Dette var første spørsmål ut på Ultima Academy, eit symposium som vil skapa samanheng mellom teori og praksis — og gje dialog — rundt musikken på festivalen.
Den nye musikken treng at nokon snakkar om den, og tilbyd ein diskurs. Slik sett er det også klokt at akademidagane starta med nettopp ein debatt. Men sjølve diskursen fekk nok litt for lite plass i arrangementet, som vart meir ein demonstrasjon av ulike praksisar i feltet, enn ein samtale om kva praksisane kan representera i eit større perspektiv.
Kroppen og det digitale
Stefan Prins i ensemble Nadar innleia, og grunngav bruken sin av teknologi som eit nesten ikkje-medvite val idet heile hans kreative liv har vore gjennomsyra av det digitale. Å kopla mange former for digitale uttrykk til musikken er heilt enkelt ein måte å gje kommentarar til røynda me lever i, til nettverk og virtuelle identitetar ein har og skapar, sa Prins.
Han viste døme på kunstnarlege uttrykk der livesituasjonen og prosesseringa av lyd og visuelle uttrykk smittar over i kvarandre, så det vert vanskeleg å seia kva som eigentleg kjem først og sist:
Alvise Vidolin, teknikaren til Luigi Nono, nytta innleiinga si til å fortelja om overgongen frå ein analog til ein digital prosessering av lyd, og om Nono sin motivasjon for i det heile å kopla elektronikk til den akustiske lyden. Til dømes ønsket om å finna måtar å utnytta og utvida heile det musikalske rommet på, og likeeins å undersøka kva som kunne skje i handsaminga og forsterkinga av ein svært svak akustisk tone.
Vidolin gav for øvrig eit raskt innblikk i noko av forskinga han sjølv har vore med på, som handlar om å seia noko om menneskeleg utøving frå eit digitalt perspektiv; kva som skjer reint teknisk når ein utøvar tolkar — og tangerte såvidt spørsmål om kva kan bruka denne kunnskapen til.
Der Vidolin i forskinga virka oppteken av å henta det kroppslege inn i det digitale, snakka Christian Blom om ein omvendt innfallsvinkel. Hans interesse for digitale verktøy kjem i første omgang av at dei gjev høve for å skilja musikken frå kroppen. Gestane våre låser oss til kroppen, og dette har naturleg nok forma musikk i mange år, påpeikte han. Men med utviklinga av det digitale er musikken løfta frå kroppslege hindringar inn i mentale høve.
— For meg er det eit fint utgangspunkt, også for å gå tilbake inn att i det menneskelege, sa Blom.
Skapar i lyttinga
Blom henta fram ein artikkel av Harold Bloom, som forklarer religionen ved at menneske er kreative i sine kognitive høve, og lagar mønster som ikkje eigentleg er der. Blom såg dette opp mot den abstrakte kunsten: Når ein lyttar til abstrakte uttrykk, vil ein leita etter mønster, og kanskje lytta inn ei eiga meining. Erkjenning av at lyttinga er ein kreativ prosess, gjev opning for at komponisten kan ta rolla som tilretteleggjar, sa Blom.
Fleire av hans arbeid handlar om å laga maskinar som set nokre premissar for prosessen, men som ikkje styrer prosessen i detaljnivå.
Både han og Robert Henke reflekterte over at dei mange digitale høva gjer utfordringa til eit spørsmål om å redusera. Ein vil unngå at verktøya formar kunstnaren meir enn kunstnaren brukar verktøyet
Peter Weibel provoserte panelet i siste innlegg då han forsøkte å forklara den digitale musikken i eit historisk perspektiv. Weibel peikte først på utviklinga frå ein intervallbasert harmonisk musikk til ein musikk som kan lagast av all slags lyd, slik me kjenner den frå Schaeffer, Cage etc; og der spørsmålet oppstår om korleis ein navigerer i eit udefinert univers av lyd. Weibel samanlikna dette med utviklinga av den digitale teknologien, som byggjer på talforståing og det å kunna manipulera tala.
Om eg forsto han rett, handlar perspektivet hans om at ein i omgrep må skilja mellom det musikalske rommet og det digitale. I det digitale rommet er det ikkje komposisjon, men tal, og dermed slutt på komposisjonen, sa han. Det å arbeida med digital musikk i dag, krev djuptgåande kunnskap til matematikk og programmering, og han ytra eit synspunkt om at den digitale musikken som abstrakt og på eit vis fjernt frå verda.
Kort diskurs
Dette siste innlegget førde til at den korte diskusjon sist på dagen dreia seg om grunnleggjande tema, om kva den digitale musikken er, og dessutan kva røynda er. For det er langt frå Weibels nokså reinslege syn på ein talbasert teknikk til Stefan Prins sitt arbeid, der det berekna uttrykke ikkje er poenget, men like mykje dei sosiale funksjonane rundt det, og den uklåre overgongen mellom eit abstraksjonar og det konkrete.
Det seier seg også sjølv at ein ikkje kan følgja opp praksisperspektiv som er lagt fram i dryge 2,5 timar, i ein bolk på knappe 20 minutt, og med tanke på den rike, kreative erfaringa som fanst i rommet, kom den korte diskusjonen nettopp altfor kort.
Kanskje kunne også paneldeltakarane fått meir spissa spørsmål gjennom innlegga dei gav. Det er krevjande å formulera noko teoretisk om sin eigen praksis — men desto større grunn til å skapa samtaler om kva som rører seg på feltet i eit estetisk perspektiv.
Slik samtale er sjeldan kost i det offentlege rommet. I så måte er det fint at dei siste dagane av Ultima Academy i stor grad består av samtaler mellom to, mange av dei med hakket meir spissa spørsmål.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.

En ny vår for norsk opera: To × opera off-Bjørvika
Ballades klassisk-anmelder Ola Nordal opplevde nylig operaene «Heroin Chic» og «Nokon kjem til å komme» på Parkteatret i Oslo. I denne dobbeltanmeldelsen prøver han å fange noe av det som skjer i norsk operaproduksjon.








































