Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:
Som ein konklusjon i direkte etterkant av Magmafestivalen bør ein seie: Dette var litt av eit løft. Det er sikkert tungt å løfte heile musikknorden til einannan stad – i heile ti dagar. All ros til Gupta, Djupvik og Ganer Skaug for dette løftet. Dette er også ein indirekte måte å oppsummere opp eit lite aber med Magma. Det er ein ting som kanskje vil gjere det tyngre seinare.
I ein slik setting skal ein både gje og ta imot. Faren med å flytte eit heilt festivalmaskineri til eit anna miljø – anna land er infrastrukturelle. Det la ein litt merke til under Magma. Ein bør kanskje leggje opp ein meir kunstnarmusikarbasert infrastruktur om to år. Det er viktig med superproffe konsulentar – som Artedefakt som Magma har brukt her nede. Men for å mobilisere det lokale kunstnarmiljøet som ikkje vil gå med på ordinære superproff kulturprofilering må ein tilfredstille desse også. Då blir det fort mange fleire som kan hjelpe oss med å bere neste gong. Det gjeld ikkje
minst det å formidle bodskapen om Norden og få desse gruppene til å kome på konsertane. Hadde ein til dels profilert konsertane med Poing og innslaget med Lasse Marhaug overfor slike hadde 1000 vore på Tränenpalast. Desse har nemleg allereie eit publikum – særleg sistnemnde – her nede.
Til neste gong bør ein få med det enorme eksperimentelle undergrunnsmiljøet. Då må ein for all del ikkje ha Kronprins som stiller opp i byrjinga av festivalen. Det var nemleg blant eit hovudtema blant eksperimentelle musikkvener her i byen: «Herk, tenk at HKH Haakon Magnus stilte opp.» Borgarar frå den høgare middelklassen likar slikt ja. Andre – majoriteten – rygger berre attende. Eg var positiv til kronprinsen i mine fyrste kommentarar denne veka, no revurderar eg dei littegranne. Ein bør eventuelt lage eit todelt program – kor også ‘den andre gruppa’ sin retorikk blir brukt.
Noko av det som funka som ei kule under Magma – var eit fellesnordisk element. Kanskje var dette det usynlegaste i festivalprogrammet. Eit genialt enkelt initiativ frå mellom andre professor Ivar Frounberg på Musikkhøyskolen. Ein skikkeleg buss-tur kor komposisjonstudentar frå heile Norden blei henta langs vegen mot Berlin. Dette var jo repetisjon av dei legendariske hippiebussane som rulla nedover kontinentet på seksti og syttitalet. Nesten.
Denne delen av programmet var veldig effektiv i følgje studentane sjølv. Ikkje minst var det ei unik moglegheit for fattige studentar å oppleve legende-byen Berlin, supermusikk, kameratskap (mykje betre ord enn ‘nettverkbygging’) og gode masterclasses. Desse var her under heile Magma-festivalen.
Christian Blom og Jørgen Kalstrøm frå Griegakademiet i Bergen var blant desse. Og arrangementa fekk stor-ros frå dette haldet. Ein stappfull komponistbuss er eit døme på slikt som kan få ein slik festival til å funke. Kanskje nokre vil seie bussturen var i det lengste laget. Nett idet ballade.no legg ut denne siste rapport frå Berlin sit desse på første etappe på tilbaketuren. Lat oss sende tankar til denne fulle bussen på veg i tjuefire timar nordover. Mon tro kva dei speler på buss-stereoen.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.




















































