken vaks ut av den; blei fødd på den måten – medan publikum kom inn.

FEKK PUBLIKUMSPRIS: – Helten, Veslefrikk, ynskjer seg hemn. Men hemnen har aldri vore av det gode for menneska. Difor har me valgt ei anna løysing, seier Knut Vaage om operaen Veslefrikk, her frå ei framsyning i Tromsø i 2010. Operaen blei same år tildelt den franske tvkanalen Artes publikumspris etter ei framføring på den ungarske operakonkurransen Armel. (Foto: Marius A. Hansen)

«Frå djupet»
Innleiinga til stykket fekk namnet «De Profundis» («frå djupet»), henta frå fyrste verset av Bibelens Salme nr. 130. Dette er òg tittelen på Oscar Wildes kjærleiksbrev til Lord Alfred Douglas, som han skreiv frå fengselscella.

– Det å setja ein dandy til hardt straffarbeid var det same som å drepa han, og det berre fordi han var homofil.

– Denne delen av verket er tenkt som eit lite peik mot dei idiotane som sende Oscar Wilde i fengsel og i realiteten gav han dødsstraff. Det å setja ein dandy til hardt straffarbeid var det same som å drepa han, og det berre fordi han var homofil. Han var jo eit geni, og ein fantastisk person som berika verda med stor kunst.

Oscar Wilde ville ikkje fornekta kjærleiken. Han kunne stått der i rettssalen og bløffa for å koma seg fri, men det gjorde han ikkje.

– Me treng å minnast på at det finst ei urettvise i det folk vert utsett for. Det er òg musikken si oppgåve – ikkje berre springa rundt og sei «happy, happy» og tjo og hei i ein lystig poplåt. Me kan gjera det òg – men musikken har heile spekteret, slik menneskeheita har heile spekteret, seier Vaage, som ser fram til to konsertar med eigen musikk den komande helga og den etter.

ALLE DØYR PÅ SLUTTEN. – Hovudpersonen treffer kjærleiken ute på oljeplattforma, men heile verda går under før dei får sjanse til å kyssa kvarandre, seier Knut Vaage om operaen «Khairos», som blei framførd på operaen i Bjørvika i 2013. På biletet ser vi korleis sivilisasjonen går under i ein stor «blowout», samstundes som folket har ei stor feiring med konfettikanon. Musikk: Knut Vaage, libretto: Torgeir Rebolledo Pedersen. (Foto: Dunatelevision/Youtube)

Først ut er avslutningskonserten på årets BrassWind-festival, som vert halden i Lungegaardens Kulturarena i Bergen. Der vil det bli ein god times lang multimediakonsert med NyNorsk Messingkvintett, Thorolf Thuestad (lyddesign) og den svenske lysdesignaren Evelina Dembacke. Vaage har laga ein liten «teaser»-video der han fortel om denne konserten.

– Eit viktig tema for konserten er koronapandemien, med kjensler som einsemd og lengsel etter nærvær. Den nordiske naturen står òg sentralt som eit håp og ein mogleg veg ut av krisa.

Konserten har fått tittelen multiMORF remix, og er ei vidareutvikling av Knut Vaages multiMORF-serie (2007-21) – der han og Thorolf Thuestad – som nemnd tidlegare – har utvikla eit hybrid akustisk/elektronisk lydbilde ved å utvida klangspekteret til instrumenta gjennom utstrakt bruk av elektronikk.

Saman med NyNorsk Messingkvintett og den svenske lys- og videodesigneren Evelina Dembacke har dei utvikla ideane vidare, der sistnemnde brukar film og foto til å forsterka lyssettingane sine, slik at dei smeltar saman med musikken til ei heilskapleg oppleving.

– Eit viktig tema for konserten er koronapandemien, med kjensler som einsemd og lengsel etter nærvær. Den nordiske naturen står òg sentralt som eit håp og ein mogleg veg ut av krisa.

Helga etter kjem så kvartetten United Instruments of Lucilin frå Luxembourg. På programmet står mellom anna Vaages klavertrio Svev, som blei urframført på Borealis i 2018 av Valen Trio (John Ehde, Einar Røttingen og Ricardo Odriozola). Svev er òg med på trioens cd frå 2020, saman med to andre verk.

– Eg kjenner meg heldig som har fått lov til å jobba med heile dette spekteret i min musikk gjennom livet. Det er eg veldig takknemleg for, at det faktisk er mogleg..

– Jubileet vert markert med en sammenkomst for aktørar og gjester rett i etterkant av konsertane, opplyser Vaage.

På konsertane blir det òg mogleg å oppleva ein 3D dokumentarfilm-premiere på ei framføring av «Vintersong 2» med tekst av Hanne Bramness.  Filmen blir vist på ein stand med VR-briller – sjå faktaboks under – ein eksperimentell presentasjonsmåte av konsertdokumentasjon ved hjelp av ny teknologi.

– Kan du tenke deg kor sterkt det er for meg å få sitje her og halde på med slikt? Eg kjenner meg heldig som har fått lov til å jobba med heile dette spekteret i min musikk gjennom livet. Det er eg veldig takknemleg for, at det faktisk er mogleg. Det er det det dreiar seg om for meg.

Avslutningskonserten av årets BrassWind-festival vert halden søndag 3. oktober i Lungegaardens Kulturarena i Bergen. Der vil det bli ein god times lang multimediakonsert med musikk av Knut Vaage framført av NyNorsk Messingkvintett, Thorolf Thuestad (lyddesign) og den svenske lysdesignaren Evelina Dembacke. Programmet er lagt ut på konsertens event-side på Facebook.

Fredag 8. oktober kjem så United Instruments of Lucilin til Bergen. På konserten deira på Griegakademiet (Gunnar Sævigs sal) i Bergen vil dei spele musikk av Knut Vaage, samt dei luxembourgske komponistane Camille Kerger og Tatsiana Zelianko. Arrangør: Avgarde.

Knut Vaage

  • Fødd i Kvinnherad 18. oktober 1961.
  • Tok utdanning som pianist og komponist ved Griegakademiet og Norges musikkhøgskole.
  • Han har vore aktiv innafor fleire stilartar, med hovudvekt på improvisasjon og samtidsmusikk.
  • Produksjonen spenner frå symfoniske verk og opera til solostykker.
  • Musikken hans vert hyppig framførd på konsertar og festivalar i inn- og utland.
  • Utvikling av eit hybrid akustisk/elektronisk lydbilde er eit viktig tema i musikken hans.
  • Saman med lyddesignar Thorolf Thuestad har han jobba for å utvida klangspekteret til instrumenta gjennom utstrakt bruk av elektronikk.
  • Hans fyrste opera, Nokon kjem til å komme, tek utgangspunkt i Jon Fosse sitt skodespel med same namn. Den blei urframførd av Opera Vest under Ultima hausten 2000, og har sidan vore framførd i Tyskland og Luxembourg.
  • I 2010 urframførde Collegium Musicum Høgsongen for solistar, kor og orkester.
  • Khairos er ein fullskala opera, utvikla saman med librettist Torgeir Rebolledo Pedersen, bestilt av Den Norske Opera & Ballett, og urframførd i 2013.
  • Rebolledo Pedersen har òg skrive libretto til Veslefrikk, ein opera i ei akt for heile familien, som ble urframførd september 2010 av Den Nye Opera, og vant ARTE sin publikumspris for beste produksjon.
  • Knut Vaage har skrive verket Vintersong (tekst: Hanne Bramness) for songar Tora Augestad og det tyske tidlegmusikk-ensemblet Lautten Compagney – som urframførte verket på Hardanger Musikkfest i 2017, dirigert av Grete Pedersen.
  • I fjor kom så Vintersong 2, som er ein ny versjon skrive for kontratenor Daniel Sæther og Ensemble Freithoff (med dirigent Kai Grinde Myrann). Urframføringa fann stad i januar i år i kulturkyrkja Kampen i Gamle Oslo – koronatilpassa utan publikum (blei sendt på Youtube). Montag gjorde 3D-opptak av denne framføringa, slik at tilskodarar no kan få oppleva den gjennom VR-briller.
  • Meir informasjon: Biografi på Knut Vaages heimeside.

Innspelingar

  • Diverse komponistar: 20 Norwegian Piano Miniatures (Fabra, 2021). Håvard Gimse, piano.
  • Knut Vaage: Svev (Lawo Classics, 2020). Tre kammerverk av Knut Vaage, framførd av Valen Trio (Einar Røttingen – piano, Ricardo Odriozola – fiolin og John Ehde – cello) saman med Mara Haugen (fiolin), Ingrid Rugesæter Eriksen (bratsj) og Ragnhild Sannes (cello).
  • Knut Vaage – Ad Lib / Per Zanussi – Li 4 (eigenutgitt av ensemblet på vinyl og digital nedlasting, 2018). Bergen Improstorband, leia av Ole André Farstad og John Hegre.
  • Knut Vaage: Høgsongen/Ars Vivendi (Lawo Classics, 2017). Mari Eriksmoen – sopran, Halvor F. Melien – bariton, Collegiûm Mûsicûm/Eivind Gullberg Jensen (dirigent).
  • Diverse komponistar: Variations Over Variations (Aurora, 2017). Orkesterverk av Alfred Janson, Knut Vaage, Maja Ratkje og Jan Erik Mikalsen. Tine Thing Helseth – trompet, Kringkastingsorkestret/Miguel Harth-Bedoya (dirigent).
  • Diverse komponistar: Perpetuum Trompetuum (Lawo Music, 2015). Erlend Aagaard-Nilsen – trompet, Jarle Rotevatn – piano.
  • Diverse komponistar: Minuetto Libero (Lawo Music, 2013). De Unges Orkesterforbund (Unof).
  • Diverse komponistar: Suspended Beginnings (Farbror Melker Records, 2012). Victoria Johnson – elektrisk fiolin, Thorolf Thuestad – elektronikk.
  • Knut Vaage: Gardens Of Hokkaido (Aurora, 2011). Einar Røttingen – piano, Gro Sandvik – fløyte, Turid Kniejski – harpe, Bergen Filharmoniske Orkester dirigert av Ingar Bergby, Eivind Aadland og Ole Kristian Ruud.
  • Diverse komponistar: Bad News From The Desert (Aurora, 2007) Forsvarets Musikkorps Vestlandet/Peter Szilvay.
  • Diverse komponistar: Chromos (Pro Musica, 2007). Gro Sandvik – fløyte, Einar Røttingen – piano.
  • Diverse komponistar: Aldri Før (eigenutgjeven, 2006). Kammerkoret Gneis/Tore Kloster.
  • Knut Vaage: Someone is Going to Come / Nokon kjem til å kome (Aurora, 2006). Enakts-opera basert på eit stykke av Jon Fosse. Bit20 Ensemble/Ingar Bergby.
  • Knut Vaage: Odyssé (Bit20 Records, 2004). Verk basert på Edvard Griegs «Lyriske stykker, op. 54». Bit20 Ensemble/Lars-Erik Ter Jung.
  • Diverse komponistar: Twitter Machine (Fabra, 2003). Lars-Erik Ter Jung – fiolin, Thomas Kjekstad – gitar.
  • Diverse komponistar: Graffiti (Green Records, 2001). Manger Musikklag/Bjørn S. Sagstad.
  • Diverse komponistar: 21 Marches For The 21th Century (Simax, 2000). Forsvarets Musikkorps Vestlandet/Thomas Rimul.
  • Diverse komponistar: Hexa (Hemera, 2000). Ter Jung sekstett/Åsne Valland Nordli.
  • Diverse komponistar: Avgarde (Hemera, 2000). Einar Røttingen – piano.
  • Knut Vaage: Transit (Aurora, 2000). Bit20 Ensemble dirigert av Ingar Bergby og Ricardo Odriozola.
  • Jørgen Træen/Knut Vaage/Lars-Erik Ter Jung: J.K.L. 8.-10. desember (Albedo, 1999). Lars-Erik Ter Jung – fiolin, Knut Vaage – piano, Jørgen Træen – elektronikk.
  • Diverse komponistar: Piano (Aurora, 1997). Einar Henning Smebye – piano.
  • Knut Vaage: Eg strøyer mine songar ut (Albedo, 1993). Tekstar av Ragnvald Vaage. Linda Øvrebø – sopran, Jan Kåre Hystad – fløyte, klarinett, bassklarinett og sopransaksofon, Knut Vaage – piano, Stig Ryste Amdam – resitasjon, Tore Johannesen – bariton.

Sjå òg eiga oversikt på Knut Vaages heimeside.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev