Reynols, Argentina

Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

– Fokuset under Borealis 2006 vil garantert bli splitta i to. Publikum blir nøydd til å navigere mellom ekstreme motpolar som kanskje står nærare einannan enn ein trur, seier Nicholas Møllergaug, som er kunstnerisk leiar for Borealisfestivalen i Bergen. – Ein utprega festivalkomponist frå Austarrike skal i nært samarbeid med Jon Fosse dele på merksemda saman med ein vindskeiv skrålande trioduo frå Argentina, meldar Møllerhaug. Borealis går av stabelen i veka 9. – 16. mars 2006.

Kalender

Only Connect Oslo 25.-27.- april

25/04/2024 Kl. 18:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT & ETTERFEST

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

Lørdagsopera

27/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

FIA OFIA – RELEASEKONSERT

27/04/2024 Kl. 20:00

Oslo

Av Nicholas Møllerhaug, Borealisfestivalen

Austarrikaren Haas har sidan 2003 arbeida nært med Jon Fosse. Saman skriv dei operaen ‘Melankolia’ – basert på romane Fosse skreiv om Lars Hertervig for nokre år tilbake. Dette er aller første gong Fosse skriv ein heil operalibretto – som i etterkant er omsett til tysk. Difor er det ein sensasjon på fleire måtar. Ein av dei mest eigenarta komponistane i Europa i dag skaper eit stort verk frå botnen av saman med fornyaren Fosse.

I desse dagar er det også klårt at operaen får premiere på Nasjonaloperaen i Paris juni 2007. Av denne grunn kjem Haas til Noreg ei veke før festivalen for å sitje i stilla ein stad og skrive på operaen. Festivalen forsøker no å innlosjere han og kona hans (som også er komponist) i Fartein Valen-heimen i Valevåg. Dette har Haas sjølv ytra ynske om – for å dykke ned i materien Fosse har gjeve han:

— Dette gler eg meg verkeleg til. Ei dobbel gåve å få vere over lengre tid på det norske vestlandet, fortel Haas.

— I mars vil eg vere djupt inne i operaskrivinga og vil få mykje ut av å vere på det norske vestlandet. Tenk å både få sjå Hertervig sine bilete, diskutere idear med Jon, undervise og lære av norske komponistar på Griegakademiet – samt berre vere i landskapet. Også er det stort å få høyre sin eigen musikk oppførd av mange forskjellige utøvarar. Eg gler meg til det te- ikkje minst fordi eg sjølv er ein mann frå djupt inne i innlandet i Austarrike – som trass alt er veldig fascinert av havet.

Det Haas ikkje veit, og som truleg blir like spektakulært og spesielt, er å dele på merksemda m.a. saman med den genunine argentinske skrålesambagruppa Reynols. Dette er eit band som har fans blant band som Anthrax og andre rockarar. Bandleiar er slagverkaren og komponisten Miguel Tommassin – som har downs syndrom. Dei to resterande bandmedlemmane Roberto og Anla – dei ‘normale’ i bandet har i ei årrekke gjort nett det Miguel har bede dei om. Miguel lagar låtane og Anla og Roberto framfører dei saman med Miguel og som duo.

Prosjektet heiter Reynols – og er ikkje berre legendarisk for sin vidopne musikk – Roberto og Anla er også kjende for sine unike evner til å få psykisk utviklingshemmede til å spele eksperimentell musikk. Difor har dei hatt workshops for nett slike musikarar over heile verda. Eit viktig utgongspunkt for at dette fungere så godt er at dei ikkje kallar dei psykisk utviklingshemmede men ‘special people’ konsekvent.

Ein slik konsekvent haldning og engasjement og eit hundretals plateutgjevingar har gjort Reynols til levande legendar. Sjølv om Miguel oftast held seg heime i Argentina under turneane (på grunn av ekstrem flyskrekk) er han med Roberto og Anla i ånda overalt. Fleire av våre framste lokale utøvarar innan eksperimentell musikk ser opp til Reynols og har hatt dei som ideal i ei årrekke. Særleg gjeld dette Jørgen Træen og John Hegre – sentrale i Bergensmiljøet. Dei har til og med spelt med Reynols heime i Argentina. Sist haust var dei to og Lasse Marhaug – aka Duperkammer – ein månad i Argentina. Då spelte dei m.a. direkte for 17 millionar argentinarar saman med Reynols. Det er også eit teikn på kor store Reynols er i heimlandet sitt.

Elles korar Reynols på spansk på ei av dei siste utgjevingane til Kaptein Kaliber – eit av dei andre prosjekta Hegre driv. Og det var sistnemnde og Lasse Marhaug som inviterte Reynols til Noreg i 2003. Då var Reynols også i Bergen for å spele konsert. I tillegg haldt dei ein rekke workshops for ‘special people’ i Bergensområdet – til stor glede for både argentinarane og ikkje minst dei lokale musikarane. Difor er det på tide dei kjem tilbake – slik at dei kan halde fram med samarbeidet. (Bergen kommune la også ut ei rekke bilete frå Reynolsbesøket sist dei var her – på sine heimesider.

Resten av Borealisprogrammet blir lansert stykkevis fram til mars 2006. Du kan lese meir om festivalen på http://www.borealisfestival.no

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.