— For Hardanger Musikkfest er det ei stor vinning at ein kapasitet som tidlegare kulturminister Åse Kleveland kjem inn som styreleiar, står det vidare å lese i pressemeldinga.
Vår tidlegare kulturminister Åse Kleveland er nå administrerande direktør for Svenska Filminstitutet, som forvaltar den samla svenske filmpolitikken. Ho er dessutan styremedlem i Stockholm Konserthus, som også omfattar Kungliga Filharmonikerna.
Åse Kleveland har tidlegare engasjert seg i utviklinga av kulturlivet i Hardanger og i utviklinga av dei unike industrielle kulturminna som regionen kan by på, fortel Hardanger Musikkfest.
— Derfor føles dette litt som å komme hjem,seier ho, og ser fram til eit fruktbart samarbeid med kunstnarisk leiar Stig Nilsson ,styret, dei involverte kommunane og dei mange entusiastiske støttespelarane.
Styret består elles av stortingsrepresentant Einar Steensnæs, adm.dir. Hans Petter Westfal-Larsen, informasjonssjef Knut Terje Solstad og ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge.
Hardanger musikkfest omtalar seg sjølv som «ein annleis musikkfestival», og har Stig Nilsson som kunstnarisk leiar.
— Storslagen natur, musikalske meisterverk framført av kunstnarar på nasjonalt og internasjonalt toppnivå, eineståande nærkontakt mellom utøvarar og publikum, sterk lokal forankring, særprega konsertstader og ikkje minst levande historiske tradisjonar, alt dette er med på å gjera Hardanger Musikkfest til ei makelaus musikalsk og kunstnarisk totaloppleving.
Under festivalen i 2004, som vart arrangert frå 27. til 31. mai, opptrådte mellom anna Grieg Trio, Vertavokvartetten, Liv Domersnes, Sølve Sigerland og Liv Glaser.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Å være musikalsk i et etisk perspektiv
Under festivalen "Ding-dong eller dong-ding?" 4. mars vil pianist Ellen Ugelvik og musikkterapeut Gro Trondalen utfordre publikum til å reflektere over hva det egentlig betyr å være musikalsk, også i et etisk perspektiv.

Norske arrangører om «de fire store» og internasjonal konkurranse
Får «de fire store» i livemarkedet for mye makt? NKA-lederen peker på maktskifter som kan skape en ubalanse i resten av feltet.












































