"Prisvinnerens originale komposisjonspraksis bidrar til å bevege musikkfeltet," seier juryen i si begrunning. Jan Martin Smørdal blei annonsert som vinnar av Arne Nordheims komponistpris 2022 på taket av Munch onsdag kveld av juryleiar Tanja Orning. (Foto: Sigrid Traasdahl / Ultima)

Arne Nordheims komponistpris 2022 til Jan Martin Smørdal

– Eg har kanskje gått sidelengs inn i det som kallast for samtidsmusikkverda, seier årets vinnar av Arne Nordheims komponistpris. Vinnaren blei annonsert på taket av Munch onsdag kveld.

Kalender

Sommerpønsj

01/07/2022 Kl. 19:00

Oslo

Rockeklubben i Porsgrunn 30+2 år 20. august!

20/08/2022 Kl. 17:00

Vestfold og Telemark

– Det var ei stor overrasking, og ei overveldande beskjed å få! Men eg er stolt. Det er så mykje som skjer i feltet dag, og mange som hadde fortent mykje ære og berømmelse.

Kultur- og likestillingsdepartementet deler ut prisen, og mellom Maja Ratkje mottok første Arne Nordheims komponistpris i 2001 til Kristine Tjøgersen i 2020 (prisen har blitt delt ut annankvart år sidan 2012) er lista lang: – Det kjennest flott å vere ein del av den lista, det er alle kunstnarskap eg likar veldig godt.

Jan Martin Smørdal (f. 1978) er ein komponist med ein breid musikalsk bakgrunn. Frå å gå utøvande ved NMH, og seinare spele med Jenny Hval, Hanne Hukkelberg og Jessica Slighter frå tidleg 2000-talet til å gradvis bli fulltidskomponist og mellom anna saman med fleire etablere kollektivet Ensemble neoN i 2008. Sidan har han hatt ein enorm verkproduksjon for solo, ensemble, orkester, kor og installasjonar, og musikken er fremført på sentrale arenaer i og utanfor Noreg.

I juryens grunngjeving heiter det mellom anna:
Prisvinnerens originale komposisjonspraksis bidrar til å bevege musikkfeltet – juryen mener han redefinerer og utvider komponistrollen, og han fornyer og forfrisker kunstmusikken med sin utforskende, vitale, vakre og fantasifulle musikk.

Juryen bestod i år av Tanja Orning som juryleiar, Trond Reinholdtsen og Sven Lyder Kahrs.

Det var ei udelt glede, men ei delt oppleving å motta prisen, fortel Smørdal: – Det er jo uvant å få så mykje merksemd når ein som komponist sit mykje aleine.

I intervjuet Ballade gjorde tidlegare i vår, snakka Smørdal nettopp om det å jobbe aleine og i stilla.
– Men når det er sagt er jo eg ein komponist som i overkant jobbar nært med utøvarar. For meg er det ein viktig del av prosessen min å jobbe nært saman med andre.

– Kva betyr det for deg å få ei slik anerkjennelse der du sit midt i arbeidet med musikken?
– Det betyr mykje. For min del består det å skape av enormt mykje usikkerheit og heile vegen måtte ta valg. Slik eg forstår Nordheimprisen, så er det ein pris som har eit overordna blikk på kunstnarskapet, noko som er spesielt fint.

Under Ultima 16. september vil prisvinnar Smørdal få ein portrettkonsert, og har med to nye verk til konserten.
– Eg tenkjer at den konserten både skal sjå bakover og framover.

Smørdal har travle dagar, og når vi spør kva han held på med om dagen svarar han med eit pust: – Oj, oj…

– Eg er heldig som har mykje bestillingar, mellom anna ein trio for harpe, slagverk og sopran, eit verk for kammerorkester og sekstett…ein saksofonkvartett, skriv eg på. Og så har det jo hopa seg opp med urframføringar etter korona. I september kan det bli fire urframføringar. Og det er ikkje fordi eg skriv raskare enn min eigen skugge, men rett og slett tilfeldigheiter og forseinkingar. 2022 er eit heilt uvanleg travelt år.

– Det virkar som mange har det slik i feltet…
– Ja, både musikarar og komponistkollegaer har det slik.

– Ja, og ein ting er utsetjingar, men i tillegg har ein kanskje kome litt ut av flyten – det er nesten eit sjokk?
– Ja, ein har på ein måte trykt på ei slags “handlingspause” i to år, og så er det ein gigantisk festival no på alle frontar. Og eg håpar at dei som kallast publikum er like svoltne som tilbodet tilbyr. 

– Denne tida er ei gylden moglegheit til å ta del, i staden for det motsette, å bli heime, som er lettare. Vi har liksom blitt vande med å halde oss heime. Vi må øve oss på å gå frå kjernefamiliekultur til storsamfunnskultur.

– Trivast du under arbeidspress?
– Det er eit vanskeleg spørsmål. Ja, eg gjer det. Eg trur dei som kjenner meg godt vil seie det. Dei som jobbar skapande som hovudaktivitet jobbar alltid under høgt press. Samtidig hadde det vore deilig å kunne ringt inn til sjefen og sagt at ein må ha ei veke for å hente seg inn. Men det er vanskeleg å prioritere.

– Men det er tosidig det der – eg jobbar betre under press. Eg er heilt avhengig av å ha fristar. Skal musikken ha eit liv etter meg, så må det leverast noko.

Å komponere er ein levande prosess for Smørdal: – Eg reviderer og reviderer og reviderer, og det er vanskeleg å sleppe det. Då er eg avhengig av ein deadline.

– Det er både veldig spennande og levande å ha det slik – og krevjande. Det at det er noko som må bli igjen etter at eg har prosessert det. Anten i form av lyd, note, instruks…eit eller anna må vere igjen. Enkelte komponistar har notasjon som språk og opplever det som opnande, men for meg er det noko som har opna seg for meg seinare. For meg har det alltid vore den direkte kontakta med musikarane som har vore viktigast.

– Det ligg ei kjensle av at notasjonen er avsluttande. Men det er jo noko eg vil få til også, å få til ein opnare notasjon. Eigentleg handlar det berre om at det er eit anna språk.

– Er det også slik at når du har levert det, så kjenner du at det er ferdig, eller er det slik at du sit i salen og “reviderer” inni deg?
– Ja, hundre prosent – kvar gong.

– Andre gongar har eg høyrt igjen verk eg ikkje var nøgd med i si tid, som eg i dag opplever at verkeleg var noko. Ofte er det for nært i tid til at det har blitt “tingleggjort”.

Smørdal gjekk på utøvande jazzgitar på Norges musikkhøgskole på slutten av nittitalet, men han søkte seg kjapt inn for å ta komposisjonsfag med professorane på skulen.

– Du skil deg kanskje også frå den lista når det kjem til bakgrunn? Det er kanskje ikkje så typisk samtidskomponistbakgrunn?
– Eg har kanskje gått sidelengs inn i det som kallast for samtidsmusikkverda. Men det er ein viss logikk som handlar om mi interesse for lydar. 

Sjølv om Smørdal jobbar på ein annan måte i dag enn den gangen, er det likevel ei nysgjerrigheit i botnen som har er lik som for tjue år sidan: – Det eksperimenterande og improviserande har eg halde på med heile vegen. Medan å spele konvensjonelt opplevde eg som konklusivt, og totalt uinteressant for meg.

– Gjennom å jobbe med improvisasjon ordentleg ser ein musikken både med mikroskop og med eit overordna blikk. Ein jobbar med dei minste mekanismene, spelet og samspelet sosialt. Også i god musisering med klassiske ensemble, forstod eg etterkvart.

Og igjen kjem Smørdal tilbake til den sosiale dimensjonen ved kunstnarskapet:
– Det som drog meg til det eg held på med i dag var nok interessen for nettopp det spelet. Sam-spelet. Det skjer noko relasjonelt og sosialt, der lydane og musikken blir eit resultat av det spelet mellom menneska.

Jan Martin Smørdal får prisen formelt utdelt under portrettkonserten 16. september, som del av Ultimas program.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Kommunikasjonsrådgiver

Norsk musikkråd

Administrasjonssjef

Norsk musikkråd

Virksomhetsleder ved Kulturskolen

Fredrikstad kommune

Gitarpedagog

Sør-Varanger kulturskole

Produsent

Nasjonal jazzscene

Vokalpedagog

Horten kulturskole

Daglig leder

Norske Kulturarrangører (NKA)

Kantor/organist

Østre Halsen menighet

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev