Eit knippe F*Choir-medlem knytta saman av lys skapte stillheit i gangane på Naturhistorisk museum i Bergen (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Borealis 2020: Då outsiderane kom inn

Med intensjon om å etterlate eit publikum som føler seg styrka, driv Borealis med aktivisme på dansegolvet i prosjektet «Doing Not Saying».

Kalender

Legg til arrangement
Se alle

Borealis – a festival for experimental music in Bergen ynskjer å vera frampå både kunstnarisk og sosialt, og det siste året har dei samarbeida med aktivist og kunstnar Jenny Moore, som tok med seg sitt feministiske punkekor, F*Choir, til byen.

Det Londonbaserte F*Choir fungerer som ein fristad der alle kroppar kan møtast på korøvingar for å synge og diskutere politiske ueinigheiter.

Borealis set seg sjølv i ein sårbar posisjon då dei opent uttalar at dei pliktar seg til å endre organisasjonsstruktur, kjempe mot patriarkatet og rasistiske system. Vel og merke gjennom ein «livslang læringsprosess». Eit av tiltaka er prosjektet Doing Not Saying; ei rekke verkstadar, samtalar og framsyningar leda av Moore. Men kven er ho, og kven er F*Choir? Og var det nokon som nemnte ein feministmilitsia?

Ferdigprata – gjer noko!
Med det kunstnardrevne prosjektet til Moore utfordra ho i år festivalen til å prate mindre, og heller gjere meir. I kjent Nike-stil. Korleis kan ein endre strukturar og veremåte, utover å peike på, vedkjenne og prate om problema? Moore krevjar meir handling. Prosjektet er ulikt frå det eg har sett tidlegare på festivalen, og det tek litt gransking for å forstå konseptet.

Først – kven er Moore?

Moore er Borealis’ Artist in Residence gjennom 2019. Ho var også i byen under Bergen Assembly i 2016 med perkusjonsgruppa si, Charismatic Megaphauna, og under fjorårets Borealis stakk ho mellom anna hovudet under vatn i ei bøtte for å «utforske det fysiske og erotiske aspektet ved å nesten drukne og skrike inn i havet». Kunstnaren har ei stor evne til å engasjere folk, og prøver å endre struktarar i samfunnet gjennom aktivisme i form av å synge, omarbeide kjensler som har satt seg fysisk i kroppen ved å provosere fram skjelving (skjelveterapi), og ved å ta plass. Ho vil at dei utanfor, dei som ikkje får plass i samfunnets firkanta båsar, skal krevje sin plass, og innrømmer sjølv ei kjensle av å ikkje føle seg god nok, flink nok, viktig nok, passe nok. Men ho kastar seg ut i verda og krevjer sin plass.

LES OGSÅ meldinga «Sol, sjø og tankeløyse» under Borealis 2020.

I år tok ho med koret sitt, som farga festivalen gjennom veka. Det Londonbaserte F*Choir fungerer som ein fristad der alle kroppar kan møtast på korøvingar for å synge og diskutere politiske ueinigheiter.

Nok PK-ord – kva gjorde dei eigentleg?

Songar, kunstnar og F*Choir-medlem Rubie Green, her i rosa (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Borealis, Moore og F*Choirs hårete mål om å skape alternative, sunnare sosiale strukturar har resultert i verkstader innanfor yoga, boksing, symjing med film, lytteklubb og open korøving, men òg meir konkrete tiltak, som å kreve kjønsnøytrale toalett og rullestolvenlege arenaer under festivalen. Gjennom minst ein verkstad kvar dag, i tillegg til eit par framsyningar, fekk dei vist fram sitt mangfald.

Korsang på det naturhistoriske museet
Etter å ha starta av heile festivalen med ei yogaøkt på Kodes Verksted og allereie blitt oppfordra til å la oss sjølv døy for ei lita stund i savasana (yoga-positur som tyder «dødmannsstilling», red.anm.), er me no alle i live igjen på Naturhistorisk museum for opningskonsert.

Mens publikum vandrar rundt mellom studentar frå Griegakademiet spelande på utradisjonelle instrument og blant utstoppa dyr, står F*Choir i ei klynge i ein slags peptalk. Ein sjølvlysande tråd vart tend, og dei startar å smyge seg forbi oss, lavt nynnande over museets fuglekvitter, mot det fabelaktige inngongspartiet. Utstoppa fuglar heng frå det høge taket og beveger seg så vidt med luftstrømmingane. Koret tar sin plass oppover trappene, og me dras mot dei. Ofte minner kor om svevande andlet på svartkledde kroppar, mens denne gjengen representerer ulike individ med personlege klede og androgyne andlet og kroppar som utfordrar vår tendens til å anta andre sitt kjøn.

F*Choir på Naturhistorisk museum (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Ei gruppe som ikkje passar inn i dei normative båsane, men som tar rommet og tar plass med største naturlegheit. Dei har ein fyrrig «kva-faen-glor-de-på?»-haldning, og synger om å vere biologisk, vill og mikset. Det musikalske er i bakgrunnen, mens ideen og mangfaldet står i høgsetet.

LES OGSÅ anmeldelsen «Sax-appeal, fysisk arbeid og vakker pling-plong» fra Borealis 2020

Befri kroppen gjennom rørsle
Ein av prosjektets grunnsteinar er å tørre å ta plass. Derfor startar dagane med fysiske øvingar: Boksing, symjing og yoga står på programmet for å bygge opp ein fysisk sjølvtillit og å la kroppen lage lyd og ta plass.

Barføtte timar på KODE Kunstmuseum (Foto: Johanne Karlsrud / Borealis)

Mens me ligg i yogastillinga «barnet» og skal humme på utpust (Bhramari-pust) forstår eg kor festivalskada eg er då eg nesten høyrer humminga vår vert tilsett lyd og røystene bli ein del av eit større elektronisk verk. Det skjer ikkje. Men pusteteknikken skal roe nervesystemet, angst, sinne, insomnia og blodtrykk.

Det er litt som å vere på barneskulen igjen på gym. Eg hugsar sjølv ei stor gleda frå dei timane ein torde å sleppe seg fri, vere med på leken og ikkje la seg overkøyre av «dei flinke gutane».

Yoga på KODE (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Syng ditt eiget kjøn
Eg vert med på to andre verkstadar som er meir basert på vokal og synging. Den første leiast av både Moore og Rubie Green. I artistbioen beskrives Green som eit menneske som avviser binære skillelinjer og forsvarer det hen kallar «take both».

Med to lange musefletter og eit gigantisk smil leiast me av Green gjennom diverse øvingar. Me står mot kvarandre i ein stor sirkel, nærmare tjue deltakarar, og får beskjed om å lage ei rørsle og ein lyd som representerer det me føler akkurat no, i midten av sirkelen. Sirkelen gjentar rørsla og lyden, og det kjennast som me er på lag. Fotografane foreviggjer oss utanfor vår komfortsone, mens me får instruksar om å gjere andletet vårt så lite som mogleg, ved å trekke munnen inn, knipe att auga, for deretter å spytte ut tunga i eit forsøk på å gjere andletet vårt så stort som mogleg.

Bokseøkter var også del av verkstadene i prosjektet «Doing Not Saying» (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

Dei noko audmjukande grimasane stoppar ikkje folk frå å vere med, og det er mykje latter og raushet i rommet. Det som skal mjuke opp andletet og stemma før me skal synge, skaper òg ei kjensle av å vere på lag saman.

Ideen og fellesskapet er i høgsetet; mangfald, aksept, stoltheit, retten til å ta sin plass og til å høyre til ein plass.

Moore oppfordrar oss til å ikkje vere redd for våre eigne feil når me skal synge, og utdyp at ho føretrekker å kalle det å la lyden komme ut. Lyd er subjektivt, det er berre vibrasjonar i lufta, fortel ho.

La lyden komme ut. (Foto: Thor Brødreskift / Borealis)

Slutten på ein start
Dei avsluttar prosjektet, for no, med å ta over lokala i Kode 2. Igjen kjem koret ut i klede som uttrykker deira personlegdom. Det mørke rommet er svakt opplyst i regnbogefargar og førar tankane til Pride, den internasjonale feiringa av skeiv kjærleik og kjøns- og seksualitetsmangfald. Dette koret er nok ein viktig stad for mange, og ein kan sjå ei takksemd og beundring mot Moore.

Jenny Moores feministiske F*Choir (Foto: Johanne Karlsrud / Borealis)

F*Choir symboliserer ein trygg stad der alle er velkomne. Det er ikkje nødvendigvis det som skjer på scenen, resultatet om du vil, som er det viktigaste, men kjensla av å vere sterke og synlege. Og den kjensla og styrken trur eg fortset etter teppefallet. Ideen og fellesskapet er i høgsetet; mangfald, aksept, stoltheit, retten til å ta sin plass og til å høyre til ein plass.

Lyd er subjektivt, det er berre vibrasjonar i lufta. Moore

Eit anna tiltak som har oppstått i kjølvatnet av Moores prosjekt, er Feministmilitsen; ei gruppe kvinner, ikkje-binære og skeive menneske som gjennom ei rekke samlingar i 2019 har utvikla idear og levereglar som skal utgjere ein form for beskyttande hinne rundt festivalen. Saman med Borealis har dei forma ei kunngjering om korleis ein bør te seg i eit kvitt, kapitalistisk, patriarkalsk samfunn for å skape trygge rom for dei som ofte fell utanfor. Kunngjeringa er printa ut på raude ark og ligg synlege på Borealis’ arrangement. Det tettskrivne arket oppfordrar til å ikkje gjere opp meiningar om andre sitt kjøn, ikkje ta på nokon utan å spørje – det er deira kropp og deira val – og melde frå til militsen om ein er vitne til eller har kjenskap til vald eller trakassering under festivalen. Ein får òg tilbod om å kontakte Feministmilitsen om ein trenger nokon å gå saman med på festivalen, eller berre ynskjer seg ein edru ven.

Leiar av bokseøktene, Sib Trigg til venstre, og Jenny Moore til høgre, har synleggjort deira tilhøyrsle til Feministmilitisen med raude band rundt handa (Foto: Thor Brødreskift/Borealis)

På Borealisarenaene ligg det også små, rosa visittkort med ulike nødnummer (til krisesenter, Mental helse, legevakt og valdtektsmottak) som gjer at ein føler ein tryggleik på festivalen og eit nærvær frå militsen, Moore og Borealis. Moore seier at ho føler dette prosjektet ikkje som avslutta, men som ein aktiv prosess som snarare kan vere starten på noko. I kunngjeringa ytrar Feministmilitsen og Borealis ein vilje om å fortsette prosessen og skape ein praksis som når utover festivalen i årene framover. Dei vil nå ut forbi Borealis’ sfære og utover i Bergen. Det er hårete og idealistisk, men om det så kun vert synleg denne uka i mars, seier eg uansett, ja takk, meir av Moore.

Her kan du lese meir om Doing Not Saying-prosjektet, og om korleis Borealisfestivalen jobbar med å gjere noko, ikkje berre snakke om det.

Les også kunngjeringa frå Feministmilitsen og Borealis her.

Borealisfestivalen i Bergen 2020
Meldinga er basert på deltaking i Doing Not Saying-verkstader og -samlingar som vart arrangert gjennom festivalperioden, mellom 4. og 8. mars 2020.

Les meir om festivalen, programmet og Doing Not Saying spesielt på Borealis’ heimesider.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev