
Borealis 2020: Vil innvie publikum i kunsten
Inkluderande festival inntek dei store kunstinstitusjonane.
Boralis – festivalen for eksperimentell musikk i Bergen, ynskjer å vere sjangerfri, og på årets program er operaperformance, samtalar om afrikansk diaspora innanfor klassisk musikk, drone/støy/impro og nokon gamle kassettar frå Kairo blant stikkorda.
Konstruerte strukturer innanfor kjøn, opphav og stemmar vert satt spørsmålsteikn til, og gjennom kroppen skal me både sjå innover i oss sjølv gjennom yoga, boksing, feministiske korøvingar, men og retta blikket utover for å ta innover oss framtidas kriser og fortidas sår.
Lokala i år er meir tradisjonelle enn før, og mens me tidlegare har stått i tunnelar, pianoforretningar og havforskningsinstitutt, føregår det meste no i meir typiske musikk- og kunstinstitusjonar i Bergen.
Årets program utmerkar seg med ein gjennomgåande intensjon om å innvie oss i kunsten. Kode, Grieghallen og Bergen Kunsthall er stadar med høg dørterskel som det kan vere vanskeleg å trø over, så det vert spanande å sjå om yoga- og bokseworkshop gjer terskelen lågare eller høgare når matta rulles ut på tvers av Munch-utstillinga og kroppen får eit større nærvær mens hovudet og sko legges på hylla.

Performancekunstnar og slagverkar Jenny Moore, initiativtakar til det feministiske punkekoret F*Choir (Foto: Poppy Cockburn)
Kunst som kollektiv aktivitet
Som ein reaksjon på Brexit og med agenda om å utfordre strukturar, oppretta performancekunstnar og slagverkar Jenny Moore det feministiske punkekoret F*Choir. Koret tek oss med på ei rekke workshops som går under namnet Doing Not Saying; arkitekt, aktivist, kickboksar og F*Choir-medlem Sib Trigg invitera til bokseworkshop kvar lyd, spark og fysisk sjølvtillit står i fokus. Rubie og Moore utforskar kva det vil seie å synge sitt kjøn og om me kan omorganisera oss gjennom lytting og vibrasjonar.

Rubie Green, også frå F*Choir, utforskar saman med Jenny Moore kva det vil seie å synge sitt kjøn (Foto: Henry Mills)
Andre inkluderande tiltak er mentorprogrammet deira, barnevenlege Konsertsirkus! og det no årlege avslutningsbadet på Nordnes.
Nytt i år er samarbeidsprosjektet med AKKS for dei under 18 år, som lover eksplosivitet når universet undersøkast og performancekunstnar Beatrice Dillon og kunstnar Keith Harrison gjenskapar den stormfulle atmosfæren i verdsrommet. UFLAKKS altså.
Kunst(ig) strand og klimakrisa
Ei anna tendens i programmet er fokus på klimakrisa. Gjennom samtalar, BFOs tredje konsert i det firedelte prosjektet Neste steg – Klima og Avgardes refleksjonar rundt menneskets sameksistens med naturen, undersøkast det kva som er kunstens rolle i klimakrisa.
Det prosjektet som vekker mest nysgjerrigheit er imidlertid kunstverket Sun & Sea, som kjem rett frå Veneziabiennalen, kor den vant den prestisjetunge prisen Gulløven. Sun & Sea er ein operaperformance av Rugilė Barzdžiukaitė, Vaiva Grainytė og Lina Lapelytė som blandar musikk, teater og visuell kunst saman med cirka 20 tonn sand og «gir daglegdagse småhendingar meir og meir plass til ein djupare og meir grunnleggande bekymring rundt verdsomspennande, antropogene klimaendringar.» Under festivalhelga finner du den konstruerte stranda befolka av profesjonelle songarar som i ein gjentakande loop utspillar ei aukande krisesituasjon. Eit av årets beste kunstverk, ifølge Kunstkritikk.

«Sun & Sea» er ein operaperformance av Rugilė Barzdžiukaitė, Vaiva Grainytė og Lina Lapelytė, som blandar musikk, teater og visuell kunst saman med cirka 20 tonn sand (Foto: Andrej Vasilenko)
Skitten, industriell fetisjisme og annan dansbar musikk
Når Utmark x Borealis igjen tar over Landmark garanterar det ein bra kveld. Politiske, aktivistiske artistar som sprenger sjangrar og tek opp vanskelege tema på ein sterk måte når spesielt ut til unge. Ein viktig kveld for byen.
I år er det KZLK og kassettane hans frå Kairos undergrunnsmiljø som startar kvelden, etterfylgt av noiserappar MC Yallah frå Uganda som saman med den franske produsenten Debmaster gir oss skitten, industriell fetisjisme. Så om du vil danse (og ja, det vil du!) til kunst som stiller kritiske spørsmål til auka kommersialisering av den ekstremt populære egyptiske musikkstilen mahgaranat (electr-chaabi), so er det no.
Om ein heller vil sjå dans, er Carte Blanches bestillingsverk, Øy, inspirert av russiske skogs-hooligans, okkult horror, stille dagdrivarar, kammermusikk, musklar og fin kultur eit lovande prosjekt. Ole Martin Melands koreografi framføras til live elektronisk musikk frå Smerz.
Det er ingen overraskingar så vidt ein kan sjå med årets program, men den stadig meir inkluderande og deltakarbaserte tilnærminga er forfriskande og gjer problemstillingane som tas opp meir aktuelle og handgripelege.
Kunstnerisk leder av festivalen, Peter Meanwell, fortel at det ikkje bare handlar om kunsten, men også korleis den presenterast, og siterar Jean-Luc Godard:
The problem is not to make political films, but to make films politically.
Årets festival finn stad 4. til 8. mars, og her kan du sjå heile programmet.